Saksyndig søkjer bidragsytarar

Sit du med eit brennande ønske om å publisere meiningane dine utan fare for å bli refusert eller sensurert? Då kan bloggen Saksyndig vere rette staden for deg.

Saksyndig vart oppretta 14.november 2021, midt under verste «pandemien» (som eg meiner aldri var ein pandemi, men ein massiv skremselskampanje og psy-op for å få flest mogleg til å ta imot mRNA-injeksjonane som dei digre legemiddelselskapa skamlaust dreiv og pusha). Sidan den gong har eg, stundom med hjelp frå ymse medarbeidarar, publisert artiklar dagleg.

På Saksyndig blir det publisert alt frå omsetjingsartiklar frå uavhengige/alternative media til meiningsartiklar til skjønnlitterære tekstar. Her er terskelen i utgangspunktet låg for å ta imot eksternt materiale. Saksyndig er den einaste bloggen som har ein sopass liberal publiseringstoleranse.

Kjerneverdiane til Saksyndig er:

  • ei utskifting av det noverande politiske systemet. Dei som sit med makta tener ikkje våre interesser – for å seie det mildt.
  • ytringsfridom skal finne stad. Ideelt sett skal folk òg beskyttast mot konsekvensane av sine ytringar. Kor mykje er fridommen til å ytre seg verdt om du misser jobb, venner eller alt du eig og har?
  • eit oppgjer med dei som var ansvarlege for «pandemien». Dette gjeld alle maktpersonar frå Bill Gates og Anthony Fauci til Erna Solberg og Bent Høie. Dei har fram til no ikkje berre unngått å bli straffa for sine handlingar, dei blir til og med hylla som heltar for sin «innsats» under covid-tida.

Om desse verdiane harmonerer med deg, er du velkomen til å bidra med tekstar til Saksyndig. Du kan skrive på bokmål eller nynorsk. Du kan vere anonym eller stå fram med fullt namn. I våre tider kan sistnemnde riktig nok utgjere ein risiko.

Dersom du ønskjer å sende tekstar, kan du gjere det på saksyndig@saksyndig.com

2 comments

Kommenter innlegget