Arbeidsgjevar har skapt høgt sjukefråvær: Vil sende leiarar på kurs i å avvise sjukmeldingane til utslitne tilsette

Det etter kvart so berykta Finnmarkssykehuset har vore gjennom det som blir skildra som ei «hard omstilling». Som eit resultat har sjukefråværet blant dei tilsette auka, og ligg no på 10% dei fyrste månadene av 2025. Ifølgje tillitsvalde er høgt arbeidspress ei viktig årsak. No melder NRK at arbeidsgjevar si «løysing» er å sende leiarane på kurs i å opponere mot sjukmeldingar.

Sokalla bestridelse av sjukmelding tydar at ein arbeidsgjevar ikkje godtek sjukmeldinga frå ein tilsett av ymse årsaker, mellom anna den at der ikkje føreligg medisinsk grunnlag for sjukmeldinga, og at den tilsette dermed skaffar seg «betalt ferie» for å sleppe unna jobben. Ein arbeidsgjevar som nektar å godta ei sjukmelding viser dermed at vedkomande ikkje stoler på sine tilsette. Og den tilsette kan risikere å gå månadsvis utan inntekt medan Nav behandlar saka.

Saksyndig har ved fleire høve kommentert denne særs uheldige utviklinga i norsk arbeidsliv. Saka har minst to sider. Ein har tilsette som med vit og vilje utnyttar den særs sjenerøse sjukelønnsordninga, og so har vi dei som er reelt sjuke, men som ikkje blir trudd av arbeidsgjevar. Ein kan òg trekkje inn det faktum at sjukefråværet i Noreg generelt er høgt, og at dette kostar arbeidsgjevarar store pengesummar. Systemet med eigenmeldingar og sjukmeldingar er i stor grad eit tillitsbasert system – på godt og vondt, kan ein trygt seie.

Sjå òg «Striden om sjukelønna: Nordmenn utnyttar systemet, men risikerer samstundes å bli straffa ved REELL sjukdom», publisert 15.desember 2024, og «Elefanten i rommet: Full sjukelønn skaper det særnorske, skyhøge sjukefråværet», publisert 10.januar 2025.

Avvising av sjukemeldingar har auka med 46% på to år. Kan det tyde at enkelte arbeidsgjevarar har lukta lunta og bestemt seg for å straffe tilsette for at dei frå arbeidsgjevars ståstad skulkar jobben når der oppstår utfordringar på arbeidsplassen? Personleg vil eg på det sterkaste fråråde tilsette å lyge til seg ei sjukmelding om dei ein dag føler for å ikkje kome på jobben. Gyldig eigenmeldingsgrunnlag er om du er so dårleg at du ikkje kjem deg ut ytterdøra. Gyldig sjukmeldingsgrunnlag er fulle sirener i ambulanse til legevakta, og snarleg innlegging på sjukehus.

Sjå òg «Avvising av sjukemeldingar har auka med 46% på to år – er bøtelegging av ‘vanskelege’ arbeidsgjevarar vegen å gå?», publisert 15.mai 2025.

Finnmarkssykehuset ser ut til å mistenkje at den «harde omstillinga» har gjort at tilsette vel å skulke jobben. Det å i fullt alvor arrangere kurs for leiarane i korleis ein avviser sjukmeldingar, viser tydeleg at arbeidsgjevar ikkje lenger stoler på dei tilsette. Alt sjukefråvær – legitimt eller ikkje – blir no mistenkjeleggjort. Dette er ei særs uheldig utvikling, og salt i såret for tilsette som har stått i ein vanskeleg situasjon på arbeidsplassen over lang tid. Med leiaren for Finnmark legeforening sine ord, er eit kurs i bestridelse av sjukmelding provoserande.

Sjukefråværet har blitt skapt av arbeidsgjevar sjølv, og i staden for å ivareta dei tilsette, viser dei mistillit. Dei historiene som dukkar opp i media om tilsette som har fått sjukmeldinga avvist, målar eit bilete av ein hard og hjartelaus arbeidsgjevar som kastar sjuke tilsette ut i eit system som er like dysfunksjonelt som det er nådelaust.

Arbeidsgjevarar sin aukande motvilje mot sjukefråvær handlar ikkje berre om bedriftsøkonomi; ein arbeidsgjevar betaler jo berre sjukepengar i arbeidsgjevarperioden, og etter dette overtek Nav. Langt meir djuptliggjande aspekt bør her takast til etterretning.

Tilsette som ikkje er i stand til å jobbe på grunn av sjukdom, blir mellombels ein del av den passive økonomien. Dei kan ikkje lenger bidra til at hjula til Noreg A/S ® går rundt, og det likar maktapparatet dårleg. Vi er alle slavar, og slavar sin einaste verdi er at dei bruker dagane på å slite seg ut. Om mange nok nordmenn blir arbeidsudyktige, får Staten eit stort problem.

Vi har nemleg digre folkegrupper som er ein permanent del av den passive økonomien – ikkje-integrerbare innvandrarar frå MENA-land. Noreg gje dei særbehandling for å tekkjast sine overherrar i den supranasjonale djupstaten. Dei sjølve få alt dei peiker på – helst på timen – elles lagar dei bråk og elende, og får gode menneske sparka frå sine stillingar ved å trekkje fram rasismekortet. Og utfører dei uhyrlege straffbare handlingar slik som valdtekt og drap, dei få mildast mogleg behandling i rettsapparatet.

For at dette «gullstolfolket» skal kunne leve herrens glade dagar utan å måtte jobbe, lyt nordmenn dra lasset. Og når nordmenn av ymse årsaker ikkje kan dra lasset lenger, må prosessen med å få dei same ytingane som MENA-folket får på dagen, trenerast so lenge som mogleg og helst ikkje utførast i det heile. Då kjem avvising av sjukmeldingar inn som eit nyttig verktøy, og den sjuke, utslitne nordmannen kan sakte visne hen og døy medan pengar blir spart og brukt på nyttigare ting.

Kommenter innlegget