Ei kvinne må i snitt føde 2,1 barn for at folketalet skal halde seg på same nivå – altso for å unngå nedgang i folketalet. Mange land har eit snitt på under to barn, medan kvinner i enkelte land ikkje eingong føder eitt barn i snitt. Her trer Sør-Korea fram med sine urovekkjande 0,72 barn per kvinne. Den globale fruktbarheitsraten – og dermed fødselsraten – har falle dramatisk dei siste 60 åra, noko som vil få demografiske, økonomiske og sosiale konsekvensar. Land der kvinner får mange barn, slik som i delar av Afrika og Midtausten, er i praksis dysfunksjonelle og utarma på grunn av krigføring frå Vesten. Dermed kjem dei til vestlege land som flyktningar, og kan på sikt erstatte den opphavlege befolkninga. Dette er ikkje ein konspirasjonsteori, dette er rein statistikk.
Kvifor får kvinner stadig færre barn? Kan ein viss «vaksine» ha noko med det å gjere? Denne artikkelen nemner ikkje «vaksinen» direkte, men tidsmessig kan ein ane ein samanheng mellom rekordlåg fruktbarheits-/fødselsrate og massevaksinasjonen som gjekk føre seg i dei fleste vestlege land i perioden 2021-2022. Eit tema som artikkelen nemner, er dagens rekordhøge utgiftsnivå; mange kvinner vegrar seg rett og slett for å få barn på grunn av dei store økonomiske kostnadene det inneber.
S.D. Wells i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Globale fruktbarheitsratar har falle dramatisk i løpet av dei siste seks tiåra, noko som reiser betydeleg uro blant ekspertar om demografiske, økonomiske og sosiale konsekvensar. Fruktbarheitsraten, definert som det gjennomsnittlege talet barn ei kvinne får i levetida si, har minka frå fire til fem barn i 1960 til 2,2 i 2023 – knapt over erstatningsraten på 2,1. Medan befolkninga i verda held fram med å vekse, og når estimerte 8,1 milliardar i 2025, har veksttempoet gått ned, der projeksjonar indikerer vidare nedgang. […]
Ei komande befolkningskrise? Fruktbarheitsraten i verda når sitt lågaste nivå på 60 år
Demografar åtvarar at om desse trendane held fram, vil samfunnet stå overfor minkande arbeidsstyrke og eksploderande kostnader assosiert med ei aldrande befolkning. Steven Mosher ved Population Research Institute skildra situasjonen som ‘ei gradvis implodering av verdsøkonomien’, og spår langsiktig ustabilitet som vil bli vanskeleg å reversere. På liknande vis kalla makroøkonom Jesús Fernández-Villaverde den minkande fruktbarheita for ‘den verkelege økonomiske utfordringa i vår tid’.
Ifølgje U.S. Census Bureau [«Amerikansk byrå for folketeljing»], bur berre fire prosent av den globale befolkninga i land med høge fødselsratar – primært i Afrika, der til og med dei ratane har minka. Nesten tre fjerdedelar av menneskeheita bur no i nasjonar som ligg på eller under erstatningsfruktbarheita [2,1; oms.an.]. India, verdas mest folkerike land, har opplevd at fruktbarheitsraten fall frå rundt seks barn per kvinne i 1960 til 1,9 i 2023. Fruktbarheita til Kina har falle til under éin, medan Sør-Korea, Singapore og Ukraina har nokre av dei lågaste ratane i heile verda, der alle ligg under 1,0. USA fall under erstatningsraten i 1972 og nådde eit historisk lågt nivå på 1,62 i 2023.
I vestlege nasjonar byrja nedgangen på 1960-talet då der dukka opp P-piller, lovleg abort og aukande skilsmisseratar. FDA godkjende den fyrste fødselskontrollpilla i 1960, og innan fem år hadde amerikanske fødselsratar allereie falle. Roe v. Wade (1973) akselererte vidare nedgangen, der studiar viste betydelege reduksjonar i fødselsratar i kjølvatnet av abort-legaliseringa. På liknande vis bidrog reformer i skilsmisselover i Europa og Nord-Amerika til mindre familiestorleik.
Erfaringa til Kina understrekar den dramatiske effekten av politikk og retningslinjer. Etter hungersnaud og politiske omveltingar på midten av 1900-talet, introduserte Beijing eittbarnspolitikken i 1979, og handheva den gjennom prevensjon, sterilisering og abort. Forskarar estimerer at politikken hindra mellom 400 og 520 millionar fødslar, noko som har etterlate landet med ei av dei raskast aldrande befolkningane i historia.
Økonomisk press og moderne utfordringar
I dag er økonomiske bekymringar ein større faktor ved låg fruktbarheit. I Sør-Korea viste informantar i ei FN-spørjeundersøking til bukostnader, avgrensa plass, og utgifter til barnepass som hovudgrunnane til å setje på vent eller unngå å bli foreldre. I USA viser spørjeundersøkingar at over ein tredel av barnlause vaksne føler at dei ikkje har råd til barn. Arbeidsdepartementet rapporterer at barnepasskostnader ofte er like dyre som eller dyrare enn husleige, noko som skaper ein betydeleg barriere for unge familiar.
Ekspertar åtvarar at medan det demografiske skiftet skjer gradvis, vil effektane av det intensivere innan nokre tiår. Nasjonar med vedvarande låge fruktbarheitsratar står overfor økonomisk stagnasjon, mangel på arbeidskraft, og sosial belastning når eldre generasjonar blir fleire enn dei yngre. Når fruktbarheitsratane er på sitt lågaste på 60 år og fell i nesten kvar region, er verda i ferd med å konfrontere ei komande befolkningskrise som kan omforme globaløkonomien og samfunnet i komande generasjonar.»
Sjå òg «Den globale fødselsraten i hittil usett fall – befolkningskollaps er på veg, ifølgje FN», publisert 13.juni 2025.
