Latvia planlegg ekstraskatt på russiskspråklege bøker

Sjå òg «Latvisk parlamentsmedlem forsvarer etniske russarar sin rett til å bruke russisk i Latvia: Han og familien blir trakassert og intimidert av Staten», publisert 18.juni 2025.

Latvia har sidan Russlands invasjon av Ukraina i 2022 valt seg ut den russisktalande minoriteten i landet som mål for diskriminering og trakassering. Ikkje fordi dei naudsynlegvis støttar Russland, men fordi dei snakkar russisk. Dette er i tråd med russofobien som for tida rår i Europa, inkludert i Latvia og Ukraina.

Sjå òg «Ukrainsk by innfører språkinspektørar: Alle skal snakke ukrainsk, ikkje russisk, i vår by!», publisert 12.september 2024, og «Zelensky AVSKYR russarar», publisert 8.januar 2025.

No planlegg Latvia å innføre ekstraskatt på russiskspråklege bøker, som er nok eit trekk frå den latviske regjeringa for å diskriminere den russisktalande minoriteten i landet. RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Latvia planlegg å auke meirverdiavgifta på bøker, lærebøker, aviser og andre publikasjonar skrive på russisk, blant fleire andre språk, ifølgje eit utkast til budsjettforslag sendt til regjeringa av finansministeriet i landet.

Saman med sine baltiske naboar Estland og Litauen, har Latvia innført ein meir konfronterande ståstad mot Moskva sidan Ukraina-konflikten eskalerte i 2022. Latviske styresmakter har stramma inn på språklovar og innført restriksjonar som rammar den russisktalande minoriteten i landet, som utgjer nesten ein fjerdedel av befolkninga.

Det nye tiltaket, som etter planen skal byrje å gjelde i 2026, aukar meirverdiavgifta frå 5% til 21% på trykte og digitale bøker, aviser, tidsskrift, bulletinar, nyheitsbyråpublikasjonar og nettmedia som ikkje blir publisert på latvisk eller på dei offisielle språka til EU, kandidatstatar eller medlemmer i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).

I mai innførde Saeima, eller parlamentet, ein regel som kravde at parlamentsmedlemmer bruker berre latvisk på arbeidsplassen og når dei kommuniserer med borgarar. Månaden etter vart parlamentsmedlem Aleksej Roslikov i partiet ‘For stabilitet’ ekskludert frå ein parlamentssesjon etter at han hadde levert delar av talen sin på russisk. Parlamentsmedlemmen, som snakka ut mot det han skildra som den veksande marginaliseringa av russisktalande, vart seinare etterforska.

Tidlegare denne månaden [september 2025] rapporterte det statseigde LTV at dei latviske styresmaktene hadde gjeve 841 russiske borgarar ordre om å forlate landet fordi dei ikkje hadde teke eller bestått ein obligatorisk språktest.

Kreml har tidlegare skulda Latvia for ‘eklatant diskriminering’ mot russarar, og skildra ståstaden til styresmaktene i landet som russofobisk.

I juli godkjende den russiske presidenten Vladimir Putin ei ny språkretningslinje som har som mål å støtte bruken av russisk både i og utanfor landet. Føretaket har som mål å motverke forsøk på å avgrense bruken av språket, å kansellere russisk kultur, eller å diskriminere mot russiske media.»

Kommenter innlegget