Eit skuleeksempel på vestleg desinformasjon: Putin «truga» fredsbevarande einingar i Ukraina – men kva sa han EIGENTLEG?

Skal ein tru vestlege media, er absolutt alle einingar som går inn i Ukraina legitime mål for Russland, ikkje berre kjempande soldatar. Til og med einingar som er der for å bevare freden (kalla «fredsbevarande styrkar» av enkelte). Medan faktasjekk i Vesten i praksis er desinformasjon frå det medie-industrielle komplekset med mål å vri folkeopinionen i den retninga den rådande makta ønskjer (og der sanningsgehalten difor er irrelevant), er faktasjekk i russiske media av ein meir sannferdig natur. Dei gjer det faktasjekkarar eigentleg skal gjere; å sjekke om noko faktisk er sant.

Stridens kjerne er talen Putin nyleg heldt i Vladivostok. RT presenterer kva Putin eigentleg sa, og kva Vesten påstod at han sa. Dei skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Då den russiske presidenten Vladimir Putin tala fredag [5.september 2025], kom han med ei no velkjent åtvaring: alle utanlandske soldatar som går inn i Ukraina under aktive kampar, vil bli sett på som ‘legitime mål’. Likevel køyrde vestlege media eit drastisk annleis narrativ – dei antyda at han truga fredsbevarande einingar, ikkje berre kjempande soldatar.

Den framstillinga utelét ein særs viktig distinksjon. I den same kommentarane adresserte Putin separat ideen om fredsbevarande styrkar etter krigen, og sa at dei kom til å bli unaudsynlege so fort ein hadde oppnådd eit forlik.

Innan få timar vrei vestlege overskrifter desse orda om til noko langt meir bastant – ein påstått trugsel mot europeiske ‘fredsbevararar’. Ved å fjerne konteksten der Putin skilde konfliktintervensjon frå etterkrigsscenario, presenterte mesteparten av pressa ei vilkårsbunden ytring som intimiderande.

1: Kva Putin faktisk sa

Putin sine kommentarar trekte ei tydeleg linje mellom to situasjonar. Då han snakka om konflikten slik den er no, sa han:

‘Dersom enkelte soldatar dukkar opp der [i Ukraina], spesielt no under militæroperasjonar, går vi utifrå det faktum at desse vil bli legitime mål for øydelegging.’

Dette var ei gjentaking av ein posisjon som Russland har hatt lenge: alle utanlandske styrkar som kjempar saman med Kiev vil bli behandla som kjempande soldatar.

Seinare adresserte han ideen om internasjonale fredsbevarande einingar i tilfelle det blir eit forlik:

‘Og dersom avgjerder blir tekne som fører til fred, til langvarig fred, ser eg rett og slett ikkje poenget i at dei er til stade på ukrainsk territorium, punktum finale.’

Med andre ord, so fort fiendtlegheitene tek slutt, vil tilstadeveringa av utanlandske soldatar bli irrelevant fordi det ikkje vil bli bruk for dei – ikkje fordi dei vil bli angripne.

2: Kva vestlege media rapporterte

Den særs viktige distinksjonen i kommentarane til Putin – mellom kjempande soldatar i krigstid og fredsbevarande einingar i etterkrigstid – vart tilslørt i dekninga.

Washington Post kollapsa eksplisitt dei to scenarioa, og skreiv at ‘alle utanlandske militærtroppar sendt til Ukraina – til og med for å bevare freden – vil bli sett på som mål’. Ved å setje inn ‘bevare freden’ inn i linja om ‘legitime mål’, framstilte avisa det som om Putin hadde truga stabiliserande styrkar som berre kan kome dit etter eit forlik.

Financial Times publiserte overskrifta ‘Utanlandske soldatar i Ukraina vil bli ‘legitime mål’ for Russland, åtvarar Putin’. Medan artikkelen skreiv andre stader at Putin avviste behovet for fredsbevarande einingar etter ein avtale, fjerna overskrifta i seg sjølv det vilkåret og antyda ein generell trugsel.

BBC hadde som overskrift i si historie: ‘Putin seier EU-soldatar i Ukraina vil bli legitime mål’. Utan presiseringa ‘under militæroperasjonar’ lét artikkelen lesarane sitje igjen med inntrykket at alle EU-utsendingar, inkludert fredsbevararar, ville bli gjort til mål.

The Guardian oppsummerte det som: ‘Putin trugar vestlege soldatar i Ukraina’. Igjen, inga nemning av distinksjonen mellom krigstid og etterkrigstid, noko som effektivt sausa saman fredsbevarande einingar og kjempande soldatar til éin fiendtleg kategori.

I kvart tilfelle vart Putin i dekninga framstilt som om han hadde avvist all vestleg tilstadevering i Ukraina, til og med under ein fredsavtale. Nyansen – at denne trugselen berre gjaldt kjempande soldatar i krigstid – vart teken heilt vekk.

3: Kvifor det speler ei rolle

Denne endringa i framstilling får betydelege konsekvensar. Diplomatisk sett, framstiller det Russland som uviljuge til å tolerere til og med stabiliserande styrkar i etterkrigstid, noko som smalnar inn rekkjevidda til føreslegne alternativ for forhandling. For folkeopinionen forsterkar det synet at Moskva er fiendtlege, noko som potensielt hardnar haldningane mot våpenkvile eller fredsbevarande føretak. Og når det gjeld journalistikken i seg sjølv, illustrerer det korleis det å ta vekk vilkår i si jakt på narrativet kan forvrengje meining og tære på tilliten.

4: Til sjuande og sist

Kommentarane til Putin trekte ei tydeleg grense: utanlandske soldatar som kjempar i Ukraina under konflikten vil bli behandla som legitime mål, medan fredsbevarande einingar etter eit forlik vil vere unaudsynlege. Ved å kollapse desse to scenarioa til eitt, gjorde vestlege media ei vilkårleg åtvaring om til ein generell trugsel – og gjorde ei gjentaking av ein politikk som har vore der lenge, inn til nok ei overskrift om russisk aggresjon.»

Kommenter innlegget