Frustrerte fruer av begge kjønn har i fellesskap trekt konklusjonen at panikk spreier seg fortare enn sanning. Kjensler skal regjere der dei ikkje høyrer heime, og resultatet er at alt blir gjort forhasta og i affekt. På toppen herskar det patologisk narsissisme og grådigheitskultur, og fyrst og fremst ein idé om at ein ikkje skal tene sine undersåttar, men sine oversåttar. Då må sanninga vike for strategisk villeiing og propaganda, og den falske leiinga følgjer ordre til punkt og prikke fordi dei må. Om ordrane gjev meining, blir fullstendig irrelevant.
Resultatet blir ei rekkje logiske paradoks. Dette følgjer av det faktum at sanning er logisk, medan løgn er ulogisk. Eit folk i panikk tenkjer ikkje rasjonelt, for å seie det forsiktig.
Ein kan ta føre seg masseinnvandringa til vestlege land. Frustrerte fruer av begge kjønn har i ei årrekkje gnåla om at kvite er rasistar. Kvite har ei «plikt» til å ta imot ikkje-kvite med opne armar, for vi er so fæle og vondskapsfulle av natur, og har undertrykt ikkje-kvite folkeslag «heilt sidan tidenes morgon». Men om alle kvite er rasistar og vondskapsfulle, kvifor kjem det so mange ikkje-kvite innvandrarar hit? Ein skulle jo tru dei ville halde seg unna land der lokalbefolkninga hatar dei, på same måte som siviliserte menneske held seg unna mordariske kannibalstammar i jungelen og rundt om på isolerte øyar ved ekvator. Sanninga er naturlegvis at kvite ikkje er rasistar, og at ikkje-kvite innvandrarar blir strategisk frakta hit av eliten for å øydeleggje samfunnet og på sikt erstatte kvite ved hjelp av sin overlegne fødselsrate. Innvandrarane er like makteslause som oss sjølve – begge sider handlar i panikk.
Eit anna døme er klimagalskapen, og myten om at menneskeskapt forureining er årsaka til at temperaturen på jordkloden stig ukontrollert. Menneske er fæle og egoistiske av natur, og elskar å rasere regnskogar, utrydde dyreartar og byggje fabrikkar, byar og andre ekstremt naturøydeleggjande prosjekt. Vi har difor ei «plikt» til å leve klimanøytralt, og kjøper difor elbilar som er upålitelege og dyre i drift – og drivstoffbilar som er pålitelege og relativt billege i drift får køyreforbod i stadig fleire europeiske storbyar. Om batteriet på ein dieselbil sviktar, kan ein kjøpe eit nytt til nokre tusen. Om batteriet på ein elbil sviktar, må ein kjøpe seg ny elbil, fordi eit nytt batteri kostar like mykje som ein ny elbil. Og elbilar er breiare og tyngre, slik at parkeringslommer no blir for smale for dei – og infrastrukturen får større slitasje. No må klasse B-førarkort oppgraderast med fleire hundre kilo, for den gamle grensa på 3500 kilo er rett og slett for lita for tunge, dyre elbilar. Og elbilar må ladast i tide og utide, ein til tider logistisk komplisert og langdryg prosess. Burettslag, sameige og privatbustader må bruke fleire titals tusen – ofte meir – på å installere ladestasjonar. Når installerte folk eigne bensinstasjonar på privat eigedom? Ein drivstoffbil treng ikkje å fyllast tanken på ein gong for dag, og det tek ikkje seks timar å fylle tanken.
Bilar er éin ting. Oppvarming av hus er ei anna. I gamle dagar brukte alle vedomn, for då hadde dei ei sikker varmekjelde uavhengig av straum. No blir gamle vedomnar forbodne, og straumprisen kan setjast til himmels om makta føler for det. Og det nye bygningsdirektivet frå EU trugar med å påføre norske bustadeigarar rekningar på alt frå fleire hundre tusen til godt over ein million. Straum blir so dyrt at fattigfolk ikkje har råd til å halde seg varme (eller lade elbilane sine), medan alternative energikjelder blir forbodne.
