Dette er ei novelle. Alle personar, hendingar og dronar er oppdikta. Sjå òg «Sex med Karl», publisert 18.august 2024.
Det er ein vakker, solfylt oktoberdag på Voss, ein liten time med toget unna Bergen – når toget går, riktig nok. I ein suvenirbutikk i hovudgata står ei temmeleg nerdete jente med brunt, bølgjete hår og mørkeblå auge. Ho er kledd i ei mørkegrå herreskjorte med kvite knappar og eit par svarte skinnbukser. Rundt halsen har ho ein tattoo-choker. Eit namneskilt på det venstre brystet hennar viser at ho heiter «Astrid». Ho står og scrollar på mobilen sin medan ho småfniser. Ho ser på kattevideoar på TikTok.
Inn i butikken kjem ei kraftig druse kledd frå topp til tå i gotarkle. Svarte nettingstrømper, kort, svart, skinande skjørt, svart korsett og ei svart skinnjakke. Håret hennar er farga grønt med lilla striper, og ho er sminka likbleik med mykje maskara og svart leppestift. Brysta hennar er enorme, og i kløfta dinglar det fleire sølvsmykke med okkulte symbol. Ræva er endå større, og får knapt plass der ho trippar forbi dei mange smekkfulle reolane.
«God morgon, Astrid,» seier denne berta.
«God morgon, Morgana,» svarer Astrid der ho står på utstilling bak disken. «Du er tidleg oppe i dag.»
Klokka er eitt om ettermiddagen.
«Ja, eg har vore på møte med Nav,» seier Morgana og himlar med auga. «Eg forstod knapt kva saksbehandlaren min sa.»
«Snakka dei byråkratspråk igjen?»
«Saksbehandlaren var ikkje norsk. Det var ei hijab-dame frå eit eller anna stan-land.»
«Ah.» Astrid legg frå seg mobilen. «Ace Frehley er død.»
«Space Ace? Gitaristen i Kiss? Hmm, det var vel på tide. Fyren kunne ha vore faren min, om ikkje bestefaren. Folk tek jo kvelden til slutt.»
Morgana vrir lett på seg der ho står. Begge vender blikket vekk frå kvarandre. Ute skin sola og gata er full i folk. Det er mange knakande kjekke menn som anten går tur med gravide damer, eller med barnevogn og ungar på slep.
«Det er mange barnevogner og gravide kvinner på Voss for tida,» seier Morgana.
«Ja, dei aukar folketalet,» seier Astrid.
«Blir det noko på deg for tida?» spør Morgana.
Astrid blir sprutraud i ansiktet og ser ned i golvet. Ho ristar på hovudet.
«Nei, eg er framleis jomfru,» svarer ho stille.
«Hmm, sex er temmeleg oppskrytt.» Morgana trekkjer på skuldrene og blæs. «Eg meiner, vi kvinner ligg jo berre der medan mannen trykkjer, stønnar, daskar og fis. Ein treng ikkje akkurat doktorgrad frå universitetet for å pule.»
«Likar du ikkje sex?»
«Nei. Eg trur eg er aseksuell.»
«Hmm, eg trudde du var bifil, Morgana.»
«Ja, det òg.» Ho står der og skiftar vekta frå ein fot til den andre. «Vil du høyre korleis det gjekk på Nav?»
«Eg trudde du ikkje forstod den hijab-dame-saksbehandlaren.»
«Eg forstod nok. Dei vil ha meg over på ung ufør-trygd. Dei meiner eg ikkje passar i det norske arbeidslivet.» Ho fingrar med ein av dei tre chokerane sine.
«Ja, det høyrest riktig ut. Du hatar jo folk.»
«Ja, fordi dei er so utruleg dumme.» Ho himlar med auga. «På bussen hit kalla ein gamling meg emo-hore. Dårleg idé. Eg viste finger til han.»
«Du er då definitivt ikkje emo. Du er gotar.»
«Ingen veit skilnaden på emo og gotar. Emoar kuttar armane sine med kniv for å få merksemd.» Ho går i skinnjakke som dekkjer armane, men ein kan antyde mange arr under erma. «Og dei klikkar og dukkar opp på skulen med skytevåpen og drep ein bunch med folk. Dei blir òg innlagt på psykiatrisk sjukehus etter mislykka sjølvmordsforsøk. Slikt gjer jo ikkje eg.»
«Var ikkje du innlagt på Sandviken i Bergen i eit halvt år etter den Kiwi-arbeidstreningsepisoden?»
