Vaginokratiet: Den øydeleggjande feminiseringa av samfunnet

I mine snart 20 år i yrkeslivet har eg jobba på kvinnedominerte arbeidsplassar. Der har det utan unntak vore intrigar, leik og spetakkel i personalgruppa, og dette har gått utover arbeidsprestasjonen, kvaliteten på tenestene og ikkje minst ivaretakinga av målgruppene. I den norske helsesektoren – som av enkelte blir kalla «kjerringsektoren» – ser ein med eigne auge konsekvensane av at kvinner som ikkje burde ha vore i jobb, blir tvinga til det. Slike menneske er ikkje spesielt trivelege å jobbe med – for å underdrive kraftig.

Fram til 2025 var ikkje det psykososiale arbeidsmiljøet likestilt med det fysiske. Dette førde til at tiltak for å betre fyrstnemnde miljø gjerne hamna i skuggen av tiltak som forbetra det reint fysiske arbeidsmiljøet. Ein arbeidsplass kunne score full poengsum på byggteknisk tryggleik, men likevel vere særs helseskadeleg på sikt for arbeidstakarane. Den (mannlege) leiinga på toppen klødde seg i hovudet over den stadige utskiftinga av personale – til og med blant mellomleiarane – medan ein liten kjerne av stadig eldre kvinner vart verande år etter år.

Det som naturlegvis skjedde, og som ingen på dei høgare, mannsdominerte leiarnivåa fekk med seg, var at det var denne «harde kjernen» av utrivelege kjerringar som laga helvete, og som jaga vekk tilsette som kom frå utsida, og som desse kjerringane (av grunnar som dei berre sjølve veit) la for hat. Slike kvefsebol finst det mange av i helse-Noreg, og er etter mitt syn ein av hovudfaktorane bak høgt sjukefråvær og personalmangel. Det er ikkje alltid «arbeidets art» som gjer at sjukepleiarar og helsefagarbeidarar brenn seg ut i 30-åra og må skifte beite – eller blir uføre.

Stoda i helsesektoren reflekterer den generelle stoda i samfunnet. I ein omsetjingsartikkel på nettstaden Rabulisten publisert 3.november 2025, skriv Joakim Andersen om det Helen Andrews kallar den store feminiseringa av samfunnet. Dette konseptet har fleire namn: «hekse-staten» (brukt av den svenske forfattaren Lars Holger Holm), og «gynekokratiet», skildra av Julius Evola. Sjølv kallar eg dette kvinnedominerte regimet for vaginokratiet. Det er ein marerittaktig tilstand der det verste frå den kvinnelege og den mannlege sfæren fører til stagnasjon, frustrasjon og elende.

Menn og kvinner er frå naturens side ulike, men på måtar som i ei ideell verd burde utfylle kvarandre. Som Helen Andrews påpeiker, byggjer kvinneleg logikk på «empati fremfor rasjonalitet, trygghet fremfor risiko, samhold fremfor konkurranse». Når det moderne samfunnet og arbeidslivet tvingar kvinner ut på ein arena dei ikkje føler seg komfortable i, blir resultatet at dei overfører verdiar frå sin heimlege sfære – med øydeleggjande resultat på sjølve samfunnsstrukturen.

Ifølgje Andrews er woke-fenomenet og kanselleringskulturen nært knytt til den store feminiseringa:

«Wokeness er ikke en ny ideologi, ikke en avlegger av marxisme eller et resultat av desillusjon etter Obama-perioden. Det er simpelthen feminine adferdsmønstre anvendt på institusjoner der kvinner frem til nylig var få i antall […]. [C]ancel culture er simpelthen det kvinner gjør når det finnes nok av dem i en gitt organisasjon eller sektor […].»

Ein ser gode døme på feminiseringa av rettsvesenet, og spesielt i den openlyse særbehandlinga av enkelte folkeslag (til dømes Hamse Ali-saka frå Bergen som eit friskt minne; han vart 5.november 2025 frikjent for falsk forklaring etter å ha dikta opp eit rasistisk overfall i Nygårdsparken i Bergen, medan han i røynda tryna på el-sparkesykkel på Vågsallmenningen.):

«Andrews er særlig bekymret for hvordan rettsvesenet vil fungere når det blir feminisert, og sammenligner lave straffer og motvilje mot utvisning med dommeres og juristers økte empati for lavt-fungerende lovbrytere fremfor deres ofre.»

Likestilling burde i prinsippet handle om at begge kjønn får like moglegheiter til å lykkast og realisere seg sjølve. I praksis har det oppstått særbehandling av kvinner på kostnad av menn. Kvinner blir kvoterte inn i yrke der dei kanskje ikkje er dei beste kandidatane. Konkurranse og meritokrati har blitt erstatta av det Andrews kallar «sosial ingeniørkunst».

