Woke har nådd eit nytt nivå av galskap i det som skal vere verdast mest nøytrale land, og det einaste med direkte folkestyre: Sveits. Ein mann har blitt dømt til fengsel etter å ha lagt ut eit innlegg i sosiale media som slår fast eit biologisk faktum: der finst berre to kjønn. Påtalemakta tolka derimot innlegget hans som å vigle opp til hat overfor LGBTQI-personar. Sunn fornuft og fakta i ei tid der alle er styrt av kjensler endar sjeldan godt, kan det verke som.
Thomas Brooke på nettstaden Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):
«Ein mann i Sveits har blitt dømt til ti dagars fengsel etter å ha nekta å betale ei bot for eit innlegg på sosiale media der han hevda at der berre finst to kjønn.
Emanuel Brünisholz, ein 57 år gammal blåseinstrument-reparatør frå Burgdorf i kantonen Bern, vart dømt under landets anti-diskrimineringslover for ein Facebook-kommentar skriven i desember 2022.
Saka byrja då Brünisholz svarte på eit innlegg frå Andreas Glarner, medlem av Det sveitsiske nasjonalrådet og ein parlamentarikar for det høgreorienterte Sveitsiske folkepartiet. I kommentaren hans skreiv Brünisholz: ‘Om du grev opp LGBTQI-folk etter 200 år, vil du berre finne menn og kvinner basert på skjeletta deira. Alt anna er ein psykisk sjukdom fremja av skulepensum.’
Kommentaren vart raskt rapportert til styresmaktene av aktivistar som diskriminering og oppvigling til hat. Lokalpolitiet lanserte deretter ei etterforsking for å finne ut om innlegget var i strid med Artikkel 261bis i Den sveitsiske straffelova, ein provisjon som opphavleg vart innført i 1995 for å forby rasistisk oppvigleri, og utvida i 2020 for å inkluderte seksuell orientering og seksuell identitet.
Brünisholz vart kalla inn til avhøyr av Kanton-politiet i Bern i august 2023, der han ope innrømde å ha skrive innlegget. ‘Ja, det stemmer. Det er det eg skreiv,’ sa han til politibetjentar, og insisterte at det var verken seksuelt diskriminerande eller rasistisk, og lo av tiltalen. Han argumenterte at han hadde rett og slett peikt på eit faktum om menneskeleg biologi, og sa seinare i retten at han trudde mesteparten av folket ville seie seg einige med han.
Styresmaktene tok derimot eit anna syn, og han vart tiltala, straffeforfølgt og til slutt dømt.
Som rapportert av den tsjekkiske formidlaren Inside Paradeplatz, argumenterte påtalemakta at kommentaren ‘offentleg fornedra gruppa av LGBT(Q)I-personar basert på deira seksuelle orientering i ein måte som går utover den menneskelege verdigheita’, og at Brünisholz hadde handla med ‘i det minste endeleg intensjon’ [at han til sjuande og sist hadde som intensjon å spreie hatefull tale].
Brünisholz vart til slutt ilagt 50 dagbøter på 50 sveitsiske frank kvar [622 norske kroner], fekk ein prøveperiode på to år, pluss ei ekstra bot på 500 frank [6220 kroner].
Han anka kjenninga, men regionalretten i Emmental-Oberaargau opprettheldt dommen i desember 2023, og la til fleire hundre frank i ekstra rettsutgifter. På det punktet tilrådde advokaten hans at vidare anke ikkje ville ha nokon realistisk sjanse for å lykkast i rettssystemet i Sveits.
Brünisholz nekta å betale bota på 500 frank, og fekk i staden ein ordre om å sone 10 dagar i Burgdorf regionalfengsel, frå og med 2.desember 2025. Ordren gjer det tydeleg at den subsidiære fengselsstraffa blir utført i staden for den ubetalte bota.
For Brünisholz har det heile blitt ei prinsippsak. Han held fram med å insistere at han blir gjort til kriminell for å uttrykkje ei meining om biologi, ikkje for å vigle opp til hat. ‘Eg står for det eg skreiv,’ sa han til politiet under avhøyret.»
Saksyndig støttar Brünisholz fullt og heilt i saka hans, og slår fast det han no har fått fengsel for å skrive:
Det finst berre to biologiske kjønn hjå menneske. Er du fødd som mann, blir du verande mann heile livet, same kva du sjølv påstår. Det same gjeld om du er kvinne og plutseleg føler at du er ein mann. Tankar og kjensler kan ikkje styre genar og biologi.
