Sjå òg «Nesten statistisk umogleg: Fire AfD-kandidatar har døydd ‘brått og uventa’ før viktige delstatsval», publisert 2.september 2025.
Det kan sjå ut til at dess meir populære Alternative für Deutschland (AfD) blir i Tyskland, dess fleire kandidatar endar opp døde. Per 4.september har sju kandidatar gått bort under mystiske omstende. Driv nokon og myrdar dei? Teoriane florerer på nettet. All evidens peiker på eit bestemt «nei», men ein bør forvente ein auke av frykt og avsky både sosialt og politisk etter kvart som populariteten til partiet veks.
Remix News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Etter at sju politikarar for Alternative für Deutschland (AfD) døydde like før vala i Nordrhein-Westfalen (NRW), kokte det på nettet med teoriar om potensielle attentat. Derimot peiker evidens so langt på at desse politikarane døydde under vanlege omstende, trass at meir fantasifulle teoriar verserer.
Likevel kjem ‘frykta’ som blir uttrykt til å bli eit aukande symptom på eit polarisert og stundom valdeleg politisk klima. Medan dødsfalla til AfD-politikarane burde bli undersøkt, har politietterforskingar so langt ikkje avdekt at noko gale har skjedd.
Det er verdt å merkje seg at Welt og andre tyske nyheitsformidlarar fyrst rapporterte at dei fire fyrste dødsfalla var ‘brå og uventa’, eit punkt som Remix News òg rapporterte om. [Saksyndig si omsetjing at artikkelen kan lesast her.] Det punktet har sidan blitt tydeleggjort, der mange av individa faktisk leid av underliggjande tilstandar.
Dei fleste formidlarar og influensarar rapporterte berre fakta – at AfD-politikarar døydde i eit omfang som tilsynelatande var større enn normalt – og fakta verka vitterleg bekymringsverdige ved fyrste augnekast og definitivt nyheitsverdige. Derimot tok enkelte på sosiale media, inkludert visse influensarar, denne informasjonen og kom med generaliserte påstandar om at AfD-politikarar blir myrda. Kort fortalt er denne forma for ‘hopping mot pistolen’ [sensasjonsjournalistikk; oms.an.] problematisk, og medan feil jo skjer, kan dei òg skade truverda.
Naturlegvis finst der òg legitime grunnar for paranoia. AfD-politikarar har vore dei mest angripne av alle politiske parti i Tyskland. Der er mange på ytre venstre-sida som fantaserer om å drepe AfD-politikarar, sidan AfD-politikarar jamleg blir kalla ‘nazistar’, og i Tyskland er det ei utbreidd tru på venstresida om at nazistane berre fortener å døy. Antifa-grupper slik som Hammargjengen har nesten slått høgreorienterte aktivistar – og i somme tilfelle berre mistenkt høgreorienterte aktivistar – ihel.
Til og med offentlege tyske figurar har oppfordra til vald mot AfD, og ikkje fått nokon konsekvensar for sine valdsame ytringar.
Trass dette peiker all evidens so langt på at dødsfalla til sju AfD-kandidatar var fullstendig naturlege, med eitt sjølvmord inkludert.
Totalt er der 20 000 kandidatar involverte i regionalvala i Nordrhein-Westfalen, og ny informasjon tydeleggjer at totalt 16 kandidatar har døydd dei siste to månadene, der dei sju AfD-politikarane er blant dei. Ein må òg hugse på at poolen av politikarar i Tyskland i overveldande grad er frå ei eldre befolkning, der baby-boomerane speler ei stor rolle.
Det kan vere eit lite avvik at so mange AfD-politikarar har døydd, men det ser ut til at det ikkje er ‘statistisk umogleg’, slik enkelte kommentatorar fyrst rapporterte.
Det nylegaste dødsfallet til ein AfD-politikar var ein 80 år gammal mann. Igjen peiker all evidens på ein naturleg død. Som Remix News rapporterte, ser dei andre seks ut til å ha døydd av ei rekkje komplikasjonar, inkludert eit hjarteinfarkt og ein annan av ein pågåande nyresjukdom. Mange av dei var eldre individ med underliggjande tilstandar.
