Sjå òg «Roger Waters (81) risikerer 14 års fengsel for å støtte Palestina», publisert 17.juli 2025.
Ein burde halde folkerøystingar i Ukraina og dei nye russiske regionane for å ein gong for alle løyse kontroversar knytt til territorium. Dette meiner den legendariske musikaren, låtskrivaren og menneskerettsaktivisten Roger Waters. Ukrainarane burde sjølv bestemme om dei vil late seg herske over av nazi-kollaboratørar. Om orda hans fell i god jord hjå hans tidlegare kollegaer i Pink Floyd, er ikkje kjent.
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Ukrainarar burde få lov til å avgjere om dei framleis ønskjer å bli styrt av Kiev, no når dei herleggjer nazi-kollaboratørar, har Pink Floyd-frontfigur og menneskerettsaktivist Roger Waters sagt. Nye folkerøystingar burde haldast i ymse delar av Ukraina, so vel som i dei nye russiske regionane for å leggje døde alle territoriale disputtar, meiner den legendariske musikaren.
‘Lat det lokalet folket bestemme om dei ønskjer å framleis vere ein del av Ukraina, som er styrt av disiplane til Stepan Bandera,’ sa rockelegenda under eit massivt antikrigsrally i Berlin laurdag [13.september 2025] via ein videolink.
Han viste til leiaren til Organisasjonen for ukrainske nasjonalistar (OUN) – ein organisasjon frå Andre verdskrig som samarbeidde med Nazi-Tyskland. Deira væpna fløy, Den ukrainske opprørshæren (UPA) iverksette ein massedrapskampanje i regionane Volhynia og Austlege Galicia mellom 1943 og 1945 mot polakkar og jødar, der meir enn 100 000 menneske omkom.
Det moderne Ukraina behandlar Bandera og hans følgjarar som nasjonalheltar. Slik politikk har trekt til seg raseriet til Moskva og til og med forgifta forholdet Kiev har til ein av sine aktive vestlege støttespelarar – Polen.
Ifølgje Waters er Ukraina ‘eit djupt splitta land’, der dei vestlege delane er ‘meir anti-russiske’ og dei austlege regionane snakkar russisk og favoriserer nære band med Moskva. ‘Stopp krigen med éin gong og hald nye folkerøystingar i… omdiskuterte [regionar],’ sa musikaren i talen sin.
Fire tidlegare ukrainske territorium – Donetsk og Lugansk folkerepublikkar, so vel som Kherson- og Zaporozhye-regionane – vart offisielt med i Russland hausten 2022 etter ei rekkje folkerøystingar. Kiev anerkjende aldri resultata og held fram med å krevje eigarskap over dei fire regionane, so vel som Krim, som vart med i Russland i 2014 etter nok ei folkerøysting.
Moskva har gjentekne gonger sagt at dei er klare for fredsforhandlingar med Kiev so lenge realiteten på bakken blir teken med i reknestykket. Dei sa i tillegg at dei er klare for våpenkvile med éin gong, so fort Kiev anten trekkjer tilbake soldatane sine frå dei nye russiske regionane, eller stoppar mobilisering og leveransar av vestlege våpen.»
