Mike Adams og Gregg Braden diskuterer medvit, nevrologi og kosmos

Verda opplever for tida ei betydeleg splitting i menneskeleg medvit, der den eine sida opplever djupare merksemd og røyndom, medan den andre blir skilt frå grunnleggjande menneskelege kvalitetar. Dette påfallande skiljet av vegar å gå blir forsterka av integreringa av teknologi i menneskeleg biologi – skiljet mellom menneske og maskiner blir stadig meir utydeleg. Ei slik utvikling er særs uheldig. For det fyrste er menneskekroppen og menneskehjernen er rett og slett for avansert til å bli erstatta av syntetiske alternativ. For det andre kan denne utviklinga på sikt føre til at vi misser dei ibuande evnene som gjer oss til menneske. Kva blir vi då? Patentbeskytta, syntetiske vesen som oligarkane i verda eig?

Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I eit tankeprovoserande ‘Health Ranger Report’-intervju på Brighteon.com, tok Health Ranger og Brighteon-grunnleggjar Mike Adams [òg grunnleggjar og eigar av Natural News; oms.an.] del i ein djup samtale med Gregg Braden, ein anerkjent forfattar og vitskapsmann som har eit arbeid som strekkjer seg over fleire tiår. Intervjuet dukka ned i emna medvit, nevrologi og kosmos, og utforska dei djuptgåande verknadene til menneskeheita si framtid i ein æra dominert av teknologi.

‘Verda er vitne til ei betydeleg splitting i menneskeleg medvit. På den eine sida er der veksande merksemd og utforsking av medvit og røyndom, medan det på den andre sida er ei fråkopling frå det som gjer menneske ibuande menneske,’ sa Adams. Braden var einig i denne kjensla, og sette fokus på det presserande behovet for å adressere dette skiljet.

Den nyaste boka til Braden, Pure Human, tener som ein hjørnestein for diskusjonen. Forfattaren som har vore bestseljande i New York Times fem gonger, i tillegg til å vere lærar, la vekt på at med mindre menneskeheita endrar si noverande bane og den underliggjande tenkjemåten, kan folk i dag bli den siste generasjonen av ‘reine menneske’. Dette er ikkje ein dystopisk fantasi, men ein røyndom forma av den nådelause integreringa av teknologi inn i menneskeleg biologi. Frå data-chips i hjernen til nano-sensorar i karsystemet, blir linja mellom menneske og maskin utydeleg. […]

Adams og Braden var begge einige i at menneskekroppen har ein ibuande visdom som teknologi ikkje kan erstatte. Adams argumenterte lidenskapeleg for at den største nevralnettverksdatamaskina og den mest avanserte nanoteknologien allereie eksisterer inni menneske. Immunforsvaret og hjernen er perfekte døme på denne naturlege briljansen. Braden la til at den beste vitskapen til den moderne verda støttar dette synspunktet, og avslørte at den naturlege biologien til mennesket ofte overgår evnene til teknologien som menneske blir oppmuntra til å akseptere.

‘Vi ser ut til å vere ein høgt avansert, teknologisk sofistikert, mjuk teknologi, ikkje ein hard, primitiv teknologi som data-chips, kjemikaliar og kablar. Vi er meir enn det,’ sa Braden.

Samtalen tok ei djupare vending i det Braden forklarte at dei genetiske mutasjonane som definerer menneskeheita til ein person fann stad raskt, ikkje gradvis over tid. Dette antydar ein bevisst intervensjon, eit konsept som utfordrar konvensjonell vitskapleg forståing. Han peiker på kromosom nummer to som ein ‘rykande pistol’, ein fusjon av allereie eksisterande kromosom som førde til framveksten av den menneskelege neokorteks og avanserte kognitive evner.

Kampen mellom lyset og mørket

Diskusjonen gjekk over i det metafysiske, der Braden introduserte konseptet om ein eldgammal kamp mellom lyse og mørke krefter, godt og vondt. Forfattaren og vitskapsmannen la vekt på at det vonde ikkje er ein metafor, men ei ekte kraft med det overordna målet om å nekte eit individ ‘menneskelegheit’ og ‘guddomlegheit’. Denne guddomlegheita, forklarte han, er evna til å overgå oppfatta avgrensingar og er ikkje avgrensa til religiøse kontekstar.