Ein kan òg stikke innom emnet betaling. Transaksjonar med kontantar kan utførast om ein ikkje ønskjer at Staten skal vete kva ein bruker pengar på, men frustrerte fruer av begge kjønn klynkar om at pengar kan forfalskast, eller brukast til å kjøpe ulovlege varer og tenester. Ein bruker ikkje akkurat Vipps når ein kjøper narkotika på gata. Under «pandemien» vart kontantar stempla som smittekjelder. Pengar var ureine og dei stinka (her ville nok romerske maktpersonar ha sagt seg djupt ueinige)! Difor vart kontant- og kontaktlause betalingsmetodar tungt fremja og sterkt tilrådd. Kva ein skal gjere om heile nettet ein dag ligg nede for teljing, har vel ingen tenkt på. Men panikken ligg der. Folk blir frårådd på det sterkaste å betale med kontantar, men blir samstundes oppfordra til å ha kontantar liggjande «berre i tilfelle». Eit samanbrot av heile pengesystemet ser ut til å liggje i (bank)korta.
Ytringsfridom skal – stikk i strid med Grunnlova – ikkje finne stad. Iallfall ikkje om det blir ytra ting som kan skape «panikk» hjå folk og få dei til å misse tilliten til dei som styrer. Barn må for ein kvar pris beskyttast mot fæle overgriparar (som regel kvite, single menn!) på nettet, og difor driv frustrerte fruer av begge kjønn intens lobbyverksemd, etter instruks frå sine overordna, for å få innført krav om BankID for å få tilgang til internett. Ein kan ikkje lenger dele overgrepsbilete av barn anonymt, eller bruke skumle VPN-ar for å få tilgang til uhyre suspekte sider på det mørke nettet der ein kan kjøpe ein leigemordar for nokre tusen. Dei som skriv anonymt på nettet om saklege, politiske tema fell naturlegvis i same bås som pedofile og leigemordarar, og må difor forsvinne med dette pakket i dragsoget. Då har ikkje visse aktørar anna val enn å stå fram med fullt namn – verifisert med BankID, naturlegvis – og då står politi og helsevesen klare til å rykkje ut og sperre dei inne på galehus.
Helse og utdanning blir kutta til beinet, helst inn til beinmergen. Slike gode skal berre vere reservert for eliten sjølv, og blir difor gjort mindre og mindre tilgjengeleg for folk flest. Dette er ikkje eit nytt fenomen, sidan rikfolk òg i gamle dagar grafsa til seg kunnskap, ressursar og andre privilegium. Ein legg ned skular og sjukeheimar overalt. Folk får høyre at dei sjølve må ta ansvar for si eiga helse – for Staten ser ut til å vere på veg til å fase ut offentleg helsehjelp. Altso, tilbodet er tilgjengeleg, men ein må gjerne vente nokre månader eller år (og ein kalkulerer med at folk flest dauar før dei får hjelp). Helse har blitt ein knapp ressurs som ein må gjere seg «fortent» til. Folk flest ser berre éi side av sjakkbrettet, og legg gjerne skulda på kvarandre. Dei med «usunn» livsstil burde vel helst ikkje få helsehjelp om dei blir sjuke, sjølv om sjukdommen gjerne er fullstendig urelatert til livsstil. Eit sjukt folk i panikk verken seier eller gjer nemneverdig rasjonelle ting. Iallfall ikkje eit folk som knapt kan skrive sine eigne namn fordi skulesystemet ikkje lenger fungerer.
Eliten veit det godt: Panikk spreier seg fortare enn sanning. Og dette blir utnytta på det grovaste, i alle aspekt av det moderne livet. Dei som ser gjennom alle løgnene, ser visse skrømt som aldri igjen kan bli usedde.
