Fyllekøyring er ikkje eit uvanleg fenomen, og er ein særs farleg og uansvarleg ting å gjere. Ein skulle tru det var barnelærdom for folk flest at alkohol og bilkøyring ikkje høyrer saman, men dei mange notisane i aviser fortel ei anna historie. Det skjer daglegdags at folk blir stoppa etter underleg og uforsvarleg køyring, berre for å blåse raudt. Straffene i Noreg for å køyre med promille er strenge, om ikkje drakoniske. I andre land… Ikkje fullt so strenge. Og hjå enkelte folkegrupper er haldningane til ruskøyring desto meir liberale, som denne artikkelen vitnar om. Ein utanlandsk sjåfør på ein motorveg i Tyskland sette truleg både fartsrekord og promillerekord.
Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):
«Ein utanlandsk sjåfør med ein utruleg høg promille [engelsk BAC, blood alcohol content], ein som vanlegvis tek livet av folk flest, valde å køyre bilen sin i utrulege 220 kilometer i timen […] på den tyske Autobahn. Passasjeren hans hadde ein endå større promille.
Mannen køyrde langs A67 i sørlege Hesse og var so full at mesteparten av medisinsk litteratur indikerer at han burde vere død eller i koma.
Eit vitne følgde etter bilen og ringde politiet etter å ha merka at mannen køyrde i sikksakk mellom køyrefelta og køyrde på ein uberekneleg måte seint ein kveld.
Politibetjentar stoppa bilen, som hadde utanlandske skilt, og sjekka begge personane i bilen på ein parkeringsplass ved A5-motorvegen.
Utruleg nok hadde passasjeren i køyretøyet ein endå høgare promille.
‘Ein blåseprøve som vart utført på staden viste ein promille på 4,16 [!] for sjåføren, og ingen promille for passasjeren, sidan apparatet slår seg av om promillen er på 5 eller meir!’ skreiv politiet i ei melding, som inkluderte eit etterropsteikn for å indikere kor sjokkerte dei var. [Det er vel sjeldan kost å sjå etterropsteikn i ein elles nøktern politilogg! Oms.komm.]
Førarkortet til sjåføren vart straks konfiskert, og han vart pågripen.
Den tyske medieformidlaren Welt skreiv at ‘Det faktum at der var ingen skadar eller dødsfall, skuldast sannsynlegvis reine tilfeldigheita’.
I Tyskland har ikkje sjåførar lov til å køyre med ein promille på 0,5 eller høgare [i Noreg er promillegrensa, som alle burde vete, 0,2; oms.an.]. Ein promille på 1,1 er eit strafferettsleg brotsverk, sidan lova slår fast at det der er ‘ein absolutt mangel på evne til å køyre’.
‘Ein promille på over 4 utgjer ein akutt risiko for livet,’ skriv ADAC, den tyske bilforeininga, den største i Europa. ‘Viktige beskyttelsesrefleksar går tapt, dei som er påverka går i koma, og kan lide sjokk med stadig verre krinslaupssvikt, til og med fullstendig stans av pust og hjarte.’
Ein alkoholkonsentrasjon i blodet på meir enn 5, fører nesten alltid til døden.
Det faktum at passasjeren hadde ein promille på meir enn 5 og ikkje døydde, er oppsiktsvekkjande i seg sjølv.
Der er spekulasjonar om identiteten til utlendingane; derimot indikerer ikkje tyske media kva slags nasjonalitet dei har, eller kva slags land køyretøyet var registrert i.
Sjølv om ein promille på 5 høyrest utruleg ut, er det langt frå den høgste promillen som nokosinne er registrert. Ein påstand med dårleg kjeldegrunnlag hevdar at ein polsk sjåfør vart målt til utrulege 1,480 prosent [!!], som vart målt etter at han krasja bilen sin. Trass promillenivået overlevde han, berre for å døy seinare av skadar han pådrog seg i ulykka – og ikkje av sjølve alkoholen. Derimot hevdar Guinness’ rekordbok at den høgste promillen var 1,374 prosent, òg hjå ein polsk mann som overlevde, men som fekk alvorleg skade på sine indre organ.»
