Milde dommar for MENA-gjeng som tvinga 15-åring til å danse naken på svensk kjøpesenter

Eit av mange ubehagelege fenomen som har oppstått i kjølvatnet av den elitestyrte masseinnvandringa av ikkje-vestlege, ikkje-integrerbare personar til Europa, er sokalla fornedringsran. I slike ran blir offeret håna og spotta av ein gjeng, og som regel utsett for vald, før han eller ho får eigendelane sine stolne. Seansen blir ofte filma og spreidd i vennegjengen eller på sosiale media som ein måte å skryte over sin eigen udåd. Om offeret melder det til politiet, får gjerningspersonane dommar som er mildare enn innfødde ville ha fått – om ikkje då saka blir henlagt på grunn av «manglande bevis» (som til dømes videoen av den straffbare handlinga som sirkulerer på Facebook!). Slik forskjellsbehandling set sinna i kok hjå dei innfødde, og fører til endå verre splitting i befolkninga mellom dei ulike folkeslaga i landet.

Dette er tilfellet i ei slik fornedringssak som fann stad i svenske Karlshamn i 2023. Thomas Brooke på nettstaden Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):

«Ein domstol i Sverige har dømt fire mannlege innvandrarar for eit brutalt fornedringsran i Karlshamn, der ein 15 år gammal gut vart tvinga til å kle seg heilt naken og danse på eit kjøpesenter, før han vart fråstolen eigendelane sine.

Åtaket, som fann stad i mai 2023, vart filma av mennene og seinare spreidd av dei for å ytterlegare audmjuke offeret.

I opptaka, som nyheitssida Samnytt omtalar, vart guten omringa, slått og tvinga til å ta av seg kleda. Han vart deretter gjeven ordre om å bøye seg ned og kysse skoa til ein av mennene medan dei kom med seksuelle kommentarar om mora hans.

Retten identifiserte 24 år gamle Ahmad Dawood, opphavleg frå Irak, som gjengleiaren. Forsvarsteamet hans presenterte diagnosen mild til moderat intellektuelt handikap [psykisk utviklingshemming; oms.an.] i eit forsøk på å få mildare straff, men Bleikinge distriktsrett dømde han til 18 månader i fengsel, og dømde han for overfall, ulovleg tvang og ran.

To andre, den 20 år gamle syraren Mohamed Harba og 18 år gamle Omar Merzi, som har ein far frå Libanon, vart dømt etter dei same tiltalane. Harba fekk ein dom med vilkår, 180 timars samfunnsteneste, medan Merzi fekk ungdomsstraff i tillegg til å bli dømt for ulovlege trugslar. Ein fjerde gut under 18, òg av irakisk opphav, fekk ungdomsteneste.

Alle fire har svensk statsborgarskap og kan difor ikkje bli sendt ut av landet.

‘Det var skremmande og ubehageleg,’ sa tenåringen til etterforskarane.

Mennene vart pågripne etter at systera til ein av gjerningsmennene såg videoen og kjende igjen broren sin. Då ho konfronterte han, førde det til eit valdeleg samanstøyt på hovudtorget i Karlshamn, som kravde politiassistanse for å stanse.

Dei milde dommane har skapt kritikk mot dei milde reaksjonane på fornedringsran, eit brotsverk som stadig aukar overalt i Sverige.

Etter ei rekkje fornedringsbrotsverk i byen Umeå i år, snakka politisjef Anna Oscarsson Larsson om problemet:

«Når vi snakkar om fornedrande vald, er det knytt til andre typar kriminalitet. Det kan vere alt frå ulovleg tvang, overfall, ran, trakassering og støytande fotografi. So fornedringsvald spesifikt er ikkje søkbart i politisystemet,’ sa ho, og la til at minst ti tilfelle av slik ein natur har blitt registrert i den svenske byen so langt i år.

Ei slik hending fann stad tidlegare denne månaden [august 2025], og involverte ein 16 år gammal somalisk gut som stoppa ein åtte år gammal gut som var på sykkeltur og tvinga han til å kle seg naken. Då han vart avhøyrt, hevda innvandrarguten at han gjorde det han gjorde fordi ‘han [den åtte år gamle guten!] såg ut som ein rasist, eg trur han vil stemme på Sverigedemokraterna når han blir eldre.’

‘Som oftast, når vi har kome over slikt materiale, har vi funne det på mobiltelefonar knytt til andre saker. Folk likar å filme dette, å spreie det, slik at dei kan vise kva dei har gjort. Det er frykteleg,’ la Larsson til.»

Kommenter innlegget