Sjå òg « ‘Homofile’, ‘schizofrene’ Muhammad (31) laug til tyske styresmakter for å bli verande i landet etter avslag på asylsøknaden – myrda deretter 16 år gammal ukrainsk jente», publisert 9.september 2025.
Offentleg transport slik som bussar og tog kan vere farlege stader å opphalde seg, både som passasjer og tilsett. Enkelte ser ikkje ut til å ha fått vanleg folkeskikk inn med morsmjølka, og har aldri lært korleis ein skal oppføre seg ute blant andre menneske. Ei hending på ein buss i Berlin illustrerer kva som skjer når ein pliktoppfyllande billettkontrollør prøver å sjekke om eit «mangfaldsektepar» har gyldig billett. For å gjere ei lang historie kort, er kontrolløren no blind på det eine auget.
Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):
«Tyske offentlege tenestepersonar slik som politibetjentar og brannmenn er under konstant trugsel i hovudstaden Berlin, men sjølv tilsynelatande ufarlege stillingar, slik som billettkontrollør, kan òg bli råka av alvorleg vald.
To kjeltringar, 24 år gamle Mohammad A. og hans kone Israa M. (22), ein ektemann- og kone-duo, banka opp ein 47 år gammal billettkontrollør til han vart blind på eit auge.
Hendinga fann stad 18.august 2022 på M29-bussen ved busstoppet Wittenbergplatz. Billettkontrolløren var i ferd med å sjekke billettar på bussen for BVG, transportstyresmakta i Berlin.
Då mannen kom til dei to no dømde personane, Mohammad A. og Israa M., hadde ikkje Mohammad gyldig billett, og det elektroniske chip-kortet til Israa kunne ikkje bli skikkeleg lese.
Under åtaket kalla dei to dømde personane offeret for eit rasistisk skjellsord brukt om svarte menneske, og skreik «neger», ifølgje vitnesbyrd i retten.
Då dei fekk ordre om å forlate bussen, nekta Mohammad A. å gje personopplysningar.
Partnaren til billettkontrolløren sa at Mohammad A. ‘viste ingen samarbeidsvilje og gjekk mot kollegaen min’. Han ønskte å ta det elektroniske chip-kortet tilbake til kona si.
Vitnet vart halde i nede av ein av billettkontrollørane medan den andre billettkontrolløren, hovudofferet, tilkalla politiet.
‘Han slo meg i brystet. Eg miste balansen,’ sa vitnet.
Han vart deretter slått og sparka på bakken, medan partnaren hans òg vart angripen.
‘Ikkje rør kona mi,’ ropte den tiltala. Inspektøren skreik at han ikkje rørte nokon.
Derimot byrja kvinna å delta i slåstkampen, der ho slo med handveska og knyttneve.
Hovudofferet, som har fått pseudonymet Femi B., vart kalla ein ‘skiten neger’, og etter det brukte kvinna peparspray på han.
Seinare vart han fortalt etter ein operasjon på sjukehuset, at han aldri ville sjå med sitt høgre auge igjen.
I retten grein Femi B. på vitnebenken, og sa at hans ‘gamle liv hadde blitt teke frå meg’. Han sa at han òg framleis har smerter.
Han sa at han har tre barn i Nigeria, og er avhengig av lønna si for å støtte dei. Han er no 70% uføretrygda og jobbar som ein kontorassistent.
‘Eg føler meg ikkje lenger trygg på gata,’ sa han om dei psykologiske konsekvensane av åtaket.
Den tiltala, Mohamma A., sa i retten ‘Eg er lei meg for auga dine.’
Han var prøvelauslaten på tidspunktet då hendinga skjedde.
Dette var ikkje ei isolert hendinga, og Remix News har rapportert om ei rekkje hendingar som involverer utlendingar som bankar opp billettkontrollørar.
Faktisk har tyske togkonduktørar fått beskjed om å ikkje sjekke billettar for å ‘bevare freden’.
I 2023 såg det tyske togsystemet ein eksplosjon av vald, med 75 valdelege og seksuelle brotsverk kvar einaste dag. Der var 25 640 valdsbrotsverk registrert i 2023, ein auke på 42% frå 2019. der var 1898 seksuelle brotsverk, ein auke på 60%, og 555 knivbrotsverk.»
Sjå òg «Mohammed har blitt det vanlegaste namnet blant mottakarar av velferdsytingar i Tyskland», publisert 31.august 2025.
