Når psykisk utviklingshemma bruker vald mot tilsette – kva gjer ein i slike situasjonar?

Frode Solberg, assisterande direktør og sjefadvokat for Den norske legeforening, fekk ein artikkel publisert i Dagens medisin 13.november 2025 der han tek opp ein fersk dom frå Høgsterett: ein sjukepleiar fekk avskjed for å bruke vald mot ein lettare psykisk utviklingshemma mann. Brukaren var misfornøgd med middagen, og situasjonen eskalerte raskt. Dei juridiske aspekta er for meg av mindre interesse. Det som andre som jobbar med utviklingshemma (og andre med kognitiv svikt) bør vete er: kva bør helsepersonell gjere i situasjonar der brukarane blir valdelege?

Eg jobba sjølv 11 år med psykisk utviklingshemma av alle grader og funksjonsnivå, og valdsbruk frå deira side var ein reell risiko som vi rutinemessig vart kursa om. Hovudregelen er at ein skal trekkje seg ut av situasjonar der ein brukar utagerer, ein skal ikkje «ta igjen» eller forsøke å gå inn i ein diskusjon. Det er bortkasta tid og krefter, for ein kan ikkje snakke fornuft med rasande menneske (spesielt ikkje menneske som har reduserte kognitive evner frå før av).

Valdsepisoden som gjorde nemnde sjukepleiar til gjenstand for lovas strengaste sanksjon i eit arbeidsforhold, avskjed, var følgjande (henta frå Dagens medisin-artikkelen):

«Saken gjaldt en sykepleier som arbeidet i en kommunal omsorgsbolig hos en lettere psykisk utviklingshemmet bruker. Av Høyesterettsdommen framgår det at en annen ansatt serverte en middagsrett som brukeren ikke var fornøyd med. Brukeren kastet matfatet i veggen, og ble bedt om å rydde opp etter seg, men etter at opprydningen var delvis gjennomført utagerte brukeren på nytt og kastet igjen maten på veggen.

Brukeren tok så en kost for å slå sykepleieren, som måtte ta tak rundt skuldrene hennes og føre henne ned i en sofastol. Sykepleieren holdt armene til brukeren, slik at hun ikke skulle klare å slå. Brukeren spyttet da på sykepleieren, som responderte med å slå brukeren en gang på kinnet med flat hånd.»

I etterpåklokskapens namn burde sjukepleiaren ha trekt seg ut av situasjonen so fort maten vart kasta i veggen. Eg var sjølv borti mange liknande situasjonar, og trekte meg ut av rommet. Etter ei stund hadde som regel brukaren roa seg ned, og vi kunne ta ein prat om kva som eigentleg skjedde, og kva brukaren reagerte sånn på. Det viste seg å vere bagatellar, som gjerne var strået som knekte kamelens rygg etter ein for dei lang og slitsam dag. Eg merka sjølv at det var sesong- og vêrbestemt når bebuarane «klikka», gjerne i verste sommarvarmen, eller om vinteren, når alt er kaldt, mørkt og kjipt.

Tilsette har lov til å forsvare seg om ein brukar går til fysisk åtak på ein, til dømes ved å dytte vedkomande unna so den tilsette får tid til å trekkje seg unna. Dette er naudverje, gjort for å beskytte seg sjølv og potensielle andre brukarar i nærleiken.

Eg var sjølv borti ein situasjon som 24-åring i bufellesskap, der ein bebuar terga ein annan bebuar til den andre bebuaren gjekk til åtak i blindt raseri. Eg stod tilfeldigvis i «skotlinja» mellom dei to og ein tredje bebuar, og dytta bebuaren vekk slik at han fall i bakken. Deretter fekk eg med meg dei to andre bebuarane inn på personalrommet og låste døra. Den tredje bebuaren, ei kvinne, tissa på seg av redsel. Ein kollega av meg hadde sett hendinga, og «barrikadert seg» inne i ei anna brukarleilegheit, der ho ringde politiet. Innan få minutt hadde den utagerande bebuaren roa seg ned, og eg stelte såra han fekk på olbogen då han datt i bakken. To strenge politimenn kom og tok seg ein prat med han, og den dåverande sjefen vår stakk innom bufellesskapet for å høyre om det gjekk bra med oss tilsette. Det skal her påpeikast at dette fann stad på ei dagvakt på ein laurdag – midt i juli månad. Ingen vart politimelde, og ingen tilsette fekk avskjed. Vi handterte situasjonen slik vi skulle. Sjefen hjelpte oss med å skrive skademelding, og saka vart rekna som avslutta.

Same kveld fortalde eg min dåverande kjærast om episoden. Ho jobba i eit anna bufellesskap i kommunen, og kunne sjølv fortelje at ein kollega av ho nesten vart drepen då ein bebuar fyrst dytta ho i bakken, for so å plukke opp ei tung blomsterkrukke og kaste i bakken der kollegaen låg og vrei seg i smerte (krukka trefte bakken berre nokre centimeter frå hovudet til vedkomande). Hendinga vart politimeldt, men saka vart henlagt – bebuaren var for utviklingshemma til å skjøne kva han/ho hadde gjort gale. Grunnen til eskaleringa og valdsbruken var ukjent, men ifølgje kjærasten hadde bebuarane i bufellesskapet «tunge autisme- og psykiatridiagnosar».

