Med dette innlegget vil eg informere mine faste lesarar om at eg i oktober ikkje kjem til å publisere noko om sundagane. Det er fleire årsaker til at eg tek «sundagsfri».
- Saksyndig er ikkje lenger ein redaksjon. Det er no berre eg som skriv og publiserer artiklar, og dette fører naturlegvis til ein betydeleg nedgang i materiale. Utan å gå i detalj, skjedde det ting i sommar som gjer at mine samarbeidspartnarar bestemte seg for å forlate Saksyndig-skuta.
- Eg jobbar 100% i ein jobb som har blitt meir krevjande. På grunn av aukande uro i samfunnet har jobben min blitt meir utfordrande, og dette fører til mindre tid og overskot til å skrive artiklar.
- Eg jobbar for tida med eit større skjønnlitterært prosjekt. Slik eg gjorde før eg starta Saksyndig i 2021, jobbar eg med eit engelskspråkleg prosjekt. Dette prosjektet konkurrerer no med Saksyndig på det vesle eg har av fritid, men er noko eg har valt å prioritere.
Dette er dei tre hovudårsakene. Andre årsaker er av ein privat natur, og kjem ikkje til å bli nemnde her.
Prøveprosjektet Saksundagsfri er med dette innført.