«Jau, det var eg. Men eg er jo alvorleg psykisk sjuk. Eg høyrer stemmer. For det meste på nordlandsdialekt.»
«På nordlandsdialekt? Seriøst?»
«Ja. Mine private demonar, mine plageånder som eg aldri kan sleppe unna, snakkar kav bodøværing. Forstå det den som kan.» Morgana sukkar resignert. «Fredag kveld blir det filmkveld heime hjå meg. Vil du kome?»
«Kva slags filmar skal vi sjå?»
«Japansk anime.»
«Ja, eg kjem. Kva slags klokkeslett?»
«Ti på halv åtte.»
Astrid vender hovudet på skakke i forvirring. Ho spør:
«Øh, kan du seie det på digital måte? Eg skjøner ikkje analoge ur.»
«Sorry, A. 19:20.»
«Kvifor 19:20? Kvifor ikkje 19:45? Eller 20:00?»
«Det passar med bussen. Du har jo ikkje lappen.»
Eit sukk av forståing kjem frå Astrid. Morgana ser seg rundt i lokalet.
«Kor er sjefen din?» spør ho.
«Ho er på Haukeland sjukehus, på gynekologisk avdeling,» svarer Astrid. «Ho har ein rar klump på den eine kjønnsleppa som dei skal ta biopsi av.»
«Too much information, A.» Morgana får eit uttrykk av avsky i det feite trynet. «Eg berre lurte på kor ho var hen, eg ville ikkje ha heile sjukehistoria hennar.»
«Beklagar. Eg er ikkje god på å lese folk.»
«Nei, du har jo Asperger.»
«Til dei grader òg.» Astrid blæs og ristar på hovudet.
Brått høyrer dei ein underleg summelyd.
«Kva slags lyd er dette?» spør Morgana.
«Eg veit ikkje, men den kjem frå bakgata,» seier Astrid og trippar i veg mot bakdøra. «Ganske rart, sidan ein må gå gjennom butikken for å kome ut dit.» Ho tek nøkkelen ho har hengjande i ei regnboge-farga nøkkelkjede rundt halsen og opnar døra.
Astrid og Morgana kvepp til. Der, ute i bakgata, på høglyse dag, driv to dronar og har sex med kvarandre! Ein mannedrone med synleg erigert penis driv og tek ei damedrone bakfrå. Rare summelydar som liknar stønning og godlydar kjem frå dei.
«Hjelp, dei har jo sex!» utbryt Astrid. «Kan dronar ha sex?»
«Tydelegvis so kan dei det!» seier Morgana. «Hent ein løvang og jag dei vekk!»
«Øh, kva er ein løvang?» Astrid ser både skremt og forvirra ut.
«Ein langkost, som det heiter på Europris-norsk,» seier Morgana.
Snart kjem Astrid med ein løvang—orsak, ein langkost og fektar i vêret. Dronane kastar ho indignerte blikk, før dei summar over hustaket og forsvinn. Lettare oppskjørta kjem Asperger-Astrid tilbake til butikken og set langkosten inn på eit lite kott.
«Burde du ringje politiet og melde dei?» spør Morgana.
«Ringje politiet?» Astrid ristar på hovudet. «Eg kan då ikkje snakke på telefonen. Eg må ha eit ansikt og ein person framfor meg. Dessutan rykkjer ikkje politiet ut til slike småsaker.»
«Politikontoret ligg jo rett nede i gata.»
«Ja, men det er torsdag i dag. Lokalkontoret er berre ope måndag, onsdag og fredag, frå 9:45 til 13:15.»
«For ei… publikumsfiendtleg opningstid.» Morgana ristar på hovudet.
«På tysdagar og torsdagar må dei kome heilt frå Bergen, og det gidd dei ikkje.» Astrid finn fram mobilen sin. «Eg sender ei tekstmelding til sjefen min og fortel ho om dronen. Eg fortel alt til ho. Ho veit at eg framleis er jomfru.»
«Ein… ein sjef burde ikkje vete slikt, A.» Morgana ser på klokka på mobilen sin. «Vel, bussen min går om åtte minutt. Eg skal heim og… kvile middag.»
«Du skal heim og onanere?»
Morgana blir sprutraud i ansiktet.
«Kanskje…» seier ho stille der ho står og vrir på seg. «Eg er so kåt, og ingen vil jo ha sex med meg.»
Morgana trippar ut av butikken. Astrid står åleine igjen i butikken. Og droneparet? Dei har truleg funne seg ei ny bakgate for å trene på å auke folketalet i bygdebyen!
