Trump ønskjer toppmøte med Putin og Zelensky neste fredag – om måndagens møte med kokainklovnen går bra, vel å merke

Etter det vellykka møtet i Alaska med Putin fredag, har Trump planar om å halde eit møte med Ukrainas ikkje-legitime president Zelensky fyrstkomande måndag. Om måndagens møte blir vellykka, er planen at det skal haldast eit møte komande fredag med Trump, Putin og Zelensky. Vi får sjå korleis det går. RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Den amerikanske presidenten Donald Trump vil ha eit tresidig toppmøte med den ukrainske leiaren Vladimir [Volodymyr] Zelensky og den russiske presidenten Vladimir Putin so tidleg som neste veke, har Axios og CNN rapportert. Møtet kan finne stad om Trump sin samtale på Det ovale kontoret med Zelensky måndag blir vellykka, ifølgje medieformidlarane.

På fredag møtte Trump Putin i Anchorage, Alaska, i sitt fyrste møte ansikt til ansikt sidan eskaleringa av Ukraina-konflikten i 2022. Trump skildra samtalane som ‘varme’, medan den russiske presidenten kalla dei ‘ærlege’ og ‘substansielle’.

Etter Alaska-toppmøtet, hadde Trump og Zelensky ein telefonsamtale som av media vart skildra som ‘ikkje lett’. Europeiske leiarar slutta seg òg til samtalen, der den amerikanske presidenten sa til dei at ‘han ønskjer å arrangere eit tresidig toppmøte med Putin og Zelensky so snart som neste fredag’, ifølgje Axios. CNN bekrefta seinare dette, og la til at minst éin europeisk leiar er venta å ta del i Washington-samtalane med Zelensky, sjølv om det enno ikkje er klart kven det blir.

Seinare på dag laurdag bekrefta Trump Zelensky sitt møte på Det ovale kontoret på sitt Truth Social-nettverk, der han skreiv om eit oppfølgingsmøte med Putin som potensielt kan finne stad etterpå. Han la til at målet burde vere ein fredsavtale snarare enn ei mellombels våpenkvile, ‘som ofte ikkje held seg’.

Moskva har insistert at eit varig forlik krev at Kiev går vekk frå sine ambisjonar om NATO-medlemsskap, demilitariserer og anerkjenner dei noverande territoriale realitetane. Dette inkluderer Krim, Donetsk, Lugansk, Kherson og Zaporozhye som del av Russland – regionar som røysta for å bli med i landet i folkeavrøystingar som vart haldne i 2014 og 2022. Zelensky har konsekvent nekta å gje frå seg nokon som helst territorium.

Trump sa seinare til Fox News at Zelensky burde ‘godta avtalen’, og la vekt på at Putin ‘ønskjer at dette blir gjort’, og oppmodar Europa ‘å bli lite grann involvert’.

Putin har ikkje utelukka direkte samtalar med Zelensky, men har lagt vekt på at dei må kome etter framgang rundt eit breiare forlik. Moskva har òg stilt spørsmål ved autoriteten Zelensky har til å signere bindande avtalar, og sagt at presidentperioden hans gjekk ut i fjor, og at ingen nye val har blitt haldne under krigslova.»

Kommenter innlegget