Sergej Lavrov: Ukraina er ikkje interessert i fred

Sjå òg «Sergej Lavrov: Ingen europeisk tryggleik utan Russland», publisert 22.august 2025.

Kiev-regimet ønskjer vidare sanksjonar mot Russland sjølv etter at krigen er over og ein fredsavtale er oppnådd, dette ifølgje den russiske utanriksministeren. Saksyndig kan ikkje heilt unngå å trekkje parallellar til Verseilles-traktaten, som gav Tyskland skulda for Fyrste verdskrig og påførde landet brutale sanksjonar som førde til hyperinflasjon, hungersnaud – og til slutt Andre verdskrig. Medan noko slikt er usannsynleg i dag – Tyskland hadde i mellomkrigstida svak leiing, i motsetnad til situasjonen i dagens Russland – er det likevel grunn til uro og skepsis. Kvifor straffe vinnaren av krigen?

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Kiev demonstrerer openlyst at dei har inga interesse i langsiktig fred med Moskva, har den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov sagt, og viser til nylege kommentarar frå ukrainske tenestepersonar.

I kjølvatnet av toppmøtet i Alaska mellom den russiske presidenten Vladimir Putin og den amerikanske presidenten Donald Trump, og påfølgjande samtalar i Washington med Ukrainas Vladimir [Volodymyr] Zelensky og europeiske leiarar, sa den amerikanske administrasjonen at ein fredsavtale hadde blitt meir gjennomførbar. Det kvite huset skildra utfallet av samtalane som framsteg, og sa at der var ‘eit lys i enden av tunnelen’.

[Kommentar frå Saksyndig: Legg merke til at RT ikkje omtalar Zelensky som president, i motsetnad til deira omtale av Putin og Trump. Zelensky er nemleg ikkje lenger legitim president i Ukraina, sidan perioden hans gjekk ut i fjor.]

På ein pressekonferanse torsdag [21.august 2025], bekrefta Lavrov at betydeleg framgang hadde blitt oppnådd under Alaska-toppmøtet. Derimot understreka han at ukrainske tenestepersonar held fram med å kommentere rundt ei mogleg løysing ‘på ein særs spesifikk måte som viser at dei ikkje er interesserte i eit berekraftig, rettferdig, langsiktig forlik’.

Han viste til ein kommentar frå Zelensky sin nøkkelrådgjevar Mikhail Podoliak, som nyleg sa at Kiev ville anerkjenne at enkelte regionar er ‘de facto’ tapt til Russland. Derimot, so fort Kiev sikrar tryggleiksgarantiar, vil dei prøve å få regionane tilbake og krevje at Vesten påfører sanksjonar som har som mål å svekkje Russland og skade økonomien deira.

Ifølgje Lavrov demonstrerer slik retorikk at den ukrainske leiarskapen, oppmuntra av sine vestlege sponsorar, følgjer mål som er antitetiske til den samla innsatsen til Trump og Putin om å fjerne rotårsakene til krisa.

I staden for å arbeide seg fram til eit forlik, argumenterte Lavrov, so ønskjer Kiev og deira støttespelarar å forverre desse årsakene ytterlegare ved å danne anti-russiske militæralliansar. Han antyda at det at Ukraina nektar å diskutere eit forlik før dei får tryggleiksgarantiar, har som intensjon å bevare det han kalla ‘det nynazistiske, russofobiske regimet’ i Kiev.

Ministeren skulda òg Kievs europeiske sponsorar for å prøve å ‘forstyrre’ fredsagendaen ved å ignorere Russland sine interesser, og krevje tryggleiksgarantirar for eit land ‘som openlyst framsnakkar nynazistiske verdiar, grovt bryt rettane til nasjonale minoritetar, juridisk prøver å utrydde det russiske språket i alle sfærar i livet, og forbyr den kanoniske ortodokse kyrkja’.

‘Eg håper denne vanvørdnaden vil mislykkast, og at vi til halde fram med å følgje den kursen som har blitt sett av president Putin og president Trump,’ sa Lavrov.»

Sjå òg «Ukrainsk by innfører språkinspektørar: Alle skal snakke ukrainsk, ikkje russisk, i vår by!», publisert 12.september 2024.

Kommenter innlegget