Rebecca Mistereggen held historisk tale om den mørke sida til «mangfald»

Under Remigrasjonskonferansen (REMIG2025) arrangert av Noregsdemokratane, fann det stad utveksling av mange viktige ord mellom politisk og ideologisk likesinna. På grunn av høgst reell frykt for terroraksjonar og liknande fantestrekar frå deira politiske fiendar, valde Noregsdemokratane å halde møtestaden hemmeleg fram til dagen før. Resultatet vart ein på alle måtar vellykka konferanse.

Ei av dei som heldt tale, var Document-journalist Rebecca Mistereggen. Med ein synleg gravidmage stod ho på talarstolen og leverte ein mektig tale som gav tilhøyrarane gåsehud, og som ikkje berre påpeikte elefanten i rommet, men gav den eit høglytt klaps på rumpa.

UtenFilter publiserte ein artikkel om talen, der ein kan finne både videoen og hennar engelskspråklege tale. Saksyndig skal her ta ein gjennomgang av dei viktigaste punkta, og kome med eigne kommentarar.

Temaet for talen er innvandring – eller, rettare sagt, ukontrollert masseinnvandring der store delar av migrantane ikkje verkar nemneverdig interesserte i å lære norsk språk og kultur å kjenne, og iallfall ikkje bidra til samfunnet gjennom lønt arbeid og andre samfunnsnyttige aktivitetar. Ho fortel om sin eigen oppvekst på Oslos austkant, i eit innvandrartett nabolag. Allereie der skjønte ho at noko ikkje stemte.

Som ho fortel med sine eigne (engelskspråklege) ord (omsett av Saksyndig):

«Eg hugsar spesielt éin familie. Dette nabolaget husa folk frå Marokko, Alabania, Sør-Amerika – verkeleg, frå heile verda. Men der var òg ein særs stor muslimsk familie. På lokalt folkemunne vart dei kalla ‘Babushka-familien’ – oppkalla etter dei russiske dokkene – fordi der såg ut til å vere ei endelaus rekkje av barn, som alle såg like ut i ymse storleikar, med ei kronisk gravid mor.

[Babushka, med trykk på fyrste staving, er russisk for ‘bestemor’. Det korrekte namnet på slike russiske dokker med mindre og mindre dokker inni seg, er Matryoshka-dokker, матрёшка; oms.komm.]

Problemet var ikkje korleis dei såg ut, eller kallenamnet heller, for den del. Problemet var åtferda til gutane i den familien. Dei dreiv og kasta steinar på oss, trefte oss, og laga spetakkel kor enn dei fór. Denne familien skapte problem kor enn dei fór.

På den tida tok vi igjen. Dersom dei kasta steinar, kasta vi dei rett tilbake på dei. Ofte enda det med at ei gruppe vaksne kom strøymande for å ‘lære oss ei lekse’, ein endelaus straum av vaksne fetrar dukka opp, eller mora med ei panne, klare for å banke litt hemn inn i barna som ikkje aksepterte den valdelege åtferda til sonen hennar. Men ingenting alvorleg kom nokosinne ut av det – iallfall ikkje som eg veit om.»

Ho trekkjer frå dette barndomsminnet parallellar til måten innvandrarar blir beskytta på generelt. Denne «beskyttelseskulturen» seier ho hadde blitt institusjonalisert då ho byrja på ungdomsskulen. Ho fortel om vaksne afghanarar som vart sendt på norskkurs på eit senter ved hennar lokale skule, og korleis dei oppførde seg:

«Men desse mennene oppførde seg ikkje som klassekameratar, ei heller som normale menn for den del. Dei dreiv og følgde jenter inn på toaletta, klådde på puppane våre, og oppførde seg på måtar som var openlyst seksuell trakassering – fullstendig uakseptabelt mot 14- og 15-årige jenter. Eller mot alle kvinner, for den del.

Og når vi meldte frå om det? Vi vart rett og slett fortalt at vi måtte ‘forstå’ at dei kom frå ein annan kultur. Det var det.

Ingen beskyttelse for oss – berre for dei.»

