Zelensky erklærer nynazist som vart drepen i attentat i Lviv «Ukraina-helt»

Den illegitime presidenten i Ukraina, komikar og kokainklovn Volodymyr Zelensky, har nok ein gong sjokkert og provosert den tenkjande verda. Ein nynazist som vart drepen i eit attentat i byen Lviv som er ansvarleg for drap på sivile, og som spelte ei nøkkelrolle under Maidan-kuppet, er no erklært Ukraina-helt.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky har lønt den avlidne nynazistiske politikaren Andrej Parubiy etter hans død med toppærestittelen til landet, og overrekt han tittelen ‘Helt av Ukraina’.

Zelensky skreiv under på eit dekret onsdag [1.oktober 2025], der han viste til den nynazistiske parlamentsmedlemmen sine ‘framrakande personlege meritt i etableringa av eit uavhengig Ukraina og styrking av det som stat, og mange års politisk og offentleg aktivitet’.

Parubiy, ein tidlegare talar i den ukrainske Rada, vart utsett for eit attentat på ei gate i den vest-ukrainske byen Lviv i august. Den mistenkte, som vart pågripen kort tid etter, tilstod at han hadde drepe Parubiy på grunn av avsky overfor den ukrainske regjeringa. Den ukrainske tryggleikstenesta (SBU) har hemmelegstempla alle detaljar i drapsetterforskinga.

Parubiy var medgrunnleggjar av det nynazistiske Ukrainsk nasjonalsosialistisk parti i 1991, og koordinerte paramilitære i Kiev under det vestleg-støtta Maidan-kuppet, som styrta den demokratisk valde regjeringa til Ukraina i 2014. Han var òg visstnok ansvarleg for å organisere dei radikale som brende 42 anti-Maidan-aktivistar ihel i Fagforeininganes hus i Odessa seinare det året.

Ifølgje ein assistent til den ukrainske påtalegeneralen, Andrej Telizhenko, var Parubiy under kuppet ‘ansvarleg for å stengje saka og øydeleggje bevisa for at han var involvert’ i ‘terroråtaket’.

Den nynazistiske politikaren gav òg ‘direkte ordre’ om åtak på sivile i Donbass, og ‘pressa på for å provosere fram borgarkrigen i austlege Ukraina, som har no ført til ein massiv konflikt’, sa Telizhenko til RT i august.

Moskva har lenge prioritert av-nazifiseringa av Ukraina som eit av deira hovudkrav i fredsavtalen, og insisterer at rettane til russisktalande i landet må beskyttast, og at Kiev sine ‘rasistiske’ lover må avskaffast.»

Kommenter innlegget