Gjev berre skadar frå «anbefalte» vaksinar rett til pasientskade-erstatning?

Ein lesar tipsa for ei tid tilbake Saksyndig om ei sak som var oppe til høgsterett. Saka gjaldt ei kvinne som utvikla MS etter å ha teke MMR-vaksinen etter anbefaling frå kommunelegen. Ho fekk derimot avslag på pasientskadeerstatning fordi vaksinen ikkje var del av det nasjonale vaksineprogrammet. Altso var det ikkje nok at MMR-vaksinen var anbefalt av kommunelegen etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Advokatbladet publiserte ein artikkel om Høgsterettsavgjersla 23.juni 2025. Der står det innleiingsvis:

«I 2015 var det et utbrudd av kusma i Trondheim kommune. Etter anbefaling fra kommunelegen tok en kvinnelig administrativ leder i barne- og familietjenesten i kommunen derfor en oppfriskningsdose av en MMR- og DTP-vaksine. MMR-vaksinen gir beskyttelse mot meslinger, kusma og røde hunder.

Kommunelegens anbefaling var basert på råd fra Folkehelseinstituttet (FHI).»

Etter vaksinasjonen fekk kvinna kraftig hovudpine, og vart til slutt diagnostisert med multippel sklerose (MS). Ho vart 100% uføretrygda i 2020. Sidan ho meinte at hennar MS kom av MMR-vaksinen, meldte ho skaden inn til Norsk pasientskadeerstatning i 2019. Dei avslo søknaden fordi kravet til årsakssamanheng ikkje var oppfylt. Kvinna klaga på vedtaket til Pasientskadenemnda, men klagen vart avslått. Ho gjekk deretter til sak mot staten, «med krav om at domstolen skulle fastsette at staten var ansvarlig for at hun utviklet MS».

Fyrst såg alt lovande ut. Både tingretten og lagmannsretten meinte at staten var erstatningsansvarleg sidan kvinna hadde utvikla MS, og dermed leid økonomisk i form av tap av arbeidsevne. Diverre var fleirtalet i Høgsterett ueinig, og frifann staten. Kvinna fekk inga erstatning.

Den kloke og oppvakte lesaren har for lengst skjønt at det ikkje er mogleg å vinne ein kamp mot Staten. Dei har uendeleg med ressursar, medan vi vanlege dødelege ikkje har det. Det som derimot er både interessant og urovekkjande i dette tilfellet, er Høgsterett si tolking av Pasientskadelova §3, andre ledd. Der står det at beviskravet er lågare for årsakssamanheng ved skade som knyt seg til «anbefalte eller påbudte vaksinasjoner» etter Smittevernlova (lov om vern mot smittsame sjukdommar).

Vaksinasjon er ikkje påbode i Noreg. Stikkordet her er difor «anbefalt». Var MMR-vaksinen som kvinna tok anbefalt etter Smittvernlova? Kort fortalt: nei.

Som det står vidare:

«Partene var enige om at det alminnelige kravet til årsakssammenheng ikke var oppfylt dersom MMR-vaksinen ikke var en anbefalt vaksinasjon.»

Og grunnen til det:

«Flertallet mener at anbefalte vaksiner omfatter vaksiner gitt etter det nasjonale vaksineprogrammet. Videre mener de at andre bestemmelser om konkrete vaksinetiltak i smittevernloven, eller forskrift, kan omfattes:

‘Dersom det gis andre bestemmelser om konkrete vaksinasjonstiltak i smittevernloven eller forskrift i medhold av loven, vil dette kunne omfattes. Det gjelder klart der det i slike bestemmelser gis anbefaling om konkrete vaksiner til bestemte grupper uten noen nærmere konkret vurdering. Hvorvidt vaksinasjon etter smittevernloven § 6-1 omfattes, der vaksine gis etter en konkret vurdering i det enkelte tilfellet, er et åpent spørsmål’.

Vaksiner som er anbefalt av kommunen eller kommunelegen er derimot ikke omfattet av dette, selv om anbefalingen var basert på informasjon fra FHI.

Med hensyn til at vaksinen var anbefalt av kommunelegen, og ikke del av det nasjonale vaksineprogrammet, mener flertallet derfor at den ikke kan anse som ‘anbefalt’.» 

Det skal her presiserast at der var usemje blant dommarane i Høgsterett. To av dommarane tok dissens. Dommen skaper ikkje berre ein bekymringsverdig presedens i norske rettssalar. Den gjev òg mildt sagt grunn til ettertanke.

Ein kan til dømes spørje seg kven som «anbefalte» covid-19-«vaksinane» (for dei vart vitterleg sterkt anbefalte!). Var det dei rette instansane? Fleire som vart alvorleg sjuke av mRNA-injeksjonane har i ettertid fått avslag på søknadene sine om pasientskadeerstatning. Grunnen: det kan ikkje provast eit årsaksforhold, sjølv om beviskravet for årsakssamanheng visstnok skal vere lågare. Av grunnar vi berre kan førestille oss, greier Staten alltid å finne ein annan grunn til invalidiserande sjukdom hjå elles friske 20-åringar, enn ein viss «vaksine».

Moralen i denne historia ser ut til å vere at ein ikkje bør stole blindt på kommunelegen. Klart, når det gjeld vaksinar (og «vaksinar»), er den overordna moralen at ein ikkje bør stole blindt på nokon, spesielt ikkje når der er pengar og prestisje involvert. Følg pengane. Kven tener på at folk lèt seg injisere med vaksinar som kanskje ikkje er naudsynlege? Berre Big Pharma og deira lakeiar får sine blodpengar, so speler det inga rolle om folk misser arbeidsevna og hamnar på trygd.

Kommenter innlegget