Det er òg verdt å merkje seg at den lokale AfD-foreininga i Nordrhein-Westfalen ikkje kjem med påstandar om skite spel, og dei har truleg den beste oversikta over helsa til sine kandidatar.
Alle alternativ er høgst usannsynlege
Ein må òg ta til etterretning implikasjonane til ein alternativ teori. Kven vil velje seg ut lokale AfD-politikarar og myrde dei? For å myrde desse lågnivå-spelarane med ei eller anna gift eller skjult mekanisme, ville krevje ressursar som nesten ligg på statleg nivå. Det vil òg krevje eit tal aktørar for å identifisere kor politikarane bur, iverksetje denne skjulte drapsmetoden utan å bli tekne, for so å grundig jobbe for å sikre at desse attentata ikkje kan bli spora til kjelda. Det høyrest ut som ein ekstremt risikabelt føretak som ber få frukter.
Trur nokon verkeleg at nokon i den tyske regjeringa kjem til å ta del i denne typen operasjon? Det ville utan tvil ha vore den største skandalen i historia til den føderale republikken.
Vidare har staten rikeleg med ressursar til å gå til åtak på AfD utan å måtte ty til målretta og ulovlege attentat, som kan resultere i fengsel og til og med vere til særs stor nytte for AfD om informasjonen nokosinne kjem ut.
Tyskland er gradvis på veg mot eit forbod mot AfD, har hindra AfD-medlemmer i å ha stillingar i den offentlege tenesta, og utfører masseovervaking av medlemmer og politikarar. På toppen av det heile har ein eit servilt media som jublar kvar gong det skjer ei form for undertrykking av partiet. Staten har ikkje akkurat ein mangel på alternativ, og treng dermed ikkje likvidere lokalrådgjevarar.
Den andre moglegheita kan vere ei utanlandsk regjering, kan kva slags utanlandsk regjering vil ta seg bryet med å myrde politikarar i eit regionalt delstatsval? Igjen er det rett og slett ikkje so plausibelt.
Til slutt, er det ei gruppe venstreorienterte aktivistar som er besette av å drepe nazistar? Igjen, nok eit høgst usannsynleg scenario. I alle tidlegare saker som vi veit om, har åtak på AfD-politikarar vore fysiske og har ikkje involvert ein sofistikert forgiftingsoperasjon. Desse åtaka involverer typisk brannstifting på eigedommane og køyretøya til AfD-politikarar, eller regelrette åtak mot politikarane. Det vil krevje eit geni på nivå med Dexter, som tydelegvis ønskte å bruke tida si på å drepe AfD-politikarar i tilårskomen alder, der dei fleste hadde underliggjande tilstandar.
Det er ikkje å seie at AfD-politikarar og andre politikarar rundt om i Europa ikkje vil bli mål for gift eller andre skjulte mekanismar. Desse er reelle bekymringar hjå tryggleiksbyrå i heile verda, og alle på det politiske spekteret kan vere eit potensielt offer. […] I tillegg har politikarar på lågt nivå mindre tryggleik, noko som gjer dei til lettare mål, men høgprofilerte politikarar er alltid meir verdifulle og ønskte mål.
Enkelte av desse scenarioa kan bli meir realistiske i framtida, om AfD til dømes skulle kome til makta i Tyskland […]. Derimot involverer mesteparten av attentatforsøk som er offentleg kjent, det typiske verktøyet: eit skytevåpen. Som Remix News rapporterte, har høgreorienterte politikarar blitt gjenstand for attentatforsøk dei siste to åra, inkludert Trump, Fico og til og med Orbán i mindre grad.
Ytre høgre er ikkje uskuldige heller, og der har vore åtak, og til og med eit attentat, på ein lokal CDU-politikar.
Kort fortalt er det politiske miljøet temmeleg polarisert.
Forvent paranoia, frykt og avsky å vere regelen i Tyskland, spesielt når populariteten til AfD når eit nytt høgt punkt, etter at ei rekkje spørjeundersøkingar viste at det er det mest populære partiet i landet.»