I helsesektoren er riktig nok ikkje sosial ingeniørkunst grunnen til at kvinner er i overveldande fleirtal. Frå naturens side er kvinner betre omsorgspersonar enn menn. Samstundes har kvinner lite å stille opp med om til dømes ein mannleg pasient utagerer, eller om ein slagramma pleiepasient veg godt over 100 kilo og må stellast frå topp til tå. Leiarar på toppnivå i helsesektoren har erkjent at alle arbeidsplassar bør ha ein viss kjønnsbalanse, og har difor saman med den rådande makta lansert tiltak for å få fleire menn inn i helse. Prosjektet heiter bokstavleg tala «Menn i helse». Hovudstraumsmedia er flinke til å grave fram solskinshistorier om menn som har blitt vellykka kvotert inn i helsesektoren. Spørsmålet er om dei blir verande.

«Hvilken mann ønsker å arbeide i et felt der hans egenskaper ikke er velkomne?» spør Andrews. Enkelte menn vel seg vekk frå helsesektoren fordi dei til slutt får den i halsen. I deira auge blir helsesektoren om til heksesektoren. Slike historier vegrar nok hovudstraumsmedia seg for å publisere.

Joakim Andersen kjem med noko som på ingen måte overraskar:

«En dimensjon Andrews ikke tar opp direkte […], er den maskuline degenerasjonen som den store feminiseringen forutsetter. I en verden av ‘mann-tanter’ er det ikke overraskende at mannlige sfærer blir utfordret. […]

Liberalismen og borgerskapet formet generasjoner av mann-tanter, og da var det ikke rart at mange kvinner ønsket å ta over det sosiale ansvaret mennene åpenbart ikke håndterte. Her ser vi en dobbel prosess der menn feminiseres mens kvinner maskuliniseres.»

Aggressive, intimiderande kvinner og underdanige, feige menn er ikkje ein god kombinasjon. Faktisk er den katastrofal. Når sunn fornuft må vike, og kjensleutbrot formar dagsagendaen, er det på tide å trekkje i naudbremsa.

Mi konkrete erfaring med ein feminisert og dermed dysfunksjonell arbeidsplass, toppa seg under min førebels siste jobb i helsesektoren – dei korte månadene eg jobba på korttidsavdelinga på ein privat sjukeheim i Bergen. Der var det fyrst og fremst raserianfall, hersketeknikkar og innbyrdes alliansar som bestemte korleis dei særs sjuke pasientane skulle ivaretakast, ikkje sindige, saklege og faglege vurderingar gjort utifrå observasjonar og gransking av sjukehistoria og underliggjande sjukdommar. Eg var mann og helsefagarbeidar, og skulle helst halde kjeft og gjere som eg fekk beskjed om.

Dei to verste heksene, to sjukepleiarar som nærma seg pensjonsalder, valde å lyge om kompetansen min til den kvinnelege 35-årige leiaren, som i ekte kvinneleg affekt sa meg opp, med stor støtte frå den kvinnelege, 50-årige HR-leiaren, og med fullt bifall frå den kvinnelege, 50-årige hovudtillitsvalte i Fagforbundet (som ikkje var særleg interessert i å hjelpe meg fordi ho nettopp hadde byrja på ferie). Då eg skriftleg klaga på den hovudtillitsvalde til hennar overordna, den konserntillitsvalde i Fagforbundet i Bergenhus (òg ei kvinne godt opp i åra), trenerte dei saka heilt til eg i protest meldte meg ut. So fekk eg skriftleg beskjed frå ho at sidan eg hadde meldt meg ut, ville ho og teamet hennar ikkje hjelpe meg. Og dei kom ikkje til å svare på fleire e-postar frå mi side.

Vaginokratiet har plassert begge kjønn i ein ukomfortabel og til tider klein situasjon. Kvinner blir tvinga ut på arenaer dei sjeldan høyrer heime, og det same er tilfellet for menn. Enkelte kvinner burde ikkje vere i arbeid, sidan dei har meir enn nok å handtere på fritida (til dømes den særs viktige oppgåva det er å oppdra barn). Dagens samfunn har diverre utvikla seg i den retninga at det ikkje lenger er nok med éi inntekt. I tillegg gjer dei sjenerøse støtteordningane til at det for mange kvinner med barn lønner seg å kaste barnefaren ut av huset. Dei får riktig nok nokre få tusenlappar ekstra i månaden, men dei står mutters åleine i situasjonar der dei hadde tronge rasjonaliteten, sindigheita og handleevna til ein mann.

Samstundes vel stadig fleire menn å ikkje inngå forhold med kvinner i det heile teke. Dei ser ut til å klare seg langt betre enn einslege kvinner. Det er iallfall det dei påstår sjølve.

Avslutningsvis vil eg seie at med mindre ein tydeleg farsfigur trer inn i biletet og rettleiar folket, er vi som nasjon dømt til å bukke under for høgt sjukefråvær og låg fødselsrate. Då vil vi stå overfor den sikre undergang og nært føreståande befolkningsutskifting.

Kommenter innlegget