Bustadkompleks brann ned: Burde forkjøpsretten avskaffast?

Natt til tysdag 18.november 2025 tok eritreiske Negasi Haile Habtezgi (40) seg med øks inn i ei leilegheit i eit bustadkompleks på Fauske og tende på. Han vart etter hendinga pågripen og varetektsfengsla i to veker etter straffelovas paragraf 355 (forsøk på mordbrann). Bakgrunnen skal ha vore kontrovers tilknytt kjøp av ei leilegheit. Han hadde eigentleg fått leilegheita, men nokon andre «knabba» den ved å bruke forkjøpsrett. Dette fall ikkje i god jord hjå eritrearen, som openbert ikkje skjøner dette særnorske og temmeleg urettferdige konseptet.

Rabulisten skriv 22.november 2025:

«En dramatisk brann i et boligkompleks i Marmorveien natt til tirsdag endte med at Habtezgi ble pågrepet kort tid etter hendelsen. Onsdag ble han varetektsfengslet i to uker, siktet etter straffelovens paragraf 355 for forsøk på mordbrann. Ifølge Avisa Nordland skal huset ha blitt påtent etter at han mistet leiligheten han trodde han hadde kjøpt på forkjøpsrett.

Brannen rammet et bygg med åtte boenheter, fire oppe og fire nede. Leiligheten ble lagt ut for salg i juli med takst på 1,69 millioner kroner og ble solgt 4. november, 270 000 kroner under takst. Det var kun ett bud og det kom fra Habtezgi. Etter budrunden ble leiligheten lagt ut med forkjøpsrett for NOBL medlemmer, og en kvinne med god ansiennitet benyttet denne muligheten og fikk tilslaget 17. november.

Ifølge selgeren skal dette ha opprørt Habtezgi betydelig.»

Seljaren forklarte han korleis forkjøpsrett fungerte, og vedkomande tolka det som om mannen hadde forstått poenget. Kanskje forstod han det utmerka.

Hendinga har naturleg nok vekt sjokk og vantru i nabolaget, og ingen har nokosinne høyrt at nokon har «hemna seg» på denne måten etter å ha fått ei leilegheit stolen frå seg etter å ha vunne budrunden ærleg og reieleg. Til alt hell vart ingen av bebuarane skadde, og vart kort etter innlosjert på hotell.

Få dagar etter denne dramatiske hendinga, stod det same bustadkomplekset atter ein gong i brann. Som Rabulisten skriv i ein separat artikkel:

«To branner i samme boligkompleks på Fauske på under én uke har lagt åtte leiligheter i ruiner, sendt beboere på flukt og etterlatt flere familier med kun klærne de sto og gikk i, mens politiet fortsatt står uten svar og lokalsamfunnet forsøker å forstå hvordan dette kunne skje.

Fauske har opplevd en dramatisk uke, to branner i samme boligkompleks i Marmorveien har lagt i alt åtte leiligheter i ruiner, og flere mennesker står nå helt uten hjem. Politiet undersøker begge hendelsene, og uttaler at det foreløpig er for tidlig å si om det er sammenheng mellom dem.»

Det var denne gongen bygningen som stod vegg i vegg med den fyrste bygningen som brann. Det skal jo godt gjerast å brenne ned same bygningen to gonger. Òg denne gongen kom alle seg unna uskadde.

Politiet har førebels ingen hypotese om kvifor to brannar har skjedd i same bygg. Her blir det dermed opp til lokalsamfunnet å fylle hòla med sine eigne teoriar. Dette kan vere alt frå forsikringssvindel til ein slektning av eritrearen som ville avslutte jobben den arresterte hadde byrja på.

Hadde ikkje forkjøpsretten eksistert i den norske bustadmarknaden, hadde ingen av dei to brannane sannsynegvis skjedd. Kanskje er dette gammaldagse, ekskluderande og grovt urettferdige konseptet mogent for skraphaugen? I praksis blir det bortimot umogleg for folk utanifrå å kjøpe seg leilegheiter i relativt «fine» burettslag. Det er ikkje alle som har foreldre som kjøpte medlemsskap i OBOS til dei medan dei framleis låg i mors liv.

Reaksjonen til eritrearen var drastisk, men diverre venta. Om dette vil skje igjen, vil berre tida vise. Om dette dannar eit mønster til etterfølging frå dei i same situasjon, vil vi nok oppleve fleire sjokkerte og vantru besteborgarar på gata i stillongs i verste vinterkulden.

Eit lite tips til dei som er på utkik etter bustad, vil vere å aldri by på andelsleilegheiter i burettslag. Sjølveigarleilegheiter i sameige har som regel ikkje forkjøpsrett. Om ein er i tvil, kan ein spørje meklaren før ein vurderer å by på leilegheiter. Det er med bustader som med jobb: ein bør ikkje investere for mykje i ei stilling eller ei adresse før kontrakten er underskriven og «forholdet» er eit faktum.

Kommenter innlegget