Ein annan og langt alvorlegare episode skjedde då eg jobba mi fyrste – og einaste – nattevakt i eit tredje bufellesskap. Eg var då 26-27 og hadde enno ikkje teke fagbrev som helsefagarbeidar. Eg jobba med ein mannleg kollega som var vernepleiarstudent. Ein bebuar som var kjent for å vere hard på flaska hadde gått inn til ein kvinneleg bebuar som ikkje hadde evne til å setje grenser. Dei to hadde jamleg sex – og tek ein hennar kognitive nivå til etterretning, var dette i prinsippet valdtekt. Dette var ei kjent problemstilling i personalgruppa.

Vi to såg den lettare utviklingshemma mannen gå synleg brisen inn til den moderat utviklingshemma dama, og vernepleiarstudenten bestemte at vi skulle gripe inn. Då vi kom inn på soverommet, sat den kvinnelege bebuaren naken på sengekanten og skreva, medan den mannlege hadde opna buksesmekken. Han vart nærast rabiat og stod og skreik ut drapstrugslar i fylla. Situasjonen eskalerte endå meir då han raste inn i si eiga leilegheit og kom tilbake med 10-kilos vektmanualar som han heiv mot oss. Hadde ei av vektene treft hovuda våre, hadde vi døydd momentant. Vi to stod ute i verste novemberkulden i over ein time og greidde til slutt å snakke han til fornuft – og han gjekk til fysisk åtak på oss tallause gonger. Alle gongene heldt vi hendene hans slik at han ikkje kunne slå oss. Politiet vart aldri involvert, vi skreiv skademelding morgonen etter – og eg sette aldri mine bein i det bufellesskapet igjen.

Klart, når ein plutseleg står i slike valdssituasjonar, er det langt frå alltid at ein reagerer slik ein «skal». Sjukepleiaren agerte sannsynlegvis i affekt og miste mellombels si sjukepleiefaglege vurderingsevne. Det blir alltid lett for tredjepartar å konkludere at vedkomande hadde reagert «feil», og dermed burde få avskjed og helst misse autorisasjonen. Folk kan få panikk og hamne i «kjemp eller flykt»-modus. Då gløymer dei ting dei har brukt fire-fem år av livet sitt på å lære rundt om på ymse høgskular. Ei flat hand mot kinnet gjekk heilt opp til Høgsterett, og nemnde sjukepleiar har fått livet og karrieren øydelagt.

Problemstillinga er liknande rundt om på sjukeheimar, der personar har reduserte kognitive evner ikkje på grunn av utviklingshemming, men på grunn av demenssjukdom. Her er hovudregelen den same: tilsette som møter valdsbruk skal trekkje seg unna. Og om det ikkje lèt seg gjere, kan dei bruke naudverje. Det er her eit udiskutabelt leiaransvar å kurse tilsette i korrekt bruk av sjølvforsvar i slike situasjonar. Om alle i personalgruppa faktisk forstår det, blir eit heilt anna, meir fargerikt spørsmål.

Om lesarane har liknande historier om valdsbruk blant målgruppene de jobbar med, er de velkomne til å dele historiene dykkar i kommentarfeltet.

2 comments

  1. Det er en skandale at vi som ønsker trå til å gjøre en jobb de færreste ønsker, som lærere og helsepersonell, som det du beskriver, skal miste jobben. For en tid tilbake ble en ung kvinne drept på en barneverns institusjon i Asker, av en ungdom med manglende intellektuelle evner. Og det er vel ikke det eneste eksemplet på overgrep med døden til følge de siste årene. Vi fikk stengt dette vi kalte galehus for x antall tiår siden. Nå kunne man i prinsippet vente seg hva som helst. Og hva som helst skjer jo i samfunnet. At dette skal feies under teppet er en stor skam. Men det som er en enda større skam er at disse som man kaller psykisk utviklingshemmede skal få styre samfunnet. Alt fra overgrep midt på lyse dagen, der 80 år gamle kvinner blir voldtatt. Til ungdom overfalt på gata i Oslo og andre byer, og truet med våpen hvis de ikke gir fra seg kontokort og dyre jakker. Det er i alle fall ikke norsk ungdom som driver med denne form for krig. Jeg tror ikke det bør være noen tvil om at disse s k psykisk utviklingshemmede både bør og skal undergå en form for lobotomering, eks vis daglige doser med medisiner som gjør dem passive. Om de har livets rett så må vi som ønsker bidra til at de får ha det, være trygge på at vi ikke setter livet på spill. Unger som har fått diagnosen ADHD, er eksempler fra skolen ble medisinert. Hva gjelder denne diagnosen skal jeg la ligge. Tidligere var dette ikke uvanlig. Erfaring med denne medisinen har jeg selv som lærer i skolen. Denne utagerende ungen satt på sin plass i klasserommet fra skoledagen startet til den sluttet. Snill som et lam. Var dette galt? Lærte han noe? Nja. Enten må vi åpne galehusene, eller så må disse låses inne, bokstavelig talt. Det er vel en grunn til at man fant opp zoologiske hager. Det er ikke kun løver og tigere som låses inn i bur, men har du vært i en sånn hage har du kanskje observert apene? En interessant studie.

    Likar

  2. Refererer til anekdoten om den voldelige beboeren i bofellesskapet. Jeg vet hvem det er snakk om, og kan bekrefte at gjeldende beboer er godt kjent i lokalmiljøet her i Åsane. Det hører med til historien at vedkommede ble kastet ut av et borettslag etter at han sperret et lite barn inne i et klesskap i sin egen leilighet. Barnet ble alvorlig traumatisert, men mannen ble ikke straffet fordi han er såkalt utviklingshemmet. Han er et kjent syn på Åsane senter, ofte i beruset tilstand, ofte i klammeri med vektere og antaster ungjenter osv. Mannen er en pest og en plage – hvorfor griper ingen inn?

    Likar

Kommenter innlegget