Sjå òg «Meir enn 400 000 britar vil avskaffe Online Safety Act – meiner den skaper sensurregime», publisert 31.juli 2025.
Gigantaktørar innan sosiale media, slik som Facebook, Instagram, X og TikTok, risikerer no svære bøter fordi dei har vore litt vel ivrige i å sensurere innhald i kjølvatnet av innføringa av den britiske Online Safety Act. Lova som opphavleg – og visstnok – vart laga for å hindre at mindreårige får tilgang til sokalla skadeleg innhald, slik som pornografi, sjølvmord og vald, ser ut til å bli misbrukt for å fjerne lovleg, politisk innhald. Dei same selskapa har fått åtvaringar frå politisk hald om å ikkje misbruke lova til å undertrykkje ytringsfridommen. Og privatlivsinvaderande tiltak er allereie på plass for å gjere Internett «barnesikkert», slik som at 40-åringar må skanne ansikta sine for å bevise at dei er gamle nok til å høyre på skumle band på Spotify.
Laura Harris i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Sosialmediekjemper, inkludert Facebook, Instagram, X (tidlegare Twitter) og TikTok, blir truga med svære bøter for ‘overivrig’ sensur under Online Safety Act (OSA) i Storbritannia.
OSA, som nyleg tredde i kraft, er laga primært for å beskytte barn og sårbare brukarar frå eksponering overfor skadeleg innhald slik som pornografi, oppmuntring til sjølvmord og ekstrem vald. Derimot har innføringa av lova fått uføresette konsekvensar – slik som at lovleg politisk innhald og diskusjonar i folkets interesse blir undertrykt under i handhevingsprotokollar som er i overkant føre-var.
Regjeringsministrar har åtvara tech-gigantane om at dei ikkje får bruke lovverket som eit ‘ikkje-kvast verktøy’ for å undertrykkje politisk eller kontroversiell debatt, etter motbør frå kampanjeførarar og lovgjevarar om sosialmedieselskap som avgrensar tilgang til materiale, inkludert parlamentsdiskusjonar om sensitive tema slik som grooming-gjengar.
Ministrar er bekymra for at selskap, der mange har uttrykt skepsis overfor OSA, blir ‘overivrige’ i sin moderatorspraksis – og i enkelte tilfelle fjernar innhald som ikkje fell innanfor ramme til lovverket.
I tillegg har det britiske Department for Science, Innovation and Technology – som er ansvarleg for OSA – sagt at selskap må balansere si juridiske plikt til å beskytte barn mot skadeleg materiale, med si plikt til å oppretthalde ytringsfridommen. […]
‘So vel som juridisk plikt til å halde barn trygge, legg den same lova tydeleg og utvitydige plikter på plattformer til å beskytte ytringsfridommen. Å ikkje møte nokon av desse to pliktene kan føre til alvorleg straff, inkludert bøter på opptil 10% av globalinntekta eller 18 millionar pund [249 millionar kroner], kva enn av dei som er høgast,’ sa ein talsperson i departementet.
‘Lova er ikkje laga for å sensurere politisk debatt og krev ikkje at plattformer innfører aldersgrense på noko anna innhald enn det som utgjer dei mest alvorlege risikoane for barn, slik som pornografi eller sjølvmords- og sjølvskadingsinnhald.’
Regjeringa insisterer at OSA ikkje krev at plattformer fjernar politisk tale eller innfører aldersgrense på den generelle debatten, og dei forventar at selskap finpussar systema sine deretter.
‘Plattformer har hatt fleire månader på å førebu seg på denne lova. Det er dårleg service overfor sine brukarar å skjule seg bak tidsfristar som ei orsaking for å ikkje skikkeleg innføre den,’ la talspersonen til.
Vance åtvarar Storbritannia mot sensurens ‘mørke sti’
Under eit besøk til Storbritannia no i august, åtvara den amerikanske visepresidenten J.D. Vance britiske ministrar om at Storbritannia risikerer å vandre langs ein ‘mørk sti’ av sensur om dei held fram med å strupe internettlovverket. Vance sa at vestlege demokrati hadde blitt ‘altfor komfortable med sensur’, heller enn å engasjere seg i ulike synspunkt.
Julia Lopez, skugge-vitskapsministeren, gjentok desse bekymringane og åtvara at Labour-partiet må unngå å bruke lova som eit ‘ikkje-kvast verktøy’ som legg føringar på offentlege fridommar.
‘Regjeringa må gjere alt den kan for å sikre at lova ikkje blir eit ikkje-kvast verktøy for å blokkere folks fridom,’ åtvara ho. ‘Men med tanke på deira tilnærming og åtferd overfor ytringsfridom so langt, er det vanskeleg å tru at dei kjem til å gjere det rette.’
Forkjemparar for digitalrettar sa at effektane av lova allereie blir følt. Rebecca Vincent, interim-direktør i Big Brother Watch, sa at OSA sin ‘største effekt’ var på ‘alle sin rett til ytringsfridom’.
‘Internettsensur aukar raskt, og vi er no i ein latterleg situasjon der alle britiske internettbrukarar berre har tilgang til ein barnesikker versjon av nettet, med mindre vi er viljuge til å gjennomgå invaderande aldersverifiseringsprosessar,’ sa ho. ‘Uheldigvis har Vance rett når han seier at ytringsfridommen i Storbritannia er på veg bort.’»
Canada er òg i ferd med å innføre eit liknande lovverk, Bill C-63. Ein video om denne lova kan sjåast her.
