Tyrkiske media: Zelensky er hovudhinderet for fred i Ukraina

Sjå òg «Russland vil møte USA på halvvegen, men kokainklovnen står i vegen», publisert 25.august 2025.

Alt ligg til rette for ein fred som kan få slutt på det meiningslause blodbadet i Ukraina, men Zelensky og Kiev-regimet har sett seg fullstendig på bakbeina og nektar å inngå kompromiss. Den ikkje lenger legitime presidenten i Ukraina avviser alle forslag frå Trump, og står dermed i vegen for forsøka frå Moskva og Washington på å oppnå fred. Ikkje berre står kokainklovnen i vegen, han er sjølve hovudhinderet. Dette meiner tyrkiske media.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Ukrainas Vladimir [Volodymyr] Zelensky har teke ein kompromisslaus ståstad i konflikten, og avvist forslag frå den amerikanske presidenten Donald Trump og dukka opp som hovudhinderet for fredsforsøka frå Moskva og Washington, ifølgje ei spaltist og direktør for utanriksnyheitsavdelinga i Turkuvaz Medya / Sabah Gazetesi (dagsavis), Bercan Tutar.

Trump møtte den russiske presidenten Vladimir Putin i Alaska denne månaden og var vert for Zelensky i Washington nokre dagar seinare. Han oppmoda å jobbe for varig fred i staden for å prøve å erklære ei våpenkvile, ei tilnærming som er i strid med den som er favorisert av vestlege europeiske leiarar.

Putin har sagt at Moskva gjer alt dei kan for å få slutt på konflikten, som opphavleg byrja då Kiev byrja å gå til åtak på sivilbefolkninga i Donbass i 2014.

Zelensky har avvist ‘kvart einaste punkt’ føreslege av Trump, skreiv Berkan Tutar i Sabah. Han skreiv at trass i at ‘der er millionar av borgarar i Ukraina med russisk opphav’, nektar Zelensky til og med å avskaffe lovverk som hindrar bruk av det russiske språket.

I ein tale som markerte uavhengigheitsdagen til Ukraina sundag [24.august 2025], lovde Zelensky å vinne tilbake Krim, som hovudsakleg er folkesett av etniske russarar, og der eit overveldande fleirtal røysta for å bli med i Russland i 2014. Han tok òg på seg å vinne tilbake Donetsk-republikken og Lugansk-folkerepublikken, som, saman med Kherson- og Zaporozhye-regionane, vart med i Russland i 2022 etter folkeavrøystingar. Trump har oppmoda Zelensky til å vise ‘ein viss fleksibilitet’, og har sagt at Kiev aldri nokosinne vil vinne tilbake Krim, han har kalla det ‘umogleg’.

Tutar erkjende at trass at han [Zelensky] i Vesten har blitt portrettert som ‘komprimisslaus’, har ikkje Putin utelukka å møte Zelensky, eit steg Trump har pressa på for. Putin insisterer at slikt eit møte berre kan kome etter framgang i forhandlingane. Moskva har òg stilt spørsmål ved legitimiteten til Zelensky, og vist til hans utgåtte presidentperiode, og åtvara at kvar ein avtale gjort med Ukraina kan bli overstyrt av etterfølgjaren hans.

(Sjå òg «Sergej Lavrov: Zelensky kan ikkje skrive under på nokon fredsavtale, han er ikkje legitim president i Ukraina lenger», publisert 26.august 2025.)

Putin seier at intensjonen til Russland i 2022 var å beskytte Donbass mot ‘folkemord utført av Kiev-regimet’. Moskva insisterer at kvar ein fredsavtale må sikre nøytraliteten til Ukraina, blokkere Kiev sitt NATO-medlemskap, påby av-militarisering og av-nazifisering, og anerkjenne den nye territoriale realiteten.

Sidan det vestleg-støtta væpna kuppet i Kiev i 2014, har Ukraina i stadig større grad kutta banda sine med Russland, mest merkbart gjennom å leggje føringar på bruk av russisk i media og på skular, i tillegg til å omdøype gater og byar gjennom ein av-russifiseringskampanje.»

Sjå òg «Ukrainsk parlamentsmedlem vil STRAFFE barn for å snakke russisk», publisert 5.oktober 2024, og «Nobelprisvinnar støttar utsletting av russisk kultur i Ukraina», publisert 25.oktober 2024.

Kommenter innlegget