KI har blitt ein stadig meir vanleg del av kvardagen, og blir brukt til å generere tekst, bilete og videoar. Medan det per dags dato er lett å sjå om noko er KI-generert eller ikkje, dukkar det stundom opp tvilstilfelle, slik som sokalla deepfakes. Enkelte er sopass etiske at dei opplyser om bilete og videoar er KI-genererte. Andre er ikkje fullt so etiske. Nyleg har det oppstått kontrovers på YouTube på grunn av videoar som har blitt forbetra ved hjelp av KI. Det er berre eitt problem: I det stille – og utan samtykke frå skaparane – har YouTube brukt KI til å få kortvideoar til å sjå «betre» ut.
Cindy Harper på nettstaden Reclaim the Net rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Enkelte YouTube-skaparar roper ut om skite spel etter å ha funne ut at plattforma i det stille har brukt KI til å modifisere kortvideoar utan å opplyse om det og utan godkjenning.
I fleire månader har brukarar lagt merke til at noko ikkje heilt stemmer i enkelte kortvideoar, til dømes hud som ser i overkant kunstig ut, kle som ser klarare ut enn forventa, eller ansiktstrekk som er ein tanke forvrengde.
Endringane er subtile nok til å ikkje leggjast merke til i seg sjølv, men samanlikning side om side har avslørt inkonsekvensar som mange seier får videoane deira til å kjennast unaturlege eller kunstige ut.
Musikar og skapar Rhett Shull sette søkjelys på problemet i ein video som har blitt sett meir enn 700 000 gonger. Medan han samanliknar opplastingane sine i ulike plattformer, peikte han på at YouTube tilsynelatande har mjukna og retusjert kortvideoane hans utan lov frå han.
‘Eg gav ikkje samtykke til dette,’ sa Shull. «Å erstatte eller forbetre arbeidet mitt med eit eller anna KI-oppgraderingssystem tærer ikkje berre på tilliten til publikum, men det tærer òg på tilliten min overfor YouTube.’
Mangelen på gjennomsiktigheit har utløyst ein vidare samtale. Ein Reddit-tråd i juni med tittelen YouTube Shorts are almost certainly being AI upscaled [«YouTube-kortvideoar blir nesten heilt sikkert KI-oppgradert/oppskalert»], inkluderte samanlikningar bilete for bilete som antyda KI-manipulering. Innlegget trekte til seg utbreidd frustrasjon til eit allereie eksisterande kor av misnøye.
Etter å ha heldt seg stille i fleire månader, har YouTube no erkjent at dei har utført testar. Rene Ritchie, som fungerer som YouTube sin kontakt for skaparar, adresserte bekymringane i eit innlegg på X.
Ifølgje Ritchie har plattforma drive og eksperimentert med tradisjonell maskinlæringsteknologi for å gjere mindre uklare, fjerne bakgrunnsstøy og forbetre klarheita til utvalde kortvideoar, noko som liknar på automatiske justeringar gjort av kameraa i smarttelefonar.
Ritchie la vekt på at dette ikkje er generativ KI, som produserer nytt materiale heilt frå botnen av.
Men skaparar argumenterer at stempelet er irrelevant dersom plattforma endrar innhaldet deira utan samtykke.
Innhaldsskaparar krev no meir kontroll, og krev at YouTube tillèt innstillingar der ein kan reservere seg mot nokon som helst KI-basert prosessering. Dei argumenterer at uventa endringar går på akkord med både kreativ intensjon og tillit hjå sjåarane.
Kritikken kjem ikkje lenge etter ei anna kontroversiell utvikling frå YouTube, eit nytt system i USA som overvakarar brukarar og estimerer alderen på ein brukar, for deretter å kunne blokkere tilgang til enkelte videoar heilt til brukaren har verifisert alderen sin med ei eller anna form for ID, dersom KI-en mistenkjer at sjåaren er mindreårig.»
Sjå òg «Google krev aldersverifisering òg på søkjemotoren», publisert 22.august 2025.
