Storbritannia er i ferd med å bli invadert og kringsett av endelause bølgjer av innvandrarar, der mange har ureielege føremål. Det britiske politiet ser ut til å ha sin eigen måte å reagere på all kriminaliteten som innvandrarane forårsakar – dei lèt vere å arrestere dei faktiske gjerningsmennene, medan dei meir enn gjerne arresterer dei som protesterer over denne uretten. Kommentaren «Dette er Storbritannia i 2025!» passar dermed særs godt som ei skildring av denne absurde, orwellianske situasjonen.
Remix News rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Metropolitan Police i London har blitt skulda for å mislykkast i å beskytte folket etter at ein asylsøkjar innkvartert på Britannia Hotel i Canary Wharf tok seg inn i heimen til ei eldre kvinne utan lov – og vart sendt tilbake til hotellet utan å bli arrestert.
Hendinga fann stad 13.august, då politiet fekk beskjed om å rykkje ut til Marsh Wall klokka 18:07. Betjentar hevda i eit innlegg lagt ut på sosiale media at mannen tok seg inn på eigedommen via ei open dør medan han ‘vart følgt av ei gruppe menn’ i gata.
Politiet påstår at ingen intensjon kan provast, og mannen vart ikkje arrestert.
Derimot var responsen betydeleg annleis overfor demonstrantar som uttrykte sinne over innkvartering av asylsøkjarar i området. Tre demonstrantar utanfor innvandrarhotellet som stilte spørsmål ved kvifor mannen ikkje vart arrestert, vart sjølve pågripne – inkludert ei 22 år gammal kvinne som stod overfor fleire tiltalepunkt slik som åtak på ein vektar, å gå med eit åtaksvåpen, og slagsmål. Personane fekk pålegg om å forlate området med heimel i Section 35, noko som førde til at ein 28 år gammal mann og ei 57 år gammal kvinne vart arrestert for å ikkje etterkome pålegget.
Innlegget frå politiet har utløyst ei bølgje av fordømming frå kommentatorar og offentlege figurar. Firas Modad, ein programleiar ved Lotus Eaters, la ut på X: ‘Vent litt. Ein ulovleg innvandrar tek seg inn i ein heim. Tre menneske blir arresterte. Men ikkje den som tek seg ulovleg inn på privat eigedom?! Og personen som protesterte mot at han var der, vart straffa på strengast mogleg vis?» Han vendte seg til den britiske innanriksministeren Yvette Cooper, og spurde ho om ho kom til å krevje nokon avgangar frå politistyrken på grunn av saka.
Den britiske rettsadvokaten og kommentatoren Steven Barrett sa: ‘Takk, Evil Bot 3000, for forsøket. Men har du noko imot å fortelje herrane dine i Metropolitan-politiet at dette både er juridisk nonsens – og verkeleg djupt urovekkjande. Oppfør dykk som normale menneske igjen.’
Rory Reoghegan, grunnleggjaren av Public Satefy Foundation og tidlegare politibetjent, skreiv: ‘Ei polititeneste i verdsklasse ville ha anerkjent at dei treng å gjere meir enn å pumpe ut innlegg som dette. Kvifor er seniorbetjentar og kommunikasjonsteam i Storbritannia so redde for å halde skikkelege briefingmøte for media og folket?
Folk snakkar openlyst om faren for borgarkrig og at landet har ‘fått nok’ – men dei på hovudkvarteret trur svaret er nokre få tekstlinker?’
Den konservative politiske kommentatoren Sophie Corcoran sa: ‘So, de fortel meg at denne demon-liknande mannen, som vi veit ingenting om, kan spasere rett inn i leilegheita til ei dame og ikkje bli arrestert. Damer er fortapte.’
‘Metropolitan-politiet bekreftar at det at denne tingen tek seg inn i heimen din, ikkje er eit brotsverk. Men å vere sint på grunn av det er det. Dette er Storbritannia i 2025,’ la den nasjonalistiske aktivisten Tommy Robinson til.
Metropolitan-politiet seier at dei går gjennom opptak frå kroppskamera og anna bevismateriale, og skildrar hendinga som ‘ein kompleks serie av hendingar’.»
