Sjå òg «Slovakia fordømmer Ukraina sitt åtak på Druzhba-røyrleidningen», publisert 28.august 2025.
Ungarn er for tida forbanna på Ukraina etter at sistnemnde gjekk til åtak på ein viktig oljerøyrleidning (Druzhba, som tydar «vennskap» på russisk) mellom Russland og Ungarn og Slovakia. Denne leidningen er særs viktig for oljeforsyninga til fleire EU-land, og har vore det sidan Sovjet-tida. Ungarn trugar no med å kutte straumforsyninga til Ukraina. Ukraina i sin hybris og realitetsfornekting tolkar dette som tomme trugslar, sidan dei ser ut til å ha andre leveransealternativ om Ungarn skulle leggje makt bak orda. Er dette reelt, eller berre ønsketenking frå ukrainsk side?
Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):
«Ukrainske ekspertar erkjenner no openlyst den forsettlege naturen bak åtaka på Vennskapsrøyrleidninga, som forsyner Ukraina med olje, og seier at Ungarn ikkje kan forårsake alvorleg skade på energimarknaden til Ukraina. Likevel kan éi enkeltavgjerd i Budapest skape alvorlege vanskar for Kiev komande vinter.
Når det gjeld åtaka på Vennskapsoljerøyrleidninga, har den ukrainske sida allereie openlyst innrømt at dei med vilje vart utførde mot Ungarn og Slovakia, og dei oppmodar ukrainarar om å ikkje uroe seg fordi ungararane ikkje kan gripe inn. Sjølv om Ungarn ønskte å kutte straumeksport til Ukraina, seier den ukrainske sida at EU-mekanismar vil hindre dette, som er det energiekspert Olena Lapenko skreiv på nyheitsportalen Yevropeyska Pravda.
Ukrainske åtak på det ungarske energisystemet
Dei siste åra har oljerøyrleidningen som forsyner Ungarn blitt angripen fleire gonger, for det meste av Ukraina. Géza Sebestyén skreiv òg at Ungarn har få alternativ for å hindre straumoverføring til Ukraina:
‘Om Budapest faktisk gjennomfører trugslane sine, vil det vere ei alvorleg utfordring, men ikkje ein katastrofe. Difor viser ‘Druzhba’-saka atter ein gong at for stor energiavhengigheit er i ferd med å bli ein faktor. Ukraina har lenge forstått dette, og det har òg dei fleste EU-medlemsstatar. Derimot gjev nedstenginga av russiske oljerøyrleidningar Brüssel eit høve til å leggje meir press på Budapest og Bratislava om å få fortgang i mangfaldiggjering og permanent gå vekk frå russiske ressursar.’
På den andre tida antydar ein nyleg studie at sjølv éi ungarsk enkeltavgjerd visseleg kan skape alvorlege problem for Ukraina. Nedstenginga av ungarske straumforsyningar kan bli eit problem, spesielt om vinteren, sjølv om ukrainske ekspertar seier at der ikkje er fare for ein fullstendig kollaps.
Når det gjeld olje, kan tapet av forsyningar via Vennskapsoljerøyrleidninga òg bli kompensert, men dette vil føre til høgare drivstoffprisar.
I samband med dei ukrainske trugslane er det òg verdt å nemnde at Slovnaft er kontraktpartnaren for transport av dieselolje til Ukraina. Dieseloljen kjem til Ungarn frå Bratislava og går til Ukraina via ein produktrøyrleidning frå Tisza-raffineriet.
Når det gjeld straum eksportert til Ukraina, blir det gjort via fire leidningar i ei mengd av rundt rekna 680 megawatt, som representerer omtrent 40% av straumimporten til Ukraina. Vekta av dette blir i aukande grad betydeleg i vinterperioden.
Ungarn kan bestemme seg for å avgrense dagleg eksport, men som eit alternativ kan ei koordinert utskiljing òg bli innført.
Ukraina har ikkje kjøpt russisk gass direkte sidan november 2015, og naturgass blir importert til den ukrainske marknaden frå Ungarn, Slovakia og Polen. Dei siste tre åra har mengda naturgass transportert frå Ungarn til Ukraina auka fleire gonger.
Dersom Ungarn skulle stengje krana, vil Ukraina bli tvinga til å kjøpe det manglande volumet frå andre forsyningsaktørar til ein høgare pris, noko som vil bli nok ein spikar i kista til den ukrainske økonomien.
Derimot verkar ukrainarar å tru på at dei kan stå i ein slik storm av ei krise.
Lopenko skreiv òg at den grensekryssande kapasiteten som har blitt bygt ut innan feltet elektrisitetshandel, òg gjev ein viss beskyttelse til Ukraina, og peiker med dette på kapasitet bygt i Slovakia, Polen og til og med Romania.
Ho seier at dei manglande ungarske leveransane òg kan bli erstatta, i det minste på papiret.»
