Strøtankar om overdødelegheita i Noreg

Saksyndig-redaktøren har i likskap med andre aktørar innan alternative og uavhengige media lagt merke til at det døyr fleire folk enn normalt, og at dette har gått føre seg sidan 2021, i kjølvatnet av den uvørdne massevaksineringa med covid-19-«injeksjonane». Årsaksforholdet er klokkeklart, men ingen aktørar i maktposisjonar eller i hovudstraumsmedia vil peike på denne elefanten i rommet. Då står lønna i fare, sidan deira eigentlege arbeidsgjevar vil karakterisere dette som «grovt pliktbrot».

Korleis stoda er i den offentlege debatten, fekk vi sjå nyleg, der Fredrik Solvang og hans stab i «Debatten» ikkje ville late Susanne Heart kome til orde om denne «uforklarlege» overdødelegheita. Interesserte lesarar kan lett finne artiklar om saka hjå dei alternative medieaktørane Steigan, Derimot og iNyheter. Enkelte ting skal ikkje snakkast om, for det skader interessene til den rådande makta.

Enkelte andre ting skal tydelegvis heller ikkje snakkast om, under påskot av «teieplikt». Eg nemner her Shada-saka som eit sentralt døme. iNyheter har identiteten til legen som skreiv under på den påstått forfalska dødsattesten, men Stavanger kommune vil verken bekrefte eller avkrefte identiteten til denne legen, sidan det ifølgje dei er brot på teieplikta. Den saka kunne vel knapt ha vore betre kjent innan alternative media, og har gått «viralt» den siste tida. Kva er det dei ønskjer å skjule?

Min tidlegare arbeidsgjevar Bergen kommune har heilt klart òg ting dei ønskjer å skjule. Det er ting som har skjedd der som ikkje toler dagslys eller innsyn frå «uvedkomande». Her gjeld tydelegvis òg anonymiserte anekdotar utan identifiserande opplysningar, ifølgje logikken til kommunejuristane. Problemet er at dagens rettssystem, i likskap med hovudstraumsmedia, har gjeve seg sjølv eit nærast guddomleg mandat til å forme røyndommen. Det dei seier er sant, sjølv om all objektiv evidens viser det motsette. Uhyrleg urett blir drukna i språklege verkemiddel.

Det Stavanger, Bergen og andre kommunar i Noreg har til felles, er at dei har blod på hendene. Rettare sagt blod på sprøytene. Helsepersonell som injiserte store delar av befolkninga med mRNA-gifta er medskuldige i drap. Ein kan gjerne drepe bodbringaren, noko mange har rotta seg saman for å gjere, men bodskapen står igjen likevel. Når sanninga fyrst er komen ut, byrjar den rådande makta å sveitte – for då er spelet deira avslørt.

Med denne relativt korte artikkelen ønskjer Saksyndig lesarane ei god helg.

Kommenter innlegget