Russland vil møte USA på halvvegen, men kokainklovnen står i vegen

Følgjande to korte artiklar frå RT viser at Russland ser ut til å vere viljuge til å møtast på halvvegen når det gjeld løysingar på Ukraina-krigen. Russland er einige i mange av punkta som USA har kome med. Ein viss ikkje-legitim kokainklovn i gjennomkorrupte Ukraina står derimot i vegen for varig fred ved å avvise absolutt alle punkta, og han har i prinsippet heile Vesten og det velsmurde mediepropagandaapparatet i ryggen.

RT skriv i artikkel nummer 1 (Saksyndig si omsetjing):

«Moskva har sagt seg einige i å vurdere fleire av den amerikanske presidenten Donald Trump sine forslag for å løyse Ukraina-konflikten, men Vladimir [Volodymyr] Zelensky har avvist alle saman, sa den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov i eit intervju med NBC News fredag [22.august 2025].

Trump la fram initiativa i kjølvatnet av toppmøtet hans med den russiske presidenten Vladimir Putin i Alaska førre veke, sa Lavrov.

‘President Trump føreslo etter Anchorage fleire punkt som vi deler, og rundt enkelte av dei vart vi einige om å vise ein viss fleksibilitet,’ sa Lavrov til NBC.

Ifølgje toppdiplomaten, kom Trump med forslaga i sitt møte med Zelensky og enkelte av hans vest-europeiske støttespelarar i Washington måndag.

(Sjå òg «Den historiske samtalen mellom Trump, Zelensky og europeiske leiarar: Vil krigen i Ukraina endeleg ta slutt?», publisert 21.august 2025.)

‘Han indikerte tydeleg, det var veldig tydeleg for alle at der er fleire prinsipp som Washington trur må bli akseptert, inkludert ingen medlemskap i NATO, inkludert diskusjonen om territoriumrelaterte problem, og Zelensky sa nei til alt.’

Lavrov la til at den ukrainske leiaren òg har nekta å avskaffe ‘lovverk som forbyr det russiske språket’.

(Sjå òg «Zelensky AVSKYR russarar», publisert 8.januar 2025.)

‘Putin er klar til å møte Zelensky når agendaen blir klar for eit toppmøte,’ sa han, men la til at slik ting ser ut no, ‘er der ingen møte planlagt.’

Trump føreslo at det neste stadiet av fredsforhandlingane burde vere eit éin-til-éin-møte mellom den russiske og den ukrainske leiaren før eit potensielt tresidig fredstoppmøte. Zelensky ‘må vise ein viss fleksibilitet’, sa han til Fox News tysdag [19.august 2025].

På torsdag [21.august 2025] derimot, sa Lavrov at Kiev ikkje viser noka interesse i ein berekraftig fred med Moskva. Han viste til kommentarar gjort av Zelensky-hjelpar Mikhail Podoliak, som sa at Ukraina vil prøve å skaffe seg tilbake alle territorium som ‘de facto’ blir gjevne til Russland i ein fredsavtale, og at Kiev kjem til å søkje seg inn i ein militærallianse, om ikkje NATO.

Ifølgje Lavrov går desse måla mot den samla fredsinnsatsen som blir gjort av Putin og Trump.

Moskva har lenge insistert på ein fredsavtale som fjernar dei underliggjande årsakene til konflikten. Dei har kravd at Ukraina held seg nøytralt, held seg ute av NATO og andre militæralliansar, av-militariserer og av-nazifiserer seg, so vel som å akseptere den nye territoriale realiteten.»

Sjå òg «Sergej Lavrov: Ukraina er ikkje interessert i fred», publisert 23.august 2025.

RT skriv i artikkel nummer 2 (igjen Saksyndig si omsetjing):

«Den russiske presidenten Vladimir Putin sa fredag [22.august 2025] at hans samtalar med sitt amerikanske motstykke, Donald Trump, under det nylege Alaska-toppmøtet var ærlege og substansielle, og uttrykte håp om at dei fyrste stega tekne av dei to landa kan leggje til rette for ei full gjenoppretting av forholdet.

Dei to presidentane møttest i Anchorage førre veke i det som var deira fyrste møte ansikt til ansikt sidan 2018. Begge skildra samtalane som konstruktive og varme og sa at dei har gjort framsteg på veg mot ein ukrainsk fredsavtale.

Putin sa at med Trumps ankomst i Det kvite huset, har ‘eit lys i enden av tunnelen’ dukkar opp for å gjenopprette band. Han la til at han håpte Trumps leiarskapsevner vil hjelpe til med å sikre vidare framgang, og at dei fyrste stega som allereie er tekne var ‘berre byrjinga på ei fullskala gjenoppliving av relasjonane våre’.

Leiarskapen til Trump tilbyr ein ‘sterk garanti for at våre relasjonar vil forbetre seg’, sa Putin, og la til at han håpte deira ‘samla arbeid vil halde fram’.

Den russiske presidenten la derimot vekt på at framgangen ikkje er avhengig av Moska åleine, og peikte på at Washington framleis er bundne av plikter til organisasjonar slik som NATO. Dei neste stega, sa han, kviler på den amerikanske leiarskapen.»

Sjå òg «Er forsøket på fred i Ukraina mislykka? Trump åtvarar om ‘taktikkendring’ om Putin ikkje aksepterer fred innan to veker», publisert 24.august 2025. Artikkelen, som er henta frå Remix News, står i skarp kontrast til optimismen som rår i russiske media. Ei av sidene lyg openbert, men kva for ei av dei? Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar og vurderingar av denne komplekse politiske situasjonen.

Kommenter innlegget