Sjå òg «Nesten statistisk umogleg: Fire AfD-kandidatar har døydd ‘brått og uventa’ før viktige delstatsval», publisert 2.september 2025.
Etter at tyske Alternative für Deutschland (AfD) har blitt det største opposisjonspartiet i Tyskland med 20,8% av stemmene, har det skjedd heile sju dødsfall i løpet av ein relativt kort periode. Alle sju var tidlegare AfD-kandidatar, og alle har skjedd i delstaten Nordrhein-Westfalen, den mest folkerike delstaten i landet. Politiet avviser at dødsfalla er mistenkjelege, og styresmaktene rapporterer at dødsfalla kjem av anten naturlege årsaker eller ikkje-avslørte medisinske tilstandar (Kjelde: Derimot).
Noregsdemokratane har nyleg innleia eit samarbeid med AfD. Etter planen skulle partileiar Geir Ugland Jacobsen fare på «befaring» på innvandrartette Grønland i Oslo, men dette måtte avlysast etter at politiet vurderte situasjonen som «utrygg». Jacobsen og AfD-representant Lena Kotré vart eskortert i dekning i eit parkeringshus. No har dei derimot tenkt å prøve å gjennomføre ei ny befaring.
At enkelte har sterke meiningar om politikken til Noregsdemokratane her i Noreg, såg vi nyleg døme på i Bergen. Tysdag, på høglyse dag, gjekk ein ytre-venstre-aktivist ved namn Kristian Lien Kronholm (fødd 1985) til verbalt og fysisk åtak på Roger Dyrøy medan sistnemnde stod på stand for Noregsdemokratane i Bergen sentrum. Rabulisten rapporterer:
«I Bergen sentrum tirsdag utspant det seg et dramatisk møte ved standen til Norgesdemokratene. Det hele begynte da Kristian Lien Kronholm nærmet seg Roger Dyrøy, som stod på stand for partiet, med en truende fremferd og en primitiv tirade.
Kronholm stilte seg tett inntil Dyrøy og ropte rasende: ‘Så kommer du inn på Stortinget? Du!? Roger Dyrøy. At du av alle skal ha en talerstol. Du er faen meg sinnssyk i hodet ditt. Du blir knust. Tro meg. Du er på lista.’»
Dyrøy etterlyste ei forklaring på kva slags «liste» det var snakk om, men Kronholm svarte ved å gjenta denne noko trugande setninga. I ti minutt vart Dyrøy utsett for denne tiraden, der Noregsdemokratane mellom anna vart kalla «nazidemokratane». Rabulisten skriv vidare:
«Flere tilskuere fra andre partier ringte politiet, fulgte etter ham og filmet hendelsen. Senere kom Kronholm tilbake, åpnet en ung aktivists brosjyrer, stumpet sigaretten sin i dem, og gikk deretter inn i valglokalet på Torgalmenningen. Politiet ankom først etter at han hadde dratt.»
Ifølgje Document er Kristian Lien Kronholm «en ytre-venstre-aktivist knyttet til fagforeningen Unionen. Han er en flittig bruker av palestinaskjerf og har lagt ut en rekke voldsforherligende meldinger på sosiale medier.»
Kronholm sjølv hadde i forkant varsla om hendinga på X. Han skriv at han vart bortvist frå Bergen sentrum «av nokre uniformerte partifeller av Roger Dyrøy og han Vågenes». Han la deretter ut eit bilete av ein halvliter med øl og ein pakke sigarettar, som truleg var hans måte å feire denne udåden.
Då Dokument-journalist Espen Teigen tok kontakt for å få ei forklaring på denne åtferda, svarte Kronholm at Teigen òg var på denne «lista».
UtenFilter har tilleggsopplysningar til saka. Dei skriv at Kronholm «har vært aktiv på ytre venstre i lang tid.
Hans modus operandi, får vi fortalt, er truende og ufordragelig opptreden.
Begge hans foreldre skal være psykologer, får Uten Filter fortalt.»
Saksyndig vil på det sterkaste oppfordre Roger Dyrøy og Noregsdemokratane om å politimelde denne hendinga. Om saka på mystisk vis blir henlagt, avslører Vest politidistrikt kva slags agenda dei eigentleg har. Om Kronholm blir straffa, er dette i so fall ei positiv overrasking for oss alle. Trugslar som Kronholm kjem med, antydar at enkelte vil gå drastisk til verks for å fjerne politisk opposisjon. Er det ein reell fare for at Noregsdemokratane-kandidatar vil bli likviderte? I våre tider er dette ei høgst legitim frykt.
