Spørjeundersøking avslører: Unge amerikanarar har slutta å ha sex

Ei landsdekkjande spørjeundersøking i USA har levert eit heller anti-klimaktisk resultat: unge amerikanarar ser ut til å velje å avstå frå sex i stadig større grad. Faktisk har talet unge amerikanarar i sølibat dobla seg dei siste 15 åra. Av openberre grunnar lover ikkje dette godt for fødselsraten. Digital teknologi og smarttelefonar får offisielt skulda, sjølv om det naturlegvis finst andre like plausible årsaker. Seksual- og forplantingslysta er ikkje nemneverdig stor i eit samfunn på randa av kollaps.

RT melder (Saksyndig si omsetjing):

«Amerikanarar står midt oppi ein ‘sex-tilbakegang’, med færre vaksne enn nokosinne som rapporterer om jamleg intimitet enn på noko anna tidspunkt i løpet av dei siste tiåra, har ei landsdekkjande spørjeundersøking avslørt. Den skarpaste nedgangen finn ein blant unge menneske, der rapportar om sølibat har auka dramatisk.

Talet 18-29-åringar som gjekk utan sex i eit heilt år meir enn dobla seg mellom 2010 og 2024, frå 12% til 24%, skreiv Institute for Family Studies (IFS), og viste til dei siste tala frå General Social Survey (GSS) [«Generell sosial-spørjeundersøking»].

‘Unge vaksne bruker mindre tid på dating, formeiring og ekteskap, som får openberre implikasjonar for sex. Faktisk er mangelen på ekteskap grunnen til at unge vaksne står overfor den verste sex-tilbakegangen,’ står det å lese i rapporten. Den skriv derimot at medan gifte vaksne har tendens til å rapportere om oftare sex enn sine single motstykke, har dei òg sett ein jamn nedgang.

Seksuell aktivitet ein gong i veka blant vaksne i alderen 18-64 har falle frå 55% i 1990 til berre 37% i fjor, legg rapporten til.

IFS-rapporten knyter fallet i ekteskapleg intimitet til spreiinga av digital teknologi, og argumenterer at smarttelefonar, datamaskiner og strøymeplattformer stel av tida som par bruker saman.

Eit rapportert bratt fall i sosiale samhandlingar, forårsaka av auken i bruk av smarttelefonar og sosiale media, har òg bidrege til trenden. I 2024 brukte unge vaksne mindre enn halvparten so mykje tid med venner som dei gjorde i 2010 – 5,1 timar i veka samanlikna med 12,8, høvesvis.

Trendane som IFS har sett i søkjelyset har blitt registrert i andre land òg. Forsking publisert førre november i Frankrike antyda at ein fjerdedel av alle 18-29-åringar i landet rapporterte at dei ikkje hadde hatt nokon seksuelle forhold i det heile i løpet av det siste året.»

Kommenter innlegget