Politikaren Susanne Heart, som har blitt ei viktig røyst blant sokalla opposisjonelle, har no debutert som forfattar. Ho har gjeve ut ei lita bok ved namn Vaccine Playbook – overlevelsesguide i tidsalderen «trygg og effektiv», som kan lesast her.
Boka er, ifølgje innleiinga, «inspirert av dokumentarfilmen An Inconvenient Study [«ein ubeleileg studie»], historien om en forsker som gjorde en oppdagelse han ikke våget å publisere.» I motsetnad til kva ein skulle forvente om ei vaksinerelatert bok publisert i 2025, handlar den ikkje om covid-19-«vaksinane». Studien som blir omtala i nemnde dokumentarfilm vart nemleg gjennomført før «pandemien».
Som Heart skriv vidare i innleiinga:
«Vaccine Playbook er ikke en forskningsrapport. Den er en lettfattelig og satirisk refleksjon over hvordan helse, politikk og tillit henger sammen. Satiren er brukt som et forstørrelsesglass, ikke for å gjøre narr av noen, men for å avsløre mønstre og tankefeil som preger vår tid.
Vaccine Playbook er for alle som kjenner at det må være lov å stille spørsmål ved alt – også ved vaksiner. For hvis ‘den forbudte studien’ har rett, står vi overfor en virkelighet der både helsevesenet og foreldre, i god tro, kan ha påført skade på sine egne barn uten å vite det.»
Ho skriv i eit blogginnlegg publisert 26.oktober 2025 om boka:
«Boka tar kun en halvtime å lese og er gratis i digitalt format. Jeg håper den faller i smak. Del gjerne til andre du tror vil like den.
Boka er ikke ment som medisinsk rådgivning eller vitenskapelig dokumentasjon, men som et bidrag til refleksjon.
Om du ler, rister på hodet eller får lyst til å undersøke mer selv – da har boka gjort jobben sin.»
Dokumentarfilmen An Inconvenient Study avslørte den «forbodne» Henry Ford-studien, der helseutfall mellom over 18 000 vaksinerte og uvaksinerte barn vart kartlagt. Som Arnt Remy Åvik-Langstrand skriv i eit innlegg publisert på Steigan 11.oktober 2025:
«Denne studien ble aldri lagt fram for fagfellevurdering. Den ble ikke publisert i noe tidsskrift. Den ble i stedet lekket gjennom politiske kanaler og havnet i offentligheten via dokumentarkiv. Dette er ikke en teknisk detalj, men en systemfeil med vidtrekkende konsekvenser.»
Det blir av artikkelforfattaren hevda at grunnen til at Henry Ford-studien vart «gøymt vekk», er det kontroversielle innhaldet. Denne typen forsking, som er i strid med interessene til dei mektige legemiddelselskapa, blir feia under teppet på grunn av økonomiske bindingar, politiske omsyn og «institusjonell selvsensur». Forskarar som publiserer funn som den rådande makta ikkje likar, kan risikere å misse forskingsmidlar, karriere og sitt gode namn og rykte.
For å ta ei kort oppsummering av resultata som kom fram i Henry Ford-studien: det var betydelege skilnader i førekomst av kroniske sjukdommar, der dei var å finne hovudsakleg blant vaksinerte barn. Sjølv om ein ikkje kan påvise ein direkte årsakssamanheng reint vitskapleg, gjev funna gode grunnar til vidare forsking. Men dette vil enkelte at ikkje skal finne stad. Difor blir denne studien av visse aktørar kalla «den forbodne studien». Ein kan difor med rette spørje seg kva desse aktørane ønskjer å halde skjult.
