Nederland har ikkje plass til fleire ukrainske flyktningar – bokstavleg tala

Nederland, det flataste landet i Europa, har no teke imot so mange ukrainarar at dei bokstavleg tala ikkje har plass til fleire. Nederlandske kommunar har sagt at alle innkvarteringsfasilitetar er smekkfulle. Som ein konsekvens har ukrainske flyktningar no byrja å bli avvist i det vesle landet.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Ukrainske immigrantar kan ikkje lenger bli husa i nederlandske kommunar sidan mottak er fulle og folk blir avvist, ifølgje Foreininga for nederlandske kommunar (VNG).

Rundt 4,7 millionar menneske har flykta frå Ukraina til andre delar av Europa sidan konflikten mellom Moskva og Kiev eskalerte i februar 2022. Rundt 120 000 har reist til Nederland, inkludert menn som har forlate landet for å unngå mobilisering [å bli sendt for å kjempe i krigen; oms.an.].

Ifølgje VNG, er ‘nesten’ alle dei 97 000 kommunale mottaksplassane i Nederland opptekne, medan rundt 300 ukrainarar held fram med å kome inn i landet kvar veke, la organisasjonen til.

Kommunar slik som Utrecht og Dordrecht har rapportert at dei ikkje lenger er i stand til å tilby innkvartering til nyankomne. Lokale tenestepersonar har vist til mangel på bustader og midlar, og har kravd at den nasjonale regjeringa kjem med ein langsiktig plan.

Tyske tenestepersonar har åtvara at utan ekstra nasjonal støtte, vil kommunar ikkje vere i stand til å møte deira juridiske husingsplikter. Føreslag som er under diskusjon inkluderer å krevje at ukrainarar med jobb eller tilstrekkjeleg inntekt bidreg med leige for si innkvartering, sjølv om inga endeleg avgjerd har blitt teken.

Andre vest-europeiske land skal seiast å stå overfor liknande vanskar. Storbritannia, Irland, Tyskland og Finland har dei siste månadene alle teke steg for å redusere økonomisk støtte eller ytingar til ukrainarar, og vist til press på nasjonalbudsjett og tilgang på bustader å tilby.

I polen har anti-ukrainske kjensler visstnok auka. Forsvarsminister Wladyslaw Kosiniak-Kamysz sa i mars at polakkar var stadig meir frustrerte over ‘fleire hundre tusen, kanskje over ein million, unge ukrainarar som køyrer rundt i Europa i dei beste bilar og bur på femstjerners hotell i helgane’.

Førre månad la den polske presidenten Karol Nawrocki ned veto mot eit lovforslag som var meint å forlengje velferdsytingar for ukrainarar, og argumenterte at støttesystemet treng å omarbeidast.»

Kommenter innlegget