Digital-ID – i Noreg i praksis brukt under namnet Bank-ID – har blitt stadig vanlegare. Dette er eit tviegga sverd. Det er riktig nok rekna som eit langt tryggare alternativ til kontantar; ein risikerer ikkje å få falske pengar når ein betaler med bankkort, openbert! Det er derimot òg ein langt meir effektiv måte for Staten å overvake undersåttane til minste transaksjon. Dei som nektar å bruke Bank-ID, gjer det på eige ansvar, for då må alt gjerast på gamlemåten. Dei som hugsar tida før Bank-ID, kan skrive under på at ting ikkje var spesielt lettvinte før.
Når det gjeld dette digitale dilemmaet, har Vietnam «løyst» problemet med sta kundar som nektar å gje Staten fullt innsyn i deira privatøkonomi. Alle som ikkje byrjar å bruke Bank-ID, får no kontoane sine (og truleg alle pengane) sletta. Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder (Saksyndig si omsetjing):
«Vietnam har akkurat sletta 86 millionar uverifiserte bankkontoar no når nasjonen overgjev seg til globalistane sin ‘Great Reset’.
Statsbanken i Vietnam (SBV) har stengt eller frose rundt 86 millionar bankkontoar fordi kontoane manglar den påkravde biometriske autentiseringa, som vart gjort obligatorisk via eit regjeringsinitiativ. Ved å tvinge kvar konto inn i biometriske spor og slette inaktive eller uverifiserte saldoar, gjer Staten to ting. Den strammar sitt digitale grep og struper uoffisielle kanalar som elles kunne ha flytta pengar rundt om eller ut.
Dei seier til folket at dette handlar om å bekjempe svindel; men faktisk er den skjulte funksjonen å halde all finansiell flyt innanfor syne og under kontroll i ei tid der risiko for dollarmangel stig.
Eit liknande trekk har allereie skjedd i Thailand.
De er åtvara… dette er på veg mot Vesten.
Armstrong Economics rapporterer: Alle som ønskjer å fungere i samfunnet må overgje sine biometriske data for å framleis ha ein bankkonto. Statsbanken i Vietnam (SBV) hevdar at tiltaket var ei system-oppreinsking som hadde som mål å hindre svindel. Faktisk er tiltaket eit steg nærare eit nasjonalt ID-system som gjer Staten i stand til å kontrollere kvart eit trekk hjå borgarane sine.
‘Dette er ein data-reinsande revolusjon,’ sa Pham Anh Tuan, direktør i Betalingsdepartementet. ‘Medan det totale talet bankkontoar framleis er 200 millionar, vil alle kontoar utan biometriske data innan september 2025, so fort det juridiske rammeverket er ferdig, bli stengde for å hindre bedrageri og svindel. Etter sju år med fremjing av kontantlause betalingar, er vi på veg mot verkeleg effektivitet.’
Vietnam innførde nyleg eit landsomfattande digital-ID-system (e-ID) ved namn VNeID som krev at både statsborgarar og utlendingar med opphaldsløyve overgjev seg til matrisen og lèt Staten lagre deira personlege informasjon i ein sentralisert database. Fingeravtrykk, ansiktsbiometriske data, fotografi, pass, nasjonalitet, rulleblad og til og med medisinske dokument vil bli lagra i den statlege database. Det er ikkje valfritt å delta.
Prosjekt 06 vart lansert i januar 2022 og blir hylla som ein teknologisk revolusjon som skal digitalisere landet. Det fulle namnet til Prosjekt 06 er ‘Prosjekt for å utvikle dataapplikasjonar på befolkning, identifikasjon og elektronisk autentisering for å tene nasjonal digital transformasjon i perioden 2022-2025 (Visjon 2030)’, som er fullt på linje med World Economic Forum sine planar for Great Reset. Konseptet har blitt selt til folket som eit praktisk tiltak, men sanninga er at målet er sentralisert, uhemma kontroll over heile befolkninga.
Alt frå bankverksemd til leige av leilegheit er knytt til digital-ID. Eitt gale trekk og Staten kan fullstendig slette nokon frå systemet. Éin feil i kraftnettet og nasjonen til stoppe opp. Den vietnamesiske regjeringa har makta til å stoppe livet til ein person med éin gong.
Vietnamesiske tenestepersonar på høgt nivå møttest i Davos i januar 2025, og kort tid etter byrja dei å ytre bekymringar for bankkontoar som var uverifiserte gjennom biometriske data. Vietnam har aktivt søkt OECD-medlemsskap og signert eit Forståingsmemorandum, der dei viser til at Prosjekt 06 vil late nasjonen møte retningslinjene til OECD for reguleringsreformer. Vietnam var ein av dei siste nasjonane som kopla seg av Automatic Exchange of Information (AEOI) som krev at medlemmer deler bankrelatert informasjon under påskot av å hindre skatteunndraging.»
