Systemet krev at DU skal ofre deg, men gjev ingenting tilbake

YouTube-kanalen Tidens Tann la nyleg ut ein samtale mellom mannen bak kanalen, Kristoffer Høisæther, og hans faste gjest Øystein Tranås Kristiansen, der dei mellom anna snakkar om krigsveteranar som på slutten av eit langt liv har byrja å fortelje sanninga om kva som skjedde under Andre verdskrig. For dei som er interesserte i å grave i dette særs kontroversielle emnet, er David Irving ein god stad å byrje.

Det som derimot Saksyndig beit seg i merke, er at ein av veteranane, ein brite, stilte spørsmålsteikn ved om hans innsats under krigen var verdt det, når ein ser stoda i dagens Storbritannia. Dette skapte nærast hakeslepp hjå dei som intervjua han. Det same spørsmålet kan ein stille om dagens Noreg. Er Noreg, slik det har utvikla seg etter fleire tiår med politisk vanstyre, eigentleg verdt å forsvare lenger? Og kva får vi eigentleg igjen for det?

5.april 2025 vart det publisert ein artikkel av Johan Slåttavik på nettstaden Akroma. Artikkelen tek opp nettopp dette temaet: Noreg som vi over ein viss alder voks opp i, finst ikkje lenger. Som Slåttavik skriv innleiingsvis i denne glimrande teksten:

«Mediene snakker stadig oftere om samhold, beredskap og det store ‘vi’. Men det finnes ikke noe ekte ‘vi’ – bare et system som krever din lojalitet uten å gi deg noe tilbake.»

Han stiller med rette spørsmålet om kven dette «vi» eigentleg er. Eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri har godkjent all galskapen som går føre seg i dagens Noreg, alt frå woke til klimagalskap til sending av hundretals av milliardar til utlandet i «bistand». Dette «vi-et» er ein illusjon, og våre landssvikar-politikarar som snakkar om dette «vi-et» snakkar ikkje om kva folket vil, men kva dei sjølve vil. Som Slåttavik skriv vidare:

«Det Norge vi vokste opp med, finnes ikke lenger. Det er byttet ut med et splittet og kunstig samfunn, der alt som en gang holdt oss sammen, er blitt revet ned. Tro, tradisjoner, grenser, moral og felles kultur er byttet ut med identitetspolitikk, forvirring og ideologisk overstyring. Og nå, etter at de har brukt år på å rive ned tilliten og fellesskapet, ber de oss stille opp og forsvare det?»

Kva er det som er verdt å forsvare?

«En stat som snur opp-ned på virkeligheten og lærer barn at kjønn er flytende? Et samfunn som slipper inn vold, kaos og kriminalitet – og angriper dem som sier ifra? En elite som kaller det ‘hat’ å ville beskytte det som er normalt og godt? Er det dette de mener vi skal ofre oss for?»

Eit slikt samfunn meiner Slåttavik ikkje er verdt og kjempe for, og eg seier meg hjartans einig i dette. Den rådande makta har over tid øydelagt det Noreg som ein gong i tida utmerka seg – no har landet blitt ein stad mange ikkje lenger kjenner seg igjen i. Velferdssystemet er i ferd med å kollapse på grunn av masseinnvandring av individ som ikkje ønskjer å late seg integrere, verken i samfunnet eller i arbeidslivet. Det eksisterer i praksis ytringsforbod; ein har på papiret ytringsfridom, men ikkje fridom frå konsekvensane av å ytre seg. Regimet viste sitt sanne ansikt under «pandemien», men ikkje ein einaste av dei ansvarlege har blitt straffa for det. Dei som taler den metaforiske paven imot, kan risikere å bli straffeforfølgt eller innlagt på psykiatrisk sjukehus.

Dei meiner vi skal stille opp og forsvare når det passar dei. Forsvare kva? «Mangfaldet» med sine tjuvar, mordarar og valdtektsmenn? Nedlegging av livsviktige samfunnstenester i distrikta? Nedbemanning av helsesektoren til ei slik grad at liv og helse er i fare? Ei uvørden kvotering av kvinner inn i maktposisjonar dei ikkje er skikka til å halde? Smøring av korrupte statsleiarar og det krigsindustrielle komplekset? Pride og flytande kjønnsidentitet, som prøver å normalisere avvik av alle former og alvorlegheitsgrader, inkludert seksualisering av barn, og utfrysing og politimelding av dei som påpeiker det biologiske faktum at der berre finst to kjønn?

Det er ikkje landet vårt dei vil at vi skal forsvare. Det er sjølve systemet som dei sjølve er ein del av, og som dei sjølve har vore med på å byggje opp:

«De snakker om fellesskap, men de mener lydighet. De snakker om beredskap, men de mener underkastelse.

Jeg skylder dem ingenting. Det gjør mest trolig ikke du heller – egentlig.

Når systemet kollapser, får det stå alene. Jeg har ingen plikt til å redde det – og ingen lojalitet til dem som har brukt makta si til å forakte og ødelegge det som en gang var verdt å forsvare.»

Dei som er personleg ansvarlege for det uføret Noreg og dei fleste andre vestlege land har hamna i, vil at du skal forsvare dei når krisa uunngåeleg oppstår. Eliten sjølve sit trygt i sine slott eller underjordiske bunkerar, som Einar Lysjord antydar i ein artikkel publisert på ForbudtKunnskap 14.november 2025. Som han skriv so treffande:

«De som sitter øverst kjenner systemets svakheter bedre enn noen. De ser hvor ujevnt ressursene er fordelt, hvor sårbare økonomiske modeller er, og hvor mange som allerede kjenner presset i hverdagen.

Og de vet at misnøye aldri forsvinner. Den samler seg, stille og lenge, til den en dag begynner å peke i en bestemt retning.

Derfor bygges bunkerne ikke bare som vern mot kriser, men som en slags forsikring mot et mulig opprør. Et vern mot reaksjonen på alt som har hopet seg opp – et vern mot folket selv, om noe en dag brister.»

For å gå tilbake til Slåttavik-artikkelen, so skuldar vi dagens system absolutt ingenting. Dei prøver etter mitt syn å øydeleggje oss med utmattingstaktikk (stadige kriser, verkelege og innbilte), eit uforsvarleg høgt prisnivå (straum, mat, bustader, drivstoff med meir), eit dysfunksjonelt hjelpeapparat som ofte gjer meir vondt enn godt (Nav), eit rettsvesen som openlyst forskjellsbehandlar folk (Hamse Ali-saka som eit ferskt døme), og bevisst villeiing av folket gjennom det medie-industrielle komplekset (falske nyheiter, splitt og hersk, sensur, kontrollert opposisjon). Lista er lang som eit vondt år, men moralen i alt dette er klinkande klar: Staten er ikkje din venn, og det er beint fram livsfarleg å stole på den.

Som Slåttavik skriv avslutningsvis:

«Når slike strukturer kaller på deg og ber om lojalitet, bør svaret være et stille, men urokkelig nei. Ikke i hat. Ikke i sinne. Men i klarsyn. Det er ikke et fellesskap du vender ryggen. Det er en illusjon du gjennomskuer.

Og det er noe frigjørende i å innse at du ikke lenger trenger å late som. Du trenger ikke være med. Du trenger ikke applaudere. Du trenger ikke gå i takt. Du kan rett og slett gå din egen vei – og la dem få sitt ‘vi’ i fred.»

Kommenter innlegget