Sjå òg «Elefanten i rommet: Full sjukelønn skaper det særnorske, skyhøge sjukefråværet», publisert 10.januar 2025.
Noreg ligg på verdstoppen i sjukefråvær, høgst sannsynleg fordi vi òg har eit av verdas mest sjenerøse sjukelønnsordningar. Det ser ut til å vere typisk norsk å vere sjuk, i Brage Ulvmoen sine ord. I ein artikkel publisert i Nettavisen 4.november 2025 skriv han om tilfelle der sjukmelding var absolutt feil, og som det er vanskeleg å ikkje tolke som ein måte å flykte frå jobb og ansvar. Alt frå mishandling av utviklingshemma til solbrilletjuveri blir her trekt fram som «gyldige» sjukmeldingsgrunnar. Og samstundes risikerer reelt sjuke tilsette å bli straffa dersom arbeidsgjevar bestemmer seg for å avvise sjukmeldinga.
Sjå òg «Striden om sjukelønna: Nordmenn utnyttar systemet, men risikerer samstundes å bli straffa ved REELL sjukdom», publisert 15.desember 2024.
Klart, det finst ytterpunkt i dei fleste problemstillingar. Den norske sjukelønnsordninga er genial dersom den tilsette er reelt sjuk og treng å vere vekke frå jobb til dømes for å opererast, gjennomgå krevjande behandling og har fått ein sjukdom som treng relativt lang rekonvalesens. Men som Ulvmoen skriv, er det enkelte som aldri burde ha blitt sjukmeldt om fastlegen faktisk hadde gjort jobben.
Og her er ikkje akkurat maktpersonar på høgste hald gode rollemodellar. Som Ulvmoen skriv:
«Sykeliggjøringen av ubehag har fått drahjelp fra høyere hold. Det har etter hvert blitt mange eksempler på politikere og profilerte personer som raskt blir sykmeldt når de havner i ‘arbeidskonflikt’ – gjerne en de selv har skapt.
Et klassisk eksempel er arbeidskonflikten som sannsynligvis oppstår når du som leder for et politisk parti forsyner deg av solbriller på det stedet i Norge med flest overvåkningskameraer.»
Jørn Eggum vart sjukemeldt i mai etter at det vart avslørt at han hadde eit intimt forhold til ein tillitsvalt. Olaug Bollestad vart sjukemeldt i fjor etter å ha fått varsel mot seg av tre tilsette, der varselet dreia seg blant anna om Bollestad sin leiarstil. Dette gjer det neppe lettare for dei som verkeleg treng sjukemelding:
«Det er riktig nok vanskelig å vurdere hva en normalreaksjon på enormt nasjonalt medietrykk er, men sykemelding gir likevel uheldige signaler. Over tid fører det til strengere kontroll, økt mistillit og mer byråkrati – alt på bekostning av de som faktisk er syke.»
Sjå òg «Avvising av sjukemeldingar har auka med 46% på to år – er bøtelegging av ‘vanskelege’ arbeidsgjevarar vegen å gå?», publisert 15.mai 2025.
Når maktpersonar dummar seg ut og blir sjukemeldt for å sleppe unna «mediekøyret», har ærlege folk rett til å riste på hovudet og himle med auga. Om det derimot er snakk om ein arbeidskonflikt, er ein straks på gyngande grunn. Medan alvorlege arbeidskonfliktar utan tvil tærer på helsa og fører til angst, uvisse og søvnlause netter, gjev det ikkje alltid rett til sjukemelding, sidan Nav kan rekne arbeidskonflikt som eit sosialt problem.
Ulvmoen skriv:
«I henhold til folketrygdloven har man kun rett på sykepenger hvis man ikke klarer å arbeide på grunn av nedsatt funksjon, som klart skyldes sykdom. Manglende evne til å jobbe på grunn av sosiale forhold, for eksempel en krangel med sjefen, gir ikke rett til sykepenger.»
Om den tilsette har blitt alvorleg sjuk på grunn av arbeidskonflikt, kan det danne grunnlag for sjukemelding, men då på grunn av den faktiske sjukdommen. Då kan ein spørje seg kva som kom fyrst av høna og egget. Spesielt når det dreiar seg om «psykisk ubalanse». Vart den tilsette psykisk sjuk fordi ho var i konflikt, eller hamna ho i konflikt fordi ho var psykisk sjuk (og dermed oppførde seg kritikkverdig)?
Sjukmelding er ikkje alltid løysinga. Som regel blir det (som eg skreiv i ein tidlegare artikkel) som å pisse på seg i kulden for å halde varmen. Det kan fungere som ei akuttløysing på kort sikt, men forholda som gjorde at ein vart sjuk vil framleis vere der når (eller viss) ein vender tilbake til arbeidsplassen.
Ulvmoen skriv at det er «liten tvil om at det er mye tvilsom sykemeldingspraksis i vårt vidstrakte land». Til dømes slo ein sjukepleiar ein psykisk utviklingshemma mann i ansiktet med flat hand. Dagen etter denne valdsepisoden vart hendinga meldt til leiinga – og same dag vart sjukepleiaren sjukemeldt. Han fekk naturlegvis avskjed (jobb og inntekt opphøyrde på dagen). Som Ulvmoen småsarkastisk formulerer det:
«Jeg må innrømme at jeg, til tross for min medisinsk[e] utdanning, ikke var klar over at voldsutøvelse klassifiseres som sykdom. Kanskje er dette en ny løsning for desperate småbarnsforeldre som er tom for sykt-barn-dager? Et realt klaps på jobb, så er inntekten sikret og du får gå hjemme på ubestemt tid.»
Å gå heime på ubestemt tid er som regel utfallet når avskjed kjem inn i biletet, og då som regel utan inntekt.
Sjukmeldingar på grunn av solbrilletjuveri, upassande seksuelle forhold eller mishandling av utviklingshemma er fullstendig feil bruk av ordninga. Sjukelønnsordninga er «et sikkerhetsnett ved sykdom, ikke ved livets påkjenninger». Og arbeidskonfliktar må bli forsøkt løyste der dei oppstår: på arbeidsplassen, med dei involverte partane. Her er det fyrst og fremst HR, verneombod og tillitsvalde som bør tre inn som støttepersonar, ikkje ein overarbeidd fastlege.
Eg har sjølv høyrt frå leiarar i fullt alvor når eg har klaga på kollegaer som har oppført seg dårleg: «Eg kan ikkje kalle ho inn til samtale, for då sjukmelder ho seg berre!» Og enkelte kollegaer har faktisk ordna seg sjukmelding òg, berre for å sleppe unna kleine situasjonar med kollegaer dei har trakassert, håna og audmjuka. Enkelte eig diverre ikkje skam, og det er slike som burde bli offer for avvising av sjukmeldingar (sjølv om eit klaps på baken med flat hand gjerne hadde vore det beste for slike ufyselege fitter).
Visse ordningar er til for å brukast, ikkje misbrukast. Om mange nok utnyttar ordninga, er det ikkje utenkjeleg at den ein dag plutseleg forsvinn.
