Falske minne og strafferettsleg særbehandling av «det mørke mangfaldet»

Sjå òg «Mange lurer på det: Kva skjedde EIGENTLEG med Hamse Ali i Nygårdsparken den natta?», publisert 26.november 2024.

28.oktober 2025 publiserte Derimot ei omsetjing av ein Remix News-artikkel. Omsetjinga, gjort av Northern Light, fortel ei grufull historie om den 16 år gammal svenske jenta Meya som vart valdteken av den afrikanske migranten Yazied Mohamed. Retten valde å ikkje utvise han fordi den meiner valdtekta ikkje varte lenge nok. At det i det heile teke eksisterer ein «tidsfrist» for kor lenge valdtekter må vare, antydar at rettssystemet opererer på ein måte som tydelegvis ikkje er i samsvar med rettsoppfatninga til folk flest.

Derimot-redaktør Knut Lindtner skreiv ei innleiing til artikkelen, der han antydar at der finn stad ei særbehandling av innvandrarar (fyrste- eller fleirgenerasjons) i rettssystemet. Han trekkjer fram den skandaløse Hamse-saka frå Bergen, der fotballspelaren Hamse Ali dikta opp eit rasistisk motivert overfall i Nygårdsparken. Dei tekniske undersøkingane til politiet viste at han etter alt sannsyn tryna på ein el-sparkesykkel ved Vågsallmenningen, som ligg minst 15 minutts spasertur unna nemnde park. Etter at Hamse vart tiltala for uriktig forklaring, og etter at velmeinande (og ein smule lettlurte og naive) bergensarar hadde halde fakkeltog og samla inn 200 000 kroner, har «ekspertar» i retten konkludert at Hamse har «falske minne», som ein kombinasjon av alkohol og hjernerystelse.

Kor skal vi eigentleg byrje? Som Lindtner skriv, kan etnisk bakgrunn «i praksis virke formildende». Vi erfarer at representantar frå det eg kallar det mørke mangfaldet har ein tendens til å sleppe unna med handlingar som vi andre ville ha fått strenge straffar for. Falsk forklaring til politiet, og direkte løgn til lokalsamfunnet for å framstille seg sjølv som eit offer for rasistisk vald, burde setje sinna i kok. Hadde dei same reglane gjeldt for Hamse som for innfødde, kvite nordmenn, hadde bergensarane kravd tilbakebetalt kvar krone frå han. Men dette kjem neppe til å skje, for han tilhøyrer det «rette» folkeslaget. Han er frå Eritrea, og det er difor synd på han.

Det er eit velkjent faktum at stort inntak av alkohol kan gje svikt i hukommelsen. Det kan òg gje svikt i balanse og koordinasjon, som Hamse sjølv erfarte, og det å køyre el-sparkesykkel når ein er sterkt rusa, er både farleg og forbode. Har Hamse mist førarkortet som ein konsekvens av dette? Det er ukjent. Det er òg ukjent om han i det heile teke har førarkort. Å gje seg i kast på eit elektrisk transportmiddel etter tungt inntak av alkohol er særs uansvarleg, og saka ville ha fått eit heilt anna utfall om han hadde køyrt på og skadd nokon. Då hadde vel ikkje dydsposørar arrangert fakkeltog og lira av seg talar om «samhald, solidaritet og toleranse».

Lindtner skriv avslutningsvis i innleiinga noko som verkeleg gjev grunn til ettertanke:

«Dersom det virkelig er slik at vedkommende fylles av ‘falske minner’, noe som ikke kan bevises, utgjør han en reell fare for andre. Hva kan han finne på neste gang? Hvordan kan man ansvarliggjøre mennesker som psykiatrien fritar for ansvar?»

Hjernen vil ved hukommelsestap prøve å fylle igjen hòla ved å lage eit narrativ som lett kan bli påverka av impulsar, tankar og inntrykk ein har i etterkant. Hamse – og truleg hans støttespelarar – har registrert at rasismekortet enkelt kan trekkjast i våre dagar, og ved den minste provokasjon. Om visse personar frå enkelte land ikkje får det som dei vil, då går dei straks til sine sympatisørar og klagar si naud.

Hamse har etter mitt syn hamna i ein moralsk, etisk og strafferettsleg skvis. Om han held seg til bortforklaringa om «falske minne», bør han gjennomgå grundige psykiatriske undersøkingar. Om han fornektar at han er til «reell fare for andre», burde han ta si straff for uriktig forklaring. Han burde absolutt ansvarleggjerast, for han har i praksis anklaga kvar einaste vaksne mann i Bergen for rasistisk motivert overfall. Dei «seks mennene» som overfall han og kalla han ein svarting kan jo i praksis vere kven som helst. Gjerne dei med sterke politiske meiningar, og slike folk ser allereie ut til å vere fritt vilt for hjernevaska aktørar.

Sjå òg «Trugslar og sjikane mot Roger Dyrøy i Bergen: Kjem kandidatar i Noregsdemokratane til å bli likviderte?», publisert 4.september 2025.

Valdtekta som ikkje varte lenge nok, og fotballspelaren som lurte ein heil by, er to døme som diverre illustrerer stoda som den politisk styrte masseinnvandringa av visse folkeslag har skapt. Dette uføret kostar oss allereie liv, og fleire vil bli offer før nokon omsider vaknar og går til handling.

Kommenter innlegget