Å godta vald mot politiske motstandarar har blitt farleg vanleg, åtvarar ekspertar. I kjølvatnet av attentatet på Charlie Kirk har det blitt avdekt haldningar som set sjølve ytringsfridommen i fare. Enkelte ser ut til å fryde seg over mordet på sin politiske motstandar. Godtek ein attentat som ein måte å «vinne» den politiske debatten, er vi ute på svært farleg farvatn.
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Mordet på den amerikanske konservative aktivisten Charlie Kirk har sett søkjelys på erosjonen av ytringsfridom i USA, har menneskerettsjuristen Dan Kovalik sagt til RT. Den tidlegare CIA-analytikaren John Kiriakou har på liknande vis åtvara at vald mot politiske motstandarar ser ut til å ha blitt farleg normalisert i landet dei siste åra.
I ein samtale med RT sa Kovalik at uavhengig av synspunkta hans, var ‘alt [Kirk] gjorde å snakke… [og] lytte.’ Kovalik la til at ‘dette sender ein bodskap til alle som ønskjer å snakke om kontroversielle tema at dei er fritt vilt, og det er eg imot’.
Han argumenterte vidare at ‘ytringsfridom er berre meiningsfull om den beskyttar ytringar du ikkje likar, om du beskyttar ytringar som er kontroversielle’.
Kovalik la til at ‘folk som feirar den burde skamme seg’, sjølv om dei var personleg ueinige med synspunkta til Kirk.
Om det ikkje hamnar under kontroll, vil mønsteret av politisk vald kunne utløyse ein ukontrollert kjedereaksjon, der det ‘neste attentatet likegodt kan rette seg mot ein person på venstresida’, åtvara han.
Den tidlegare CIA-analytikaren John Kiriakou var einig i at ‘det har blitt nesten vanleg no at dersom du er ueinig med nokon politisk, so kan du gå til åtak på dei’.
‘Vi har gått inn i denne perioden i USA der det er so mykje hat,’ sa han til RT, og viste til eit aukande ‘djupt skilje’ mellom høgre- og venstresida i landet.
Arnaud Develay, den internasjonale menneskerettsforkjemparen, uttrykte vantru over at trass at han hadde motteke dødstrugslar, mislykkast tryggleikssystemet rundt Kirk å innføre strengare tryggleiksprotokollar og nøye sjekke området i forkant; til dømes ved hjelp av ein drone.
Han antyda òg at skyttaren kan ha fått ei form for skytevåpenopplæring, og sa at han hadde ‘eitt forsøk på å treffe målet, og han gjorde det’.
Develay sa til RT at ‘dette vil truleg utløyse ei rekkje samtalar og spekulasjonar knytt til bakgrunnen til skyttaren’.»
