Google krev aldersverifisering òg på søkjemotoren

Sjå òg «Sosialmediekjemper risikerer bøter på grunn av ‘overivrig’ sensur under den nye Online Safety Act», publisert 16.august 2025.

Under påskot av å beskytte barn mot skadeleg innhald, har fleire gigantselskap innført tiltak for å «verifisere» alderen på brukarane. Aldersverifiseringa er derimot ikkje absolutt, men «kickar inn» om brukaren viser åtferd som kan vere indikator på at vedkomande ikkje er vaksen. Vi klør oss i hovudet over dette resonnementet, og det gjer nok folk flest òg. Ken Macon på nettstaden Reclaim the Net skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Google utvidar sitt KI-drivne aldersvurderingssystem vidare frå YouTube og over til sjølve flaggskipet, søkjemotoren, noko som vekkjer bekymringar for brukarovervaking og den veksande avhengigheita av ikkje-gjennomsiktig algoritme-profildanning.

Teknologien, som visstnok skal føresjå alderen på ein brukar ved å analysere massive mengder åtferdsdata slik som søkjeord og sjåarhistorikk, har allereie utløyst vesentleg motbør.

Brukarar møter no aldersverifiseringsoppfordringar i Google Search.

Eitt individ skildra overfor Reclaim the Net at vedkomande vart beden om å verifisere alderen sin medan han/ho såg ein video på YouToube, berre for å få ein liknande førespurnad under seinare Google-søk.

Dette antydar at so fort ein brukar blir merkt for alderssjekk, kan kravet bli handheva over heile Google-profilen til vedkomande.

Medan dette nye trekket framleis er eit sjeldan syn på søkjemotoren, har brukarar lagt merke til kravet om meir data i EU. Det fulle omfanget av dette er framleis uklart.

Å integrere dette systemet i nettsøk kan få omfattande konsekvensar som går langt forbi åtferdsprofildanning. Rutinemessig tilgang til informasjon kan no bli kontrollert av vakter som ber ein bekrefte alderen, noko som gjer eit av verdas mest brukte verktøy på nettet om til ei meir avgrensa erfaring.

Google Search har allereie gjennomgått større endringar med innføringa av KI-genererte samandrag, ein overgang som har utløyst både bekymringar om brukarvennlegheita og konkurrering om merksemd. Potensialet for fleire forstyrringar og det faktum at Google no meir openlyst lagar profilar av brukarar, kan få fleire til å gå over til meir privatliv-vennlege alternativ

Kommenter innlegget