Korleis sluttresultatet til Ukraina-krigen kan øydeleggje det politiske sentrum i Europa

Det som hovudstraumsmedia i forakt kallar «ytre høgre» vinn stadig meir oppslutning blant befolkninga i Europa. Ytre høgre- og populistparti ligg no på toppen i spørjeundersøkingar i land som Tyskland, Frankrike og Storbritannia, og dette signaliserer eit historisk skifte i europeisk politikk. Dei etablerte partia i Tyskland, Frankrike og Romania har brukt alle triks i ermet for å blokkere det som blir kalla Den nye høgresida frå å kome til makta. Folk flest har mist tilliten til dei etablerte partia på grunn av av-industrialisering, energikriser og ukontrollert masseinnvandring. Dei har heller vendt seg til politiske alternativ som tilbyr noko betre. Om Den nye høgresida kjem til makta, kan dette fullstendig forvandle EU sin politikk rundt Russland, innvandring og suverenitet, og det etablerte politiske sentrum vil misse grepet.

Snakkar ein fyrst om Russland, kan ein russisk siger i Ukraina svekkje narrativa frå det politiske sentrum, eksponere all kriminaliteten i den supranasjonale djupstaten og vesentleg styrkje truverda til denne nye høgresida.

Willow Tohi i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«For fyrste gong i moderne historie leiar ytre høgre- og populistparti samstundes spørjeundersøkingar i dei tre største økonomiane i Europa: Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Denne seismiske forskyvinga, driven av veljarmisnøye rundt innvandring, økonomisk nedgang og Ukraina-krigen, trugar med å plukke frå kvarandre sentrumsetablissementet som har dominert europeisk politikk i fleire tiår. Spørsmålet er ikkje lenger om Den nye høgresida vil kollapse – men når den vil kome til makta, og kva det inneber for eit kontinent som er på randa av kollaps.

Utløysaren? Den nært føreståande slutten på Ukraina-krigen. Medan russiske styrkar slår ring om det dei har vunne, og vestleg støtte til Kiev er på veg ned, kan sluttresultatet til konflikten gje eit dødeleg slag til sentrumselitane i Europa. Narrativet deira – bygt på frykt for russisk aggresjon, ukontrollert militarisme og økonomiske sanksjonar – held på å falle frå kvarandre. I mellomtida vinn Den nye høgresida sine krav om realisme, suverenitet og forhandlingar med Moskva terreng. Dersom det blir fred på Russland sine vilkår, som no verkar uunngåeleg, kan det politiske jordskjelvet i Europa bli ugjenoppretteleg.

Siste utveg for Sentrum: Jukse i spelet

Etablissementet i Europa har lenge behandla Den nye høgresida som ein eksistensiell trugsel – ein som skal haldast nede for ein kvar pris. I Tyskland har Alternative für Deutschland (AfD) blitt systematisk ekskludert frå koalisjonar gjennom ein uoffisiell ‘brannvegg’, trass at dei har vunne 26% i nylege spørjeundersøkingar. I Frankrike har president Emmanuel Macron si Sentrumsblokk manipulert valreglar for å blokkere Marine Le Pen sin Rassamblement National (RN) frå makta. I Romania gjekk Sentrum so langt som å ty til juridisk krigføring, då dei diskvalifiserte ein presidentkandidat frå Den nye høgresida på tvilsamt juridisk grunnlag.

Likevel slår desse taktikkane tilbake på dei sjølve. Veljarar ser gjennom lureriet. Som historikaren Tarik Cyril Amar skriv, ‘Kor mykje meir av denne forma for manipulasjon før ordet ‘demokrati’ taper all tyding det framleis måtte ha?’ Desperasjonen til Sentrum er openberr: dei herskar mot viljen til folket.

  • Tyskland sine ‘tapte’ stemmer: Fleire tusen røystesetlar for venstresidepartiet BSW forsvann på mystisk vis, noko som sikra at Sentrumskoalisjonen heldt på makta. Ei landsomfattande oppatt-teljing har blitt sett på vent.
  • Frankrike si valkrinsmanipulering: Macron-regjeringa delte inn valdistrikt for å forminske påverknadskrafta til RN; likevel leiar partiet til Le Pen spørjeundersøkingar på 34% – det dobbelte av støtta til Macron.
  • Oppblomstringa til Reform UK i Storbritannia: Partiet til Nigel Farage, som no ligg på 20% i spørjeundersøkingane, har gjort seg store på frykt for innvandring og økonomisk stagnasjon, og posisjonert seg sjølve som den verkelege opposisjonen til sentrumsortodoksien til Labour.

Bodskapen er tydeleg: veljarane i Europa avviser den noverande ordenen. Og slutten på Ukraina-krigen kan vere siste spikaren i Sentrumskista.

Fred i Ukraina: Utløysaren for kollapsen av Sentrum

Sidan 2022 har Europa sine sentrumsleiarar satsa alt på Ukraina-siger. Dei svidde av hundrevis av milliardar på våpen, sanksjonar og propaganda; alt dette medan deira eigne økonomiar vart av-industrialiserte, energiprisar skaut til himmels, og levestandarden stupte. No, når Donald Trump har tenkt å kutte i amerikansk bistand og russiske styrkar avanserer, er slutten på krigen nært komande – og det vil bli Moskva sin siger, ikkje Kiev sin.

Denne realiteten skremmer Sentrum. I årevis har dei sverta Den nye høgresida som ‘handdokkene til Putin’, og brukt krigen til å rettferdiggjere sensur, militarisering og økonomiske offer. Men om freden bryt ut – på Russland sine vilkår – so kollapsar heile narrativet deira.

  • Slutten på krigsskremsel: Sentrum vil ikkje lenger kunne piske opp frykt om russiske stridsvogner som rullar inn i Berlin. Argumentet til Den nye høgresida – at diplomati, ikkje endelause krigar, tener interessene til Europa – vil vinne truverd.
  • Eksponering av krigsdumskap: Etterforskingar rundt korleis konflikten vart forlenga – ved å blokkere forhandlingar i 2022, væpne Ukraina med ingen veg til siger, og slå konkurs økonomiane i Europa – vil øydeleggje truverda til Sentrum.
  • Reinvasking av Den nye høgresida: Parti som AfD, RN og Reform UK, som har vore motstandarar av våpenleveransar og kravd forhandlingar, vil få rett. Deira realistiske utanrikspolitikk vil bli den nye hovudstraumen.

Som Alice Weidel, medleiar i AfD, nyleg skreiv på X: ‘Den tyske regjeringa sin aggressive kurs og sløsing av milliardar på å væpne Ukraina må ta slutt. Vi treng ein utanrikspolitikk basert på tyske nasjonalinteresser, ikkje dei til Washington.’ So fort krigen tek slutt, vil hennar posisjon bli ustoppeleg.

Økonomi- og innvandringsbomba

Den nye høgresida sin framgang handlar ikkje berre om Ukraina. To djupare kriser er kjelde til populistraseri: økonomisk øydelegging og masseinnvandring.

  1. Av-industrialisering og energikollaps.
    1) Det industrielle bidraget til Tyskland har stupt på grunn av sanksjonar mot russisk gass, noko som har tvinga fabrikkar til å flytte til USA eller Asia.
    2) Frankrike står overfor jamlege straumbrot fordi atomkraftverk blir eldre og energikostnader går i taket.
    3) Den britiske etter-Brexit-økonomien har stagnert, og reallønna er lågare enn i 2008.
  2. Innvandringskruttønna.
    1) Meir enn 10 millionar migrantar frå Afrika og Midtausten har teke seg inn i Europa sidan 2015.
    2) Sverige, Tyskland og Frankrike slit no med no go-soner, belastning på velferdssystemet og kulturkollisjon.
    3) Når vinteren no nærmar seg, risikerer heimlause migrantar i Nord-Europa – som ikkje er førebudde på kaldt klima – å fryse, noko som utløyser sosial uro.

Responsen til Sentrum? Meir strengheit, meir opne grenser og meir dydsposering. Løysinga til Den nye høgresida? Stengde grenser, økonomisk nasjonalisme og energi-uavhengigheit.

Framtida: Eit nytt Europa eller eit siste gisp frå Sentrum?

Dei neste to åra vil avgjere lagnaden til Europa. Val i Frankrike (2027), Tyskland (2025) og Storbritannia (2024-25) kan sende Den nye høgresida til makta. Dersom det skjer:

  • vil NATO sin Russland-politikk endre seg: Nye høgre-regjeringar vil krevje forhandlingar med Moskva, noko som gjer slutt på Den kalde krigen 2.0, som har ruinert Europa.
  • vil EU sitt opne grenser-dogme bli knust: massedeportasjonar, asylsøkjarreformer og grensemurar vil bli politikk.
  • vil velferdsstaten bli reformert: pensjonar, helseomsorg og subsidiar vil prioritere innfødde over innvandrarar, noko som reverserer fleire tiår med Sentrumsortodoksi.

Likevel kjem ikkje Sentrum til å døy stille. Dei vil bruke kvart eit verktøy – sensur, juridisk trakassering og sverting i media – for å halde på makta. Kampen om Europas sjel har byrja.

Oppgjeret: Når demninga endeleg sprekk

Europa står ved eit vegskilje. Nederlaga til Sentrum – økonomisk ruin, innvandringskaos og ein tapt krig i Ukraina – har kledd dei nakne. Den nye høgresida, ein gong i tida avvist som ein utkant, tilbyr no det einaste koherente alternativet: nasjonalisme, realisme og suverenitet.

Slutten på Ukraina-krigen kjem til å bli vendepunktet. Når freden kjem, vil Sentrum sine løgner om Russland, deira feilhandtering av økonomien og deira bedrag av demokratiet bli eksponert. Augneblinken til Den nye høgresida vil kome – ikkje som ein revolusjon, men som ein uunngåeleg korreksjon.

Som Nigel Farage åtvara i ein nyleg tale: ‘Etablissementet har fått sin sjanse. Dei mislykkast. No er det vår tur.’

Framtida til Europa ligg ikkje lenger i hendene til elitane. Den høyrer til folket – og dei krev endring.»

Kommenter innlegget