Noreg har alvorleg mangel på helsepersonell – sjukepleiarar og helsefagarbeidarar vel heller andre, LETTARE yrke

Sjå òg «Er helsesektoren for tung å jobbe heiltid i? Stadig fleire jobbar friviljug deltid», publisert 13.august 2025.

Vi har, for å underdrive kraftig, mangel på helsepersonell i verdas rikaste land. Tal frå Nav viser at det for tida er 3100 ledige sjukepleiarstillingar i Noreg. Samstundes viser ferske tal frå Norsk sykepleierforbund (NSF) at heile 17 000 (!) utdanna sjukepleiarar har funne seg andre jobbar. Éin av fem sluttar i jobben innan ti år. Forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen kallar det «sykt alvorlig». Sjukepleiarar som byrjar i yrket, finn fort ut at jobben er særs tung, og at bemanninga er so elendig at dei ikkje har ein sjanse i havet til å rekkje alle arbeidsoppgåvene, langt mindre gje god kvalitet på helsetenestene.

Ei av dei er den 23 år gamle sjukepleiaren Elise Møgster, som jobbar på Mildeheimen sykehjem sør i Bergen kommune. TV2 har intervjua ho og andre sjukepleiarar rundt om på Bergenssjukeheimar. Det dei fortel lover ikkje godt for framtida. På den relativt store sjukeheimen Mildeheimen har to sjukepleiarar ansvar for heile 72 pleietrengjande eldre i to ulike bygg. Med Elise sine eigne ord:

«Jeg har så lyst til å være der for dem, men klarer det ikke. Jeg kan ikke være alle steder samtidig. Det er det som er tyngst i dette yrket, at du ikke strekker til fordi du ikke kan være overalt […]»

Sjefen hennar Elisabeth Heggholmen, einingsleiar ved sjukeheimen, bekreftar at bemanninga er «marginal», og at sjukefråværet «er en kjempeutfordring». Mildeheimen har eit sjukefråvær på skremmande 20%.

På ein annan sjukeheim i Bergen, Skjoldtunet, har dei løyst bemanningsutfordringa ved å leige inn sokalla «servicemedarbeidarar» for å avlaste helsepersonell. Dei har, ifølgje einingsleiar Camilla Eide-Ellingsen «outsourca» oppgåvene. Takka vere desse servicemedarbeidarane, som strengt teke er eit nytt namn på pleiemedhjelparar eller ufaglært personale, er fråværet på Skjoldtunet blitt redusert med sju prosent, og er no under ti prosent.

Arbeidstilsynet har i år mellom anna fått 124 tips om kritikkverdige forhold på sjukeheimar, og seniorrådgjevar Secilie Høybakken Kui i Arbeidstilsynet seier at «kritikken blant annet gjelder arbeidstidsordninger, belastninger, tilrettelegging og ledelse».

Ein annan sjukepleiar TV2 har snakka med, er Camilla Skogmo på Skjoldtunet. Ho seier at «[d]et frister å gjøre noe annet. Jeg vil gjerne reise […].»

23 år gamle Elise seier at mange som har vore sjukepleiarar, sluttar og gjer noko heilt anna. Enkelte sit på kontor, eller jobbar som seljar. Elise sjølv vurderer òg å slutte i yrket etter berre to år som sjukepleiar.

Ei anna yrkesgruppe i helsesektoren som òg i aller høgste grad merkar den dårlege bemanninga og dei stadig sjukare og pleietrengjande målgruppene, er helsefagarbeidarar. Etter å ha slite seg ut i 14 år, tok helsefagarbeidaren Linda Jordet (34) frå Otta eit oppgjer med yrket i eit flammande innlegg på Facebook. I innlegget fortel ho korleis det var å jobbe i eit bukollektiv for demente i Sel kommune. Ifølgje Nettavisen, som har henta informasjonen frå Gudbrandsdølen Dagningen, bruker Linda «ord som ‘et helvete’, ‘uhørt’ og ‘umenneskelig’ om de siste årene, men mener situasjonen ikke er unik for kommunen».

