Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
Det er ein doven og vindfull ettermiddag på utestaden Folk & Røvere i koselege Skostredet i tjukkaste Bergