Eit historisk SVIK: Politikarskapt masseinnvandring har øydelagt Noreg!

Den eksterne bidragsytaren Kjell Arne fekk 24.oktober 2025 publisert eit tankevekkjande lesarinnlegg i nettavisa UtenFilter. «Tilliten som ble vårt fall» er den mykjeseiande tittelen. Det norske samfunnet var, inntil ganske nyleg, i stor grad eit tillitssamfunn som av dei aller fleste vart oppfatta som trygt. Dei fleste var einige om at politikarane som styrte landet hadde våre beste interesser i tankane, og fann seg difor i til dømes streng alkoholpolitikk, kringkastingsmonopol og nynorsk (!).

Som Kjell Arne skriv innleiingsvis:

«Det var en gang et lite land som stolte på alt og alle. Dørene stod åpne, barna syklet alene til skolen, naboer hilste på hverandre uten å kjenne navnene.

Vi var ikke naive – vi var trygge. Ikke fordi vi hadde murer eller kontroll, men fordi vi hadde hverandre. Tillit var ikke bare en verdi – det var et fundament.»

Det Noreg som eg sjølv voks opp i på 1980- og 90-talet var i stor grad trygt, iallfall ute på landsbygda. Sykkelen min kunne stå ulåst utanfor skulen heile dagen utan at nokon stal den. Kriminalitet var noko som berre skjedde i Oslo. Naboane heime passa huset vårt medan vi var på ferie – og omvendt. Dette Noreg eksisterer ikkje lenger. Og masseinnvandringa, som politikarane skapte, har skulda.

På 90-talet kom mange flyktningar frå Chile til Noreg for å sleppe unna diktatorregimet der nede. Enkelte av innvandrarbarna viste seg å ha låg terskel for utagering og valdsbruk. Ein i klassen over han vart sendt med ambulanse på sjukehus med kraniebrot. Rektor på skulen sa at dette var «sydlandstemperament», og feia det stille og varsamt under teppet. Samstundes byrja lærarane å snakke om kor viktig det var å ikkje vere rasistiske, for dei som kom til landet hadde det ikkje so godt. Dei hadde rømt frå krig, forfølging og liding, og hadde «rett» til å byrje eit nytt og betre liv her hjå oss. Vi tok dei imot med opne armar, og aksepterte at det stundom skjedde vald, bråk og faenskap.

Som Kjell Arne skriv:

«Så kom politikerne med løfter om godhet, mediene med historier om varme og håp, og folket – tro mot sin egen kultur – åpnet armene. Ingen spurte hva som ville skje når man importerer kulturer som ikke bygger på tillit, men på ære, skam og klan. Ingen krevde konsekvensutredninger. Ingen stilte spørsmålet: Hva skjer med et høytillitssamfunn når tillit blir brukt som våpen mot dem som har den?»

Folk flest tenkjer seg godt om før dei inviterer nokon heim til seg. Ein hentar ikkje tre tilfeldige personar frå gata og satsar på at alt går bra. Ein liknande føre-var-politikk bør ein ha når det gjeld innvandring. Fyrst bør ein finne ut kva intensjonen er. Av den grunn har dei aller fleste land eit system for å handtere innvandring. Kvifor vil personen absolutt til Noreg, når det finst mange andre land som er varmare og billegare?

Chilenarane fann seg til rette i Noreg, og fekk seg arbeid og lærte språket. Barna deira – med enkelte unntak – tok til seg norske verdiar og vart fungerande individ. Slike flyktningar vart i dei aller fleste tilfelle om til lovlydige borgarar, og kan samla sett reknast som arbeidsinnvandrarar. Svenskar, britar og aust-europearar kjem stort sett til Noreg for å arbeide, og det same kan ein seie om thailendarar og filippinarar (dei to sistnemnde består riktig nok nesten berre av damer som blir «henta hit» av rike nordmenn som er møkklei humørsjuke og sjølvopptekne norske damer).

Diverre har vi enkelte som kjem til landet med den intensjonen å utnytte vårt fabelaktige velferdssystem. Noreg har ordningar som dei fleste land i den tredje verda berre kan drøyme om. Konsept som trygd, sjukepengar, tilnærma gratis helsebehandling og gratis skule kan dei knapt tru når dei fyrst høyrer om dei. Men ryktet spreier seg fort, for plutseleg står hordar av dei i kø som «flyktningar» for å bli registrert og levere asylsøknad på Nasjonalt ankomstsenter på Råde.

Det internasjonale militær-industrielle komplekset har brutalt øydelagt mange lovande land i den tredje verda – og politisk islam har gjort resten av arbeidet med å gjere desse landa om til ikkje-fungerande statar. Ein kan samanlikne det med personar som i ly av mørket listar seg over til ein bygard og set den i brann. Alle som bur der må dermed flykte til bygardar som brannstiftarane eig. Slik fungerer det asyl-industrielle komplekset, og visse aktørar tener gode pengar på å «hjelpe» flyktningar til rike velferdsland med ei dumsnill og hjernevaska befolkning, der deira kompisar innan asylmottaksindustrien – sokalla velferdsprofitørar – håvar inn på å innkvartere alt som kan krype å gå av velferdsmigrantar.  

Politikarane har ikkje opna grensene på vidt gap og gjort Noreg til verdas sosialkontor fordi dei er godhjarta menneske. Det er store pengar involvert, og då får det heller våge seg at (i Kjell Arne sine ord) valdtektsstatistikken stig, gjengvalden eksploderer, og «norske jenter og gutter [blir] offer for et system som [nekter] å se virkeligheten».

Politikarane har skulda, og media og andre dydsposørar er medskuldige. For som Kjell Arne skriv:

  • «De [politikarane og media] visste at innvandring fra lavtillitsland skaper høy kriminalitet. Forskningen var tilgjengelig.
  • De visste at sosial kontroll, klanstruktur og æreskultur ville kollidere med norske verdier.
  • De visste at voldtekter, overgrep og gjengdominans ville følge – for det hadde skjedd i alle andre land som gikk den samme veien.

Likevel lot de det skje. Ikke ved uhell, men som et resultat av bevisste politiske valg.

Og da sannheten ble synlig, da statistikkene talte sitt klare språk, gjorde de ikke det ansvarlige. Nei – de gjorde det utilgivelige:

De sluttet å føre statistikk.»

Når folk påpeiker at jenter knapt kan spasere 100 meter frå leilegheita ned til lokalbutikken utan å bli antasta, trakassert og forsøkt valdtekne av gjengar frå det «mørke mangfaldet», blir dei stempla som rasistar og høgreekstreme, og forsøkt fjerna frå den offentlege diskursen. Ikkje ved hjelp av saklege motargument (for der finst ingen), men ved hjelp av scenenekt og øydelegging av karrieren og helsa. Akkurat slik som tvilsame arbeidsgjevarar avskyr varslarar, so avskyr den rådande, gjennomròtne makta at nokon vågar å påpeike at keisaren er naken – og i ferd med å valdta ei «vestleg, urein hore».

Media, på si side, gjengjev tilnærma ordrett det politikarane lirer av seg, utan å kome med motspørsmål eller på nokon måte kritisere dei. Ein bit ikkje handa som gjev ein mat. Maken til underkasting og gaslighting av folket må ein til «pandemi»-æraen for å finne ei tilsvarande grad av:

«Media skulle være folkets øyne og ører.

I stedet ble de portvoktere for en ideologi.

De fortalte oss ikke at kriminaliteten økte. De fortalte oss at vi følte feil.

De rapporterte ikke om overgrep, men om “ekstreme holdninger” hos dem som krevde trygghet.

De demoniserte vanlige borgere samtidig som de skjermet et nettverk av overgripere, klanledere og økonomiske parasitter – fordi det å avsløre sannheten ville være ‘skadelig for integreringen’.

De valgte bort journalistikken og tok rollen som moralpoliti.»

Kriminelle innvandrarar (der dei fleste nok heiter variantar av Mohammed) kan no herje fritt i landet, medan folk flest i stadig større grad misser trua på systemet. Slik uansvarleg (og uvørden) masseinnvandring av individ som ikkje ønskjer å late seg integrere, og som openbert foraktar oss, er eit svik. Tapte liv og øydelagde barndommar ligg i kjølvatnet av det katastrofale mangfaldsprosjektet.

Som Kjell Arne skriv avslutningsvis, har vi to val: «Enten fortsetter vi å tie, og ser på at landet glir inn i kaos», «Eller så våger vi å si det som er sant».

Og sanninga er at uføret vi har hamna i, ikkje er eit resultat av «feilslått politikk», men:

«Dette er et historisk svik. Og svik må navngis før det kan stanses. Tiden for taushet er over. Enhver stillhet nå, er medskyldighet.»

Kommenter innlegget