Definisjonen på galskap er å gjenta dei same handlingane og forvente eit anna resultat. Dette kan seiast å vere tilfellet med dei aller fleste vaksinar. Dei skaper meir skade enn dei førebyggjer, og i enkelte tilfelle finst der rikeleg evidens for at dei til og med forårsaker sjukdom. Ein viss mRNa-injeksjon er her den sentrale syndebukken, sjølv om «ingen» innan etablerte media eller som har maktposisjonar innan politikk og helse vil vedkjenne seg det. I det minste ikkje offentleg.
Vaksinesirkuset held fram fordi makta bak makta ønskjer det, og fordi at Big Pharma då kan håve inn eventyrleg profitt som dei legg til sine allereie smekkfulle bankkontoar (og som dei naturlegvis deler med sine skjulte bakmenn). For å sitere George Carling: «It’s a big club and you ain’t in it!»
Ein lesar har tipsa Saksyndig om eit innlegg som vart publisert i Tønsbergs Blad 20.oktober 2025, og som snakkar om Den store revaksinasjonsdagen som skal finne stad laurdag 25.oktober. Den dagen gjev Rotary bort 500 gratis vaksinar på Farmandstredet, eit kjøpesenter i Tønsberg sentrum. Innlegget er skrive av overlege Harald Broch.
Ifølgje lesaren framstår innlegget som kjøpt og betalt av visse mektige aktørar. Vedkomande har konfrontert Tønsberg Blad med dette, og med spørsmål om kven som har betalt overlegen for å skrive dette stykket vaksinepropaganda. Avisa har ikkje svart lesaren.
Overlege Broch nemner barnevaksinasjonsprogrammet som dei aller fleste norske barn – inkludert Saksyndig-redaktøren – har vore gjennom. Eg fekk sjølv høyre som barn at vaksinar gav livslangt vern mot sjukdommar som polio. Slik skal ekte vaksinar fungere i utgangspunktet. Difor skurrar det no i mine øyre at ein overlege kan gå ut offentleg å meine at vaksne treng «revaksinering» mot sjukdommar som er so godt som utrydda i den vestlege verda. Kanskje har dei no blitt meir vanlege i Vesten igjen, fordi visse folkeslag har fått strøyme inn i Vesten ukontrollert i fleire tiår?
Overlegen skriv òg om at vaksinar gjev flokkimmunitet. Dette er feil for dei aller fleste smittsame sjukdommar. Har ein gjennomgått sjukdommen, har ein fått immunitet, og det er dette som skjer når forkjølingsvirus råkar Noreg kvar vinter. Ein vaksine mot forkjøling har aldri blitt utvikla, fordi forkjølingsvirus (der blant anna dei mange typane korona-virus høyrer heime) muterer for ofte til at vaksinar i praksis fungerer. Har ein fyrst utvikla ein vaksine mot ei bestemt gruppe forkjølingsvirus, vil vaksinane ikkje lenger fungere når mange nok mutasjonar i viruset har skjedd. Dette såg vi under «pandemien», der folk som hadde teke fire mRNA-dosar likevel vart sjuke. Det dukka stadig opp nye «variantar» av covid-19 som «vaksinane» såg ut til å ikkje fungere mot. Her fekk sjølv FHI og Solberg-regjeringa eit forklaringsproblem.
Eg kan trekkje fram mange moment som overlege Broch skriv som er direkte feil. Faktisk er nesten alt han skriv feil. Ein kan til dømes ta polio som eit døme. Broch skriv om sokalla «vill-polio». Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar. Polio er ein frykta sjukdom som kan føre til livsvarige lammingar. Men enkelte hevdar at det er poliovaksinane som førde til oppblomstringa av tilfelle av alvorleg polio tilbake på 1950- og 60-talet, der hordar av barn hamna i sokalla jarnlunger, der dei måtte tilbringe resten av livet. Ein kan altso trekkje skiljet mellom naturleg polio (som er uhyre sjeldan) og vaksineskapt polio (som er langt vanlegare). Naturleg polio blir no altso kalla «vill-polio», fordi dei fleste tilfelle av polio ein no ser i Vesten kjem av polio-vaksinen. Dette er eit djupt kaninhòl som den enkelte dukkar nedi på eige ansvar.
Broch snakkar om difteri, stivkrampe og kikhoste, men gløymer å nemne den einaste vaksinen som beviseleg reddar liv, og det konsekvent. Rabiesvaksinen, om den blir gjeven i tide, har redda livet til tallause menneske, og før vaksinen vart utvikla, hadde rabies 100% dødelegheit. Vaksinen fungerer fordi rabiesviruset er eit stabilt virus. Hadde rabies vore eit RNA-virus som hadde mutert like ofte som forkjøling, hadde menneskeheita truleg blitt utrydda for lengst.
No når denne korte «leksjonen» er forbi, går eg over til artikkelen som Saksyndig publiserte 20.oktober 2025 om dama som fekk MS av MMR-vaksinen. Derimot.no delte artikkelen 23.oktober, og i det høvet vil eg trekkje fram ein kommentar frå lesaren «Freeedom» som passande til å avslutte denne artikkelen. Vedkomande skriv:
«Jeg beklager å si det, men nå må vi snart ha kommet til det punktet hvor de som frivillig går og tar vaksiner selv må ta ansvaret når det går galt. Det er IKKE riktig at mine skattepenger skal gå til å betale erstatning/kompensasjon til disse. Tar du det valget å overse advarsler fra titusenvis av leger og eksperter rundt om kring i verden, da aksepterer du samtidig at [du] selv må håndtere konsekvensene når det går galt. Eller for si det på litt slem måte: Det straffer seg å være idiot. Beklager.
Det å lære på den harde måten er åpenbart det eneste som hjelper for noen mennesker.»
Med autonomi følgjer òg ansvar, som naturlegvis òg gjeld om ein vel å ta ein vaksine, same om den er «anbefalt» eller ikkje.
