Eit tema som ofte er oppe til debatt i den offentlege og den ikkje-offentlege diskursen, er kor mykje verdt eit menneskeliv er. Det herskar brei semje om at enkelte liv er meir verdt enn andre, utifrå nytten kvart individ bidreg med til samfunnet. Ein dreg her eit skilje mellom dei som gjev og dei som tek. Dei aller fleste gjer begge delar, men enkelte tek meir enn dei gjev – og omvendt.
Livet består av transaksjonar som ideelt sett bør vere gjensidig nyttige. Ein arbeidsgjevar betaler ein arbeidstakar for tida, kompetansen og lojaliteten hennar. Ein ektemann gjev kona tryggleik i byte mot monogam kjærleik. To venner hjelper ein tredje venn med å fikse bilen mot at den tredje vennen låner dei bilen til å køyre ein gammal sofa på Bir. Døma er mange, men konseptet er krystallklart: Transaksjonar er sjølve berebjelken i eit fungerande samfunn.
Den sokalla transaksjonsbalansen bør liggje på null – ein gjev og tek imot omtrent like mykje. Det er feil for ein sjølv å berre gje, og det er sett på som uverdig og uakseptabelt å berre ta. Det handlar om skamvit og omtanke for sine medmenneske – berre dei utan skam kan leve eit tilvære som parasittar som berre krev utan å bidra med noko sjølv. Dei som har slik negativ transaksjonsbalanse, kan dermed seiast å ha mindre verdi enn dei som har nøytral eller positiv transaksjonsbalanse (dei som gjev meir enn dei tek).
Det er eit betydeleg etisk og filosofisk dilemma å dele menneske inn i kategoriar på denne måten. Enkelte kan ikkje hjelpe for at dei er ei «bør» for samfunnet.
Kor stor verdi eit menneske har for samfunnet utifrå observerbar nytteverdi, kan lett estimerast. Noreg har meir bruk for helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, bussjåførar, butikkmedarbeidarar og lærarar enn dei har for karrierepolitikarar, helsedirektørar, informasjonskonsulentar og influenserar. Lønnsnivået reflekterer ikkje dette nyttebehovet på nokon måte.
Læraren og artisten Ketil Stokkan fekk 15.oktober 2025 publisert eit innlegg på nettstaden Nordnorsk Debatt. Temaet er, som i mange andre artiklar for tida, dei altfor høge lønningane til «leiarar» i helsevesenet. Medan ei toppleiarlønning ligg på mellom ein og tre millionar, kan ein nyutdanna sjukepleiar forvente ei startlønn på mellom 480 000 og 540 000 – ein helsefagarbeidar ein smule mindre. Ein leiar i eit helseføretak tener fem gonger meir. Er dermed leiaren fem gonger meir verdt enn sjukepleiaren? På ingen måte. Eit helseføretak greier seg fint utan ein direktør, men utan sjukepleiarar går liv tapt.
Stokkan spurde KI (kunstig intelligens) kor mykje eit menneskeliv er verdt. Han fekk dette svaret, som Saksyndig her siterer i sin heilskap:
«Et menneskeliv har ikke én fastverdi, da det er umulig å sette en pris på et individs liv. Imidlertid brukes en «verdi av et statistisk liv» (VSL) i samfunnsøkonomiske analyser for å vurdere kostnader og nytte ved tiltak som reduserer risikoen for død. Finansdepartementets har satt verdien til 30 millioner kroner (2012-kroner) for slike formål, som justeres årlig basert på nasjonal inntekt. Helsedirektoratet estimerer verdien av et statistisk leveår (VSLY) til å være mellom 1,17 og 2,19 millioner (2023-kroner)».
Dette er, med Stokkan sine ord, «bare piss». Eit menneskeliv er meir enn inntekter vedkomande genererer for Staten. I tillegg kjem sjølve verdien av å vere eit menneske, og den positive påverknaden eit menneske har på dei rundt seg. Her kjem transaksjonsbalansen inn i biletet. Enkelte gjer gjennom sine handlingar verda til ein betre plass, medan enkelte gjer verda til ein verre plass. Utifrå eit reint etisk og filosofisk synspunkt, er sistnemnde menneskekategori mindre verdt – i den tydinga at dei er mindre ønskt enn dei som gjer verda til ein betre stad. Det ein ikkje ønskjer, har automatisk lågare subjektiv verdi enn det ein ønskjer.
Kva nytteverdi har grådige, skamlause psykopatar for samfunnet? Kvifor blir slike personar føretrekte til maktposisjonar? Kvifor har samfunnet råd å betale ein unyttig direktør tre millionar i året pluss ymse godtgjersler, men ikkje råd til å bruke same summen til å forlengje livet til ei nygift småbarnsmor med alvorleg kreft? Dette sender eit utvitydig, hjarterått signal: Den mektige direktøren er meir verdt enn småbarnsmora, og har større rett til å leve enn ho har. Denne skilnadshandsaminga kan vanskeleg tolkast på nokon annan måte.
Eller, som Stokkan formulerer det:
«I debatten på NRK1 14.10.2025 ble det diskutert hvorvidt mennesker med kreftlidelser bør få dekt utgifter til livsforlengende medisiner. Dette er jaggu ikke bare enkelt å forstå, spesielt fordi legemiddelindustrien profitterer på å selge sine produkter til høystbydende, uansett land eller regjeringer.
På spørsmål til helseminister Vestre ble kronebeløpet for et menneskeliv sågar vektet opp imot direktørlønninger i helsevesenet. Og dette passet enda dårligere i diskusjonen om lederlønningen til Helse Nords kommunikasjonsdirektør Kim Hannisdal, som lyder på 1.734.020 kroner. Og da blir dette igjen selvfølgelig regnet mot et kreftlindrende preparat til 5 millioner kroner som enkeltindivider trenger for å overleve en kreftsykdom.
Vestre forsøkte å finne en sosialdemokratisk korrekt og menneskelig begrunnelse, men gjemte seg til slutt bak ei unnaluring som sier at alle saker må innom et ‘beslutningsforum’. Dette er bare et ord som fraskriver regjeringen for å ta ansvar for de lidende og svake i samfunnet. Det betyr bare at regjeringen ikke kommer til å kjøpe og bruke penger på å hjelpe enkeltindivider og familier som lider av kreftrelaterte sykdommer.»
Dette er ikkje dumskap – dei veit betre. Dette er vondskap forkledd som eit ugjennomtrengjeleg, ansiktslaust byråkrati. Eliten viser her sitt sanne ansikt. Er nokon sjuke og treng dyr behandling, har dei i elitens auge mist sin verdi som elitens slavar. Då vil eliten ha dei fjerna so raskt som mogleg. Avslutningsvis vil eg hevde at dei som snakkar ivrig om eugenikk og reduksjon av folketalet, høyrer til den kategorien av menneske som ville ha gjort verda til ein betre stad ved å snarast mogleg forlate den.