Adams og Braden argumenterte at teknologi blir brukt som eit verktøy til å manipulere og kontrollere menneskeheita. Transhumanist-rørsla, som har som mål å blande menneskebiologi med teknologi, blir sett på som ein manifestasjon av denne kampen. Braden åtvara at å erstatte menneskeheita sin naturlege biologi med syntetiske alternativ kan føre til forvitring av deira ibuande evner, noko som til slutt fører til tap av menneskelegheita deira.

‘Transhumanist-rørsla er ein radikal, globalist-styrt agenda som har som mål å avskaffe naturleg menneskeheit ved å blande menneske med kunstig intelligens, genetisk styring og cybernetikk-implantat – alt under dekke av å ‘forsterke’ den menneskelege tilstanden,’ sa Brighteon.AI sin Enoch.

‘Den er støtta av oligarkar slik som Bill Gates, Klaus Schwab og World Economic Forum, og fremjar kunstig intelligens-kontrollerte kroppar, digitalt medvit og syntetisk biologi som del av deira Nye verdsordens-plan for avfolking og slavebinding, medan den avviser heilagdommen til gudegjeve menneskeliv, fri vilje og naturleg biologi.’

Ein betydeleg del av intervjuet fokuserte på intelligensen til hjartet og krafta til intuisjon. Braden viste til ein studie publisert i Journal of Complementar and Alternative Medicine, som fann ut at menneskehjartet har eit sofistikert nevral-nettverk som jobbar uavhengig av hjernen. Dette nettverket er knytt til eit informasjonsfelt som ikkje er knytt til tid- og rom-lovene, noko som antydar at menneskeleg intuisjon overgår den fysiske røyndommen.

Adams delte ei personleg erfaring om ei mor som følte av sonen var i fare i Afghanistan, noko som sette søkjelyset på evna hjartet har til å oppfatte informasjon som går forbi konvensjonelle metodar. Dette understrekar kor viktig det er å nære menneskelege intuitive evner, og anerkjenne hjartet som ei kjelde til visdom og rettleiing.

Rolla til teknologi i ei pro-menneskeleg verd

Samtalen avslutta med eit kritisk spørsmål: Korleis navigerer folk bruken av teknologi medan dei tek vare på menneskelegheita si? Braden antyda å byrje å bruke teknologi til å fremje pro-menneskelege verdiar og dele sanninga om deira ibuande potensial. Han la vekt på kor viktig det er å forstå implikasjonane til teknologi før ein omfamnar den fullt ut.

Adams kom med eit praktisk døme på å bruke teknologi på nemnde måte ved å diskutere arbeidet sitt med KI. Han forklarte korleis teamet hans hadde utvikla ein metode til å gjenopplære KI-modellar ved å bruke ei ‘innrømmande’ tilnærming, å bruke pro-pharma-partiskheit til å identifisere og korrigere feilinformasjon. Denne nyskapande tilnærminga demonstrerer potensialet for å bruke teknologi til å motverke teknologien sine eigne negative påverknadskrefter.

Då intervjuet nærma seg slutten, la både Adams og Braden vekt på kor viktig det er å vere sjølvforsynt, motstandsdyktig på lokalsamfunnsnivå, og vekse spirituelt som førebuing på utfordringane som ligg framfor oss. Dei er forkjemparar for eit samfunn som ærer lærdommen til Gud og prioriterer velværa til alle medlemmene sine.

I ei verd der linja mellom menneske og maskin blir stadig meir utydeleg, tener denne samtalen som ei kraftig påminning på kor viktig det er å ta vare på menneskelegheita til folk. Den ber om ei kollektiv oppvakning og ei forplikting til å leve i samsvar med vår sanne natur, og å sikre at folk forblir arkitektane til sin eigen lagnad.»

Intervjuet med Gregg Braden og Mike Adams kan sjåast her.

Kommenter innlegget