Som helsefagarbeidar-Linda fortel vidare:

«Bare i min tid har det endret seg voldsomt. I starten hadde vi beboere som fungerte for egen maskin, som de skal gjøre i et bokollektiv for demente. De skal ha hjelp til tilrettelegging slik at de mestrer hverdagen sin. Jeg kunne ta med tre eller fire til Otta for å kjøpe is eller gå på kafé. De fikk det jeg mener de har krav på og fortjener. Men med årene har flere blitt sjukere og pleiebehovet mye større. Likevel følges det ikke opp med bemanning, ressurser eller bedre inndeling etter behov.»

I likskap med sjukepleiarane i Bergen, fortel Linda om ein arbeidskvardag «hvor det ikke går an å løpe fortere». Ei konstant kjensle av dårleg samvit, altfor mange arbeidsoppgåver (og stadig fleire av dei), og ikkje minst altfor dårleg dårleg bemanning. Med hennar eigne ord:

«Min arbeidsplass har vært en lukket avdeling, låste dører, med en god blanding av veldig langtkomne demente som trenger skjerming og ekstrem tilpasning, psykiatri og pleie. Flere rullestolbrukere og pasienter man må være 2 personell på. Mye stell, slutt på ‘tilrettelegging’: og ABSOLUTT IKKE bemannet deretter[…].»

Linda jobbar ikkje lenger i helsesektoren. Som ei av mange helsepersonell, har ho skifta fullstendig bransje. Den 34 år gamle helsefagarbeidaren jobbar no på Europris i Otta. Ho slit derimot framleis med belastningsskadar som ho fekk frå sine 14 år med umenneskeleg blodslit. Ho ser tilbake på sin tidlegare arbeidsgjevar med ikkje akkurat gode kjensler:

«Begrepet ‘fryktkultur’ er ikke en feil beskrivelse. Vi er innprentet med en lojalitetsplikt hvor vi stadig blir minnet om å ikke snakke negativt om arbeidsplassen vår. Jeg vet om flere som har prøvd å si fra, men som opplever at det blir ubehagelig etterpå. Jeg er i utgangspunktet en tøff type, jeg, men har ikke turt å legge ut noe om dette før nå.»

Kommuneleiinga i Sel ønskjer ikkje å kommentere Facebook-innlegget til Linda overfor lokalavisa. Det ønskjer heller ikkje hovudverneombudet. Hovudtillitsvalt for fagforeininga Delta i Sel, Cathrine Sletten, støttar derimot Linda. Ho trur at alle som jobbar innan helse og omsorg kjenner seg igjen. Som ho sjølv seier:

«Det er lite tid til pasienter, lite tid til omsorg og for få ansatte. Det jo dette vi prater om alle sammen. Eldrebølgen har vi visst om lenge. Det er ingen ‘kvikk fiks’, for det er økonomi det står på. Det vi får beskjed om er at det skal spares[…].»

Å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen er det mange som vegrar seg for å gjere. Enkelte arbeidsgjevarar tolkar slikt som brot på lojalitetsplikta, og vil ofte straffe hardt tilsette som vågar å snakke ut. Dei mange varslarsakene som Monsens revelje skriv om, er ei soleklar påminning om dette. Ordføraren i Sel kommune, på førespurnad om det er ein fryktkultur i kommunen, svarer:

«Det er synd om det er slik Linda tidligere har opplevd det.»

Helsefagarbeidar skal seiast å vere det nest vanlegaste yrket i Noreg – berre butikkarbeidar er vanlegare. Og helsefagarbeidar-Linda lever no Herrens glade dagar som Europris-Linda. Vil sjukepleiar-Elise føreta eit tilsvarande karriereskifte i næraste framtid? Høgst sannsynleg, for bemanningssituasjonen ser det ikkje ut til å vere nokon som vil gjere noko med. Det høyrest sikkert utruleg ut for visse arbeidsgjevarar, men det store fleirtalet av tilsette er faktisk ikkje interesserte i å ofre helsa si for jobben.

Sjå òg «Kommunal takksemd i praksis: Sleit seg ut på jobben – vart OPPSAGT», publisert 15.august 2025.

Kommenter innlegget