Helsesektoren går opp i saumane: For lite midlar, for lite bemanning, «for mange» brukarar

Eg skal i denne artikkelen ta føre meg to debattinnlegg frå Nettavisen om den etter kvart so grovt underfinansierte norske helsesektoren. Det fyrste innlegget vart publisert 4.august 2025 og er skriven av sjukepleiaren Ingeborg Selnes. Ho fortel at enkelte bydelar i Oslo «gjennomfører planlagte sparetiltak på bekostning av forsvarlig helsehjelp», og om eit system som både ho og pårørande meiner ikkje fungerer slik det skal. Dette trass to sokalla «kvalitetsreformer» som kom i høvesvis 2017 og 2023, «Leve hele livet» og «Bo trygt hjemme».

Eg har sjølv jobba som helsefagarbeidar både på sjukeheim og i heimetenesta, og mine erfaringar samsvarer i stor grad med Ingeborg Selnes sine observasjonar. I tillegg har eg hatt pårørande på sjukeheim ved fleire høve, og har med dette sett systemet frå begge sider.

Selnes oppsummerer sine eigne erfaringar i eldreomsorga om den stadig meir krevjande rolla som pårørande får, i sine forferda møte med eit dysfunksjonelt system:

«Pårørende som har gjort en innsats over mange år, nå utslitte og fortvilte. Mange eldre har demens og somatiske lidelser som gjør dem ute av stand til å bo hjemme, men får likevel avslag på sykehjemsplass.

Samtidig viser Oslo kommunes nettsider at det er over 30 ledige plasser. Sykehjemmene står klare – men ingen står på venteliste?»

Begge hennar bestemødrer har etter kvart fått behov for tenester frå eldreomsorga – med varierande resultat. Medan farmora hennar fekk ein sårt trongen sjukeheimsplass, og Selnes og resten av dei pårørande opplevde «ivaretakelse i alle ledd, uten må måtte kjempe eller etterspørre», vegrar den 98 år gamle mormora hennar seg for å flytte ut av ein stor einebustad som ho er for alderssvekt til å bu trygt i. Som Selnes skriv:

«Man vil selvfølgelig leve sitt liv i eget hjem, ikke i kollektiv med mange andre, syke og forvirrede pasienter, som gjerne vandrer inn på rommet ditt på natta, og hvor privatgrensen gradvis viskes ut.»

Etter kvart som alder, somatiske sjukdommar og ofte demenssjukdommar gjer sitt inntog, blir behovet for pleie stadig større hjå eldre. Denne «omsorgstrappa» byrjar gjerne med ein samtale med fastlegen, der den lokale heimesjukepleia blir kopla inn for å utføre vedtaksbestemte tenester slik som hjelp til å handtere medisinar, utføring av husarbeid, måltid og hjelp til å ivareta personleg hygiene. Eit vurderingsteam vil ofte stikke innom og vurdere behov for hjelpemiddel, slik som rullator, støttestrømper, gripestang, sjukeseng og andre etter kvart naudsynlege hjelpemiddel. Målet er at den eldre skal bu heime so lenge som mogleg. Ikkje naudsynlegvis fordi dei kvir seg for å flytte på sjukeheim, men fordi dei fleste bynære sjukeheimar er proppfulle. Dei eldre står bokstavleg tala i kø og ventar på neste dødsfall. Og dei treng sjeldan vente lenge:

«På skjermet demensavdeling ser jeg konsekvensene av dagens politikk. Eldre bor hjemme lenger enn før, men kommer ofte til sykehjemmet så syke og utslitte at det er snakk om palliativ pleie [lindrande behandling ved livets slutt; an.]. Mange rekker knapt å flytte inn før de dør. I stedet for å jobbe med miljøterapi, tilrettelegging og mestring, handler jobben stadig mer om livets slutt.»

Eldre får avslag på sjukeheimsplass fordi desse er dyrare enn heimetenester. I Selnes sine ord: «budsjettet går foran pasientens behov». Pårørande må her gjere ein jobb som helse- og omsorgstenestene burde ha gjort, og dei endar opp utslitne, langtidssjukemeldte og kraftig desillusjonerte. Folk som burde ha hamna på sjukeheim for lengst, får avslag fordi bydelen ikkje har råd. Dei tilsette blir like utslitne, langtidssjukemeldte og desillusjonerte. Det er for lite midlar, for lite bemanning og – tydelegvis – «for mange» pleietrengjande. Kor forsvinn eigentleg alle pengane? Eg trur vi alle veit det.

