Danmark nektar å behandle pasientar frå Gaza: Statsminister fryktar at familiegjenforeining kan trekkje til seg fleire palestinarar

På grunn av Israels folkemord i Gaza, blir sjuke og sårbare palestinarar medisinsk evakuerte (Medevac) og sendt til ymse land i Europa. Til dømes bestemte Regjeringa å tilby medisinsk evakuering for inntil 20 pasientar frå Gaza i 2024, og inntil 100 personar totalt «inkludert medfølgende». Palestinarane lét vente på seg på grunn av stengt grense mellom Gaza og Israel/Egypt, so kvoten vart overført til 2025.

Kjelder som Saksyndig har snakka med, seier at denne kvoten på 20 pasientar (100 med pårørande) genererer store utgifter i det norske helsevesenet, eit helsevesen som allereie lid av dårleg bemanning og mangelfulle midlar. I tillegg til å ha komplekse sjukdomsbilete som krev spesialisthelsetenester og kirurgi, har Gaza-pasientane og pårørande òg behov for tolketenester når dei har kontakt med den offentlege sektoren. Ein del må òg lærast opp i korleis moderne fasilitetar slik som steikjeomnar, vaskemaskiner, TV-apparat og til og med WC fungerer. Dei fleste bur i asylmottak, og får dermed gratis bustad og pengar kvar månad – alt finansiert av skattebetalarane.

Enkelte meiner at utlendingar får prioritet i mellom anna helsekøane på kostnad av dei innfødde.

Medan norske politikarar har opna grensene på vidt gap for palestinarar (og andre innvandrarar frå ikkje-vestlege land), er andre meir tilbakehaldne. No har Danmark teke det oppsiktsvekkjande steget å nekte å behandle Gaza-pasientar. Den danske statsministeren fryktar at familiegjenforeining kan trekkje til seg endå fleire palestinarar. Remix News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Medan europeiske nasjonar slik som Frankrike, Noreg, Tyskland og Italia nærast har kappast i å ta inn hundrevis av pasientar frå Gaza det siste året, står Danmark åleine i å nekte å ta imot palestinske pasientar. Den danske statsministeren Mette Frederiksen rettferdiggjer ståstaden sin med frykt for at fleire palestinarar kjem til landet i form av søknader om familiegjenforeining.

‘Problemet med familiegjenforeining kan særs raskt oppstå,’ sa ho til den danske avisa Jyllands-Posten 15.august [2025].

Dette trekket inneber at Danmark atter ein gong viser sin sterke anti-innvandringspolitikk, eit trekk som danskar støttar bestemt. Oppsiktsvekkjande nok er ikkje Frederiksen ein høgreorientert politikar, men står bestemt på sida til venstreorienterte sosialistar. Likevel har ho frå tid til anna vist at ho er viljug til å beskytte landet sitt mot masseinnvandring. Danmark har ein av dei lågaste andelane av innvandrarar i noko vest-europeisk land, sjølv om høgresida i landet seier at mykje meir må gjerast.

Nesten halvparten av den danske befolkninga støttar ståstaden til Frederiksen, der 46% av danskar støttar å avvise sjuke pasientar frå Gaza, ifølgje ei Epinion-spørjeundersøking utført for DR. Berre ein tredel av danskane meiner at grensene burde bli opna for Gaza-pasientar.

For halvanna år sidan bad Verdas helseorganisasjon (WHO) om at EU-land skulle ta imot pasientar frå Gaza for behandling, og 11 EU-land gjorde dette.

Ifølgje ein reportasje frå Le Monde, nektar Frederiksen å bøye seg for presset i landet sitt, ‘som ho no eksplisitt har rettferdiggjort gjennom den ultra-restriktive innvandringspolitikken som hennar koalisjonsregjering følgjer. Det faktum at dei fleste pasientar er barn, utgjer ingen skilnad,’ forklarte ho.

Ho viste spesielt til problemet med at fleire innvandrarar kjem til landet, ved å bruke Gaza-pasientane som ei bakdør.

Frederiksen seier at landet hennar investerer i sjukehus og behandling i naboland for å støtte dei såra frå Gaza; derimot seier enkelte humanitære organisasjonar at desse landa ikkje har utstyr til å handtere tilstrøyminga av pasientar.

‘Der er vår tydelege tru at vi kan hjelpe fleire menneske om vi hjelper dei i nærområdet,’ sa Frederiksen i mai.

‘Nærområda kan ikkje ta imot fleire, og ikkje på nokon måte takle desse særs kompliserte sakene, som står på WHO-lista,’ sa Vibeke Brix Christensen, som er konsulent ved Rigshospitalet og medisinsk rådgjevar i Legar utan grenser.

Derimot, som med krav om humanitær sympati, har dette i mange tilfelle blitt om til ingenting anna enn eit krav om meir masseinnvandring. Fleire hundre tusen syriarar, til dømes, er no borgarar i europeiske land. Trass Assad sitt fall frå makta, har dei ingen planar om å reise heim igjen. Kriminalitet frå denne gruppa har eksplodert, noko som har ført til at tallause europearar har blitt lemlesta, valdtekne og drepne dei siste åra.

Det ser ut til at Danmark ikkje ønskjer å gå den vegen.

Andre parti støttar ståstaden til den danske statsministeren, inkludert Liberalalliansen (LA) og Dei danske demokratane.

‘Det trengst å gjerast i dei umiddelbare nærområda der der er massevis av gode sjukehus innan ein avstand på mindre enn 3000 kilometer,’ sa utanriksrapportøren for LA, Lars-Christian Brask.

‘Det høyrer ikkje til Danmark i det heile. Vi ligg milevis frå gaza, og der er ingen årsak i det heile,’ sa Charlotte Much, utanriksrapportør for Dei danske demokratane.

I mellomtida er SF klare til å frakte fem til ti sjuke barn frå Gaza til Danmark på ein forsøksbasis. Derimot trur partiet òg at hovudfokuset burde liggje på innsats i nærområdet.

‘Vi trur det er meir logisk å massivt støtte sjukehusa i Kairo, Amman og Aust-Jerusalem, og kanskje enkelte av dei andre nabostatane som vi kan hjelpe med å støtte helseomsorgssystemet i områda, slik at dei kan ta imot fleire palestinarar,’ sa utanriksrapportøren til partiet, Karsten Hønge.

Naturlegvis ber Europa sitt innvandringsvennlege venstre mykje av skulda for den noverande ståstaden til Danmark. Dei siste åra har det blitt tydeleg at innvandrarar flyktar frå krigssoner og tek seg gjennom mange ‘trygge’ land på sin veg til sosiale velferdssystem slik som Danmark, der dei får sjenerøse velferdsytingar, for so å aldri reise sin veg igjen.

So fort desse innvandrarane kjem inn i landet, kjempar desse same venstreorienterte gruppene med nebb og klør for å sikre seg at ingen innvandrar nokosinne blir sendt heim. I mange tilfelle blir det som fyrst var ei form for naudhjelp til flyktningar, livsvarige busetjingsprogram, borgarskap og meir masseinnvandring gjennom familiegjenforeining.

Kort fortalt har Danmark få insentiv til å ta imot innvandrarar, der historia tener som ein guide. Mange europearar har kome på betre tankar når det gjeld denne planen, noko som er grunnen til at fleire danskar støttar, enn er imot, Frederiksen sin ståstad.»

Kommenter innlegget