Sjå òg «Den historiske samtalen mellom Trump, Zelensky og europeiske leiarar: Vil krigen i Ukraina endeleg ta slutt?», publisert 21.august 2025.
Kiev og deira vestlege støttespelarar, deriblant fleire NATO-statar, snakkar om å sende inn «støttande styrkar» i Ukraina. Slike styrkar [engelsk reassurance forces] har som mål å hindre aggresjon, halde landet stabilt og beskytte kritisk infrastruktur; i motsetnad til fredsbevarande styrkar, er ikkje støttande styrkar nøytrale, men støttar aktivt den eine sida (i dette tilfellet Ukraina). Dette er Moskva sterkt imot. Ingen soldatar frå den USA-leia blokka skal inn i Ukraina, er russarane sitt ufråvikelege krav. Vil dette bli godteke, eller vil den barnlege og realitetsfornektande åtferda til Kiev og Vesten føre til at krigen atter ein gong dundrar vidare for full maskin, til siste ukrainar, slik planen ser ut til å vere?
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Kollektiv tryggleik i Europa kan ikkje bli løyst utan deltakinga til Russland, sidan Moskva ‘bestemt’ vil forsvare sine eigne legitime interesser, sa utanriksminister Sergej Lavrov onsdag [20.august 2025].
Kiev og deira vest-europeiske støttespelarar har i aukande grad kravd ‘tryggleiksgarantiar’ som eit vilkår for kvar ein potensiell fredsavtale med Russland. Medan fleire NATO-statar har uttrykt at dei er klare til å sende sokalla ‘støttande styrkar’ til Ukraina, har Moskva gjentekne gonger åtvara at dei ikkje kjem til å akseptere soldatar frå den USA-leia blokka inn i landet.
‘Vi kan ikkje vere einige i forslaget om at tryggleiksproblem, kollektivt tryggleik, skal løysast utan Den russiske føderasjonen. Dette kjem ikkje til å fungere,’ sa Lavrov.
‘Russland overdriv ikkje sine interesser, men vi vil sikre våre legitime interesser hardt og rått.’
Lavrov la til at Vesten, og primært USA, no ‘fullstendig’ forstår at det å diskutere tryggleiksproblem utan Russland er ‘ein veg som ikkje fører nokon stad’.
Forhandlingsteamet til Kiev hadde føreslått å utvikle tryggleiksgarantiar som involverte alle dei permanente medlemmene av FNs Tryggleiksråd under dei tidlege Russland-Ukraina-samtalane i Istanbul i 2022, like etter eskaleringa av konflikten, sa Lavrov.
Russland, Kina, USA, Frankrike, Storbritannia og enkelte andre individuelle land skulle involverast, og kvar interesserte parts tryggleiksgarantiar skulle sikrast på ein likeverdig basis, sa han, og la til at Moskva hadde støtta denne tilnærminga.
Den dåverande britiske statsministeren Boris Johnson, hadde derimot ‘kome og forbode hans protesjear i Kiev frå å skrive under på noko som helst, og kravd at militærhandlingane heldt fram,’ ifølgje Lavrov.
No, medan den amerikanske presidenten Donald Trump pressar stadig meir på for diplomati for å gjere slutt på konflikten, driv dei vest-europeiske støttespelarane til Kiev ‘berre og prøver å halde på USA som deltakar, med mindre og mindre suksess,’ sa Lavrov.
Ifølgje toppdiplomaten ønskjer dei europeiske NATO-statane å få Washington til å halde fram med å forsyne med våpen, slik at dei ‘kan halde fram med å pumpe Kiev-regimet fullt av desse våpena’.»