Sjå òg «Striden om direktørlønningane: Er enkelte menneske meir verdt enn andre?», publisert 17.oktober 2025.

Det andre debattinnlegget vart publisert i Nettavisen 2.november 2025 (fyrst publisert i Halden Arbeiderblad), og er skriven av ein anonym heimesjukepleiar «som fortsatt prøver å holde ut». Der fortel vedkomande om dårleg økonomi i heimesjukepleia, med det resultatet at leiinga sjeldnare leiger inn vikarar ved sjukdom. «I stedet fordeles listene mellom de som er igjen.» Kva skjer om kollegaene må gjere arbeidet til ein fråverande kollega i tillegg til sin eigen jobb? Dette:

Resultatet er et enormt arbeidspress. Kollegene strekker seg langt, altfor langt, for at de eldre skal få hjelpen de trenger. […]

Når ansatte må ta dobbeltvakter, ikke rekker å gå på do, mister matpauser og stadig må hoppe inn for syke kolleger, så sier det seg selv at kroppen til slutt sier stopp.

Mange ble syke i sommer, og enkelte mente det skyldtes ‘det fine været’.

Men sannheten er at mange gikk på felgen etter måneder med høyt press. Søvnproblemer, dårlig samvittighet og følelsen av å aldri strekke til – det tærer.»

Det har kome til det punktet der eldre fyrst får vedtak om helsetenester når dei blir alvorleg skadde etter eit fall:

«Først når de brekker lårhalsen, hvis de overlever, får de kanskje den plassen de har bedt om lenge.

Vi ser mennesker som går til grunne i ensomhet. Som mister livsgnisten, interessen for hygiene og mat – og som rett og slett gir opp fordi alderdommen ble noe helt annet enn de så for seg.»

Utfordringa heimesjukepleia har, som ikkje sjukeheimar har, er at medan ein sjukeheim har eit avgrensa tal plassar, har ikkje heimesjukepleia ei øvre grense:

«Vi må ta imot hva som helst, når som helst, uansett hvor fulle listene våre allerede er.

Pleietyngden øker, men bemanningen gjør det ikke. Pasientene kommer hjem med store behov, og ansvaret lander på våre skuldre. Vi opplever liten forståelse for hva vi står i, hvor travle dagene er, og hvor mange alarmer, telefoner og akutte hendelser vi må håndtere midt i alt det planlagte.»

Dei som vurderer å byrje å jobbe i heimetenesta/heimesjukepleia, ser kor intenst det er å jobbe der, og vel seg heller andre, lettare yrke. Dei som – trass åtvaringar – likevel vel å jobbe der, oppdagar raskt at dei har blitt deltakarar i eit Sisyfos-prosjekt. Steinen må rullast opp fjellsida dag ut og dag inn, og den blir tyngre og tyngre. Som vedkomande oppsummerer:

«Gode vikarer og erfarne fagfolk som ønsker å gi de eldre verdig og trygg hjelp, kan brenne raskt ut. Vi ser at flere ikke bare ønsker seg ut av hjemmesykepleien, men også ut av helsesektoren.»

Sjå òg «Er helsesektoren for tung å jobbe heiltid i? Stadig fleire jobbar friviljug deltid», publisert 13.august 2025.

Dei som har jobba i helsesektoren og stått i den over lengre tid, før dei til slutt måtte «hoppe av», er etter mi meining vår tids heltar og heltinner. Helsepersonell høyrer til på beundringstoppen saman med andre yrkesgrupper som får Noreg til å gå rundt. Diverre samsvarer verken lønna eller respekten dei får frå toppen med den viktige jobben dei gjer, og resultatet er at sektoren stadig skrik etter folk – altso etter fleire spreke, lettare naive idealistar dei kan utnytte heilt til helsa seier stopp. Det hjelper ikkje akkurat at direktøren på toppen har fleire millionar i årslønn. Han eller ho treng aldri å jobbe på golvet, der ein ser dei katastrofale følgjene av dagens helsepolitikk aller verst. Om ikkje anna ser dei ut til å ikkje ville vedkjenne seg dei.

Må det eit fullstendig samanbrot av helsesektoren til for at dei som styrer skal sjå lyset?

Kommenter innlegget