Ho fortel vidare at innvandrarar frå visse land er overrepresenterte på kriminalitetsstatistikken, og kjem med statistikk som dokumenterer dette – i tillegg til fleire historier som viser ein tydeleg dobbeltstandard. Medan kvite, etniske nordmenn som blir overfalle og til og med drepne av innvandrarar stille glir inn i den kollektive gløymsla, blir innvandrarar (dei sjeldne gongene dei sjølv blir utsett for liknande) hylla med statuar, minneord og plass i lærebøker. Ho trekkjer fram Benjamin Hermansen, som var av afrikansk opphav, og som vart myrda av nynazistar i 2001. «Alle» har høyrt om han. Kven har høyrt om Håvard Pedersen og Marianne Haugen?

Når det gjeld vald og seksuell vald, dukkar ei viss gruppe «nordfjordingar» opp:

«Ei kald januarnatt i 2024, på ein avgangsklassefest i Nordfjord, fann ei frykteleg hending stad. Tre menn lurte ei 17 år gammal, kraftig rusa, norsk jente inn i bilen sin. Dei køyrde ho til eit jorde i nærleiken, der dei tre overfall ho seksuelt og audmjuka ho. Dei heldt hovudet hennar nede og kravde at ho kalla dei ‘daddy’, for so å valdta ho medan dei filma ho, før dei til slutt forlét ho på den våte isen heilt åleine.

Dei tre mennene vart av media klassifisert som nordfjordingar, altso ei etnisk norsk lokalfolkegruppe, slik som den walisiske guten frå Rwanda. Som Southport-barneslaktaren, var ikkje desse valdtektsmennene lokale i det heile teke, ei heller dei fire mennene som vart kalla nordlendingar etter å ha valdteke ei mor på eit busstopp i Nord-Noreg; dei var alle innvandrarar frå fjerne land. Sistnemnde frå Afghanistan, dei tre nordfjordingane, Somalia og ein arabar.

Trass at dei øydela livet til denne 17 år gamle jenta medan dei gav kvarandre ‘fist bumps’ og lo av ho i retten, var deira einaste bekymring relatert til fotballkarrieren deira, etter at media namngav dei og viste identiteten deira slik at heile verda såg det. Ingen anger, ingen empati.»

Ifølgje Rebecca har meir enn 100 nordmenn blitt myrda av innvandrarar sidan 1980-talet. Dette talet blir ignorert fullstendig. For enkelte liv er tydelegvis meir verdt enn andre.

Samstundes pågår det ei fjerning av kvite, ikkje berre frå bybiletet, men òg frå mediebiletet.

Sjå òg «Mangfald for alle… Bortsett frå kvite», publisert 27.september 2023.

Sjølve det norske blir gradvis viska ut, og «alle» synest det er greitt. Dei som ikkje synest det, blir stempla som rasistar. Særbehandlinga innvandrarar frå visse land får av politi og rettsvesen seier alt:

«Bodskapen er ikkje til å ta feil av: om du er nordmann og blir angripen, blir smerta din bagatellisert, gjerningsmennene dine orsaka, og lokalsamfunnet tagd. Men om du passar inn i det godkjende narrativet, blir du lønt – sjølv om heile historia er fiksjon.»

Hamse Ali får her passet sitt påskrive høgst velfortent. Han laug om at han hadde blitt overfalle av ein gjeng rasistiske nordmenn i Nygårdsparken, fekk ein parade for seg i same park og ein innsamlingsaksjon. Heile historia hans viste seg å vere usann, og politiet oppretta sak på han for falsk forklaring.

Sjå òg «Mange lurer på det: Kva skjedde EIGENTLEG med Hamse Ali i Nygårdsparken den natta?», publisert 26.november 2024.

Forskjellsbehandlinga ser ut til å gjelde på alle arenaer i samfunnet. Etniske nordmenn står på lange ventelister, både for å få Nav-ytingar eller naudsynlege operasjonar. Samstundes blir flyktningar frå Gaza og andre krigssoner medisinsk evakuert til Noreg, der dei sklir rett inn som fyrsteprioritet i helsekøar og andre køar. Dei vi importerer takkar oss ved å rane oss, valdta oss og myrde oss – og dei sendte i 2024 åleine heile 2,8 milliardar kroner til slekta i utlandet.

Ho peiker på det grunnleggjande problemet med den norske (vestlege) innvandringsmodellen:

«Problemet er hybris, ein global velferdsstat som berre norske skattebetalarar betaler for med våre hardt erverva skattepengar, blanda med ein kultur av dei som berre tek imot, og politikarklassen sin velvilje til å tvinge den på oss utan vårt samtykke. Det aller verste er frekkheita dei viser ved å fortelje oss at vi er vondsinna ekstremistar når vi seier ‘no er det nok’.»

Anders Behring Breivik blir brukt mot oss som trumfkort når vi protesterer. Faktum er at talet nordmenn som har blitt drepne av innvandrarar no er høgare enn talet drepne under Utøya-terroren – der forresten både kvite og innvandrarar vart drepne.

Talen til Rebecca Mistereggen gjev verkeleg gjenklang i veggane, men dei bakanforliggjande årsakene til den kritiske masseinnvandringa aner ein berre toppen av isfjellet av. I det høvet trekkjer Saksyndig fram ein kommentar skrive av Northern Light i ein Derimot-artikkel om konsekvensane av ukontrollert masseinnvandring, publisert på nettstaden 23.august 2025:

«Omkvedet er at innvandringen til Vesten er på grunn av negative fødselsrater hos vertbefolkningene, befolkningsunderskuddet må erstattes, og de erstatter de som faller for aldersgrensen i arbeidslivet. Da skulle en tro at innvandrere som integreres ville bli foretrukket, som kan kvalifiseres til et vestlig arbeidsliv, klarer utdanningsløpene til de tekniske fag som kreves for produksjon, og for administrasjon. Innvandrere fra land og kulturer som ikke samler seg i parallelsamfunn, men også assimileres.

Etter 50 år med innvandring vet vi at innvandrere fra Nord-Amerika, Øst-Asia, Øst-Europa, Russland og India, svarer til dette. Ofte går de rett inn den produktive delen av økonomien, og barna deres klarer utdanningsløpene like bra om ikke bedre enn vertbefolkningene. De lærer vertslandenes språk raskt, og tilegner seg læring og kunnskaper fra første skoledag.

Likevel er det innvandring fra MENA (Middle east/North Africa)-land som får førsteretten til statsborgerskap med alle rettigheter i vertslandene, enda det var klart helt fra første tiåret at de samler seg (og får lov til det) i parallelsamfunn, og altfor få kan kvalifiseres til et europeisk arbeidsliv. For få av deres barn lærer ikke vertslandenes språk før de begynner i grunnskolen, og altfor mange forlater grunnskolen som funksjonelle analfabeter. De blir i parallelsamfunnene, og er overrepresentert på kriminalitetsstatistikkene til en enorm kostnad for vertslandene.

Innvandrere fra MENA-land får førsteretten fordi de får flyktningstatus fra UDI, enda det er klart at de fleste er økonomiske innvandrere. Utenriksdepartementene vet for eksempel at 62 prosent av innbyggerne i Somalia er analfabeter, og når de gis flyktningstatus og statsborgerskap med alle rettigheter, som betyr gratis bolig til flere millioner til odel og eie, innredet med møbler, hvitevarer, brunevarer til flere hundre tusen, og sosiale ytelser som svake grupper av vertbefolkningene bare kan drømme om – enda de fleste aldri vil komme ut i den produktive økonomien, vil innvandringen fra MENA-land bare belaste den passive økonomien.

[…]

Det har vært enkelt for finanskapitalens politikere i debattprogrammer i primetime om temaet, det eneste de behøver å ha med seg i verktøykassen, er rasismebeskyldninger mot meningsmotstandere. Det er finanskapitalen som står bak, som George Soros, bare en av mange, men som har bitt en frontfigur. […]

Masseinnvandringen fra MENA-land til vestlige land er en sentral del av finanskapitalens globalistiske strategi. Den skal utmatte landenes økonomier til statsgjelden ikke kan tilbakebetales, og kreditorene kan ta landenes landressurser som betaling. Masseinnvandringen utvisker nasjonal identitet, ødelegger arbeidsmarkedet og velferdssystemene, som finanskapitalen vil privatisere. Finanskapitalen vil at hele verden skal bli et frihandels område, og vil ikke at landegrenser og folkevalgte regjeringer skal stå i veien for finanskapitalen. […]»

Kommenter innlegget