Sjå òg «Kvifor er Saksyndig-redaktøren anonym?» publisert 23.mars 2025.
Anonymitet på nettet kan i næraste framtid bli historie. Altinget melder at Regjeringa i desse dagar driv og legg til rette for at politiet skal få lov til å overvake folk om dei trur at dei kjem til å gjere noko kriminelt. Dei skal få fullmakter til å identifisere kven som står bak anonyme kontoar på internett. Ein snakkar her om førebyggjande overvaking, noko som i beste fall er ein tvilsam praksis – i eit fungerande demokrati kan ein ikkje overvakast før ein faktisk har gjort noko straffbart.
Dei fleste kloke hovud veit i dag at Noreg ikkje lenger er eit demokrati. Fridomsavgrensande lover blir vedtekne i smug medan folk flest er opptekne av langt meir trivielle ting. Nemnde forslag har høyringsfrist måndag 6.oktober, og kjem midt oppi debatten om trelitersdunkar med vin, og om dei skal bli forbodne. Det får ein til å lure på om alt vinpratet er ein distraksjon frå styresmaktene si side – for no står sjølve retten til å ytre seg anonymt i fare. Folk flest ser ikkje ut til å bry seg nemneverdig om det, dei vil heller behalde retten til å kjøpe vindunkar på polet. I våre dagar treng vi gjerne litt sterkare saker enn vin, berre for å halde ut all galskapen «våre» politikarar finn på.
UtenFilter rapporterer:
«I høringsnotatet foreslår Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) at politiet og PST skal få muligheten til å hente ut IP-data om en person dersom de er bekymret for at den kommer til å begå et alvorlig lovbrudd. Dette kan for eksempel være nødvendig for å finne ut hvem som står bak anonyme brukere.»
Og vidare:
«PST får muligheten til å hente ut noens IP-adresse for å forebygge terror, ulovlig etterretningsvirksomhet og spredning av masseødeleggelsesvåpen. Politiet skal kunne få tilgang til IP-data for å forebygge lovbrudd med strafferamme på 6 år eller mer.
I lovforslaget står det at PST og politiet skal kunne hente ut denne informasjonen hvis ‘det er grunn til å undersøke om noen forbereder en handling’ i tråd med de nevnte rammene.
I høringsnotatet peker departementet på at de trenger tilgang til denne informasjonen for å enda bedre kunne oppdage radikalisering og stoppe overgrep mot barn på nettet.»
Grunngjevinga liknar mistenkjeleg på lovendringa som fann stad nyleg i Storbritannia, den sokalla Online Safety Act. Det som tilsynelatande ser ut som ein måte å førebyggje og nedkjempe barneporno og organisert kriminalitet, er i røynda eit overvakings- og sensurverktøy frå Staten si side. Det same kan skje her i Noreg om lovforslaget blir vedteke no i oktober.
Sjå òg «Meir enn 400 000 britar vil avskaffe Online Safety Act – meiner den skaper sensurregime», publisert 31.juli 2025.
Rådgjevar Gerald Kador Folkvord i Amnesty er einig i at det ligg heiderlege føremål bak forslaget, men er likevel redd for at lovendringa skal gå for langt. Med hans eigne ord:
«Det vil aldri være mulig å forhindre all kriminalitet, selv ikke i en totalitær politistat […].»
Han seier i tillegg at lovendringa kan få ein «nedkjølende effekt på ytringsklimaet». Klart, om PST og politiet får mandat til å overvake alt ein skriv, vil nok dei aller fleste vegre seg for å ytre seg om kontroversielle tema, slik som politikar-korrupsjon, masseinnvandring og skepsis til styresmaktene. Dei som i årevis har åtvara om at Noreg og andre vestlege land er i ferd med å bli totalitære statar, får rett – men for oss er det ei mager trøyst.
Sjølv departementet som står bak høyringsnotatet erkjenner risikoen for mindre ytringsfridom:
«For enkelte kan en hjemmel for myndighetene til å koble nettaktivitet til identitet, selv der det ikke er mistanke om straffbare handlinger, føre til at personen avstår fra å ytre seg.»
Petr Vasilev, forbundssekretær i El- og IT-forbundet, er òg kritisk til forslaget. Han skriv i høyringssvaret sitt at ordet «forebygging» er «diffust definert», og kan opne for større fullmakter enn det som var føremålet. Det største problemet er at det ikkje finst tryggleiksmekanismar. Den overvaka kan ikkje klage, fordi vedkomande ikkje vil få vete at han eller ho faktisk blir overvaka.
Til no har det ifølgje Altinget-artikkelen berre kome inn 10 høyringssvar – ingen av dei er enno (28.september 2025) blitt offentleg tilgjengelege.
Dei som er plaga av forfølgingsvanvit og meiner seg overvaka av skjulte aktørar, reelle og innbilte, vil no få nok ein grunn til å leve i frykt og uvisse. Kanskje det er det som er det eigentlege målet med forslaget til Regjeringa. Kritiske røyster skal trugast til stillheit av politiet.
Alle skal halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen. Dette høyrest mistenkjeleg kjent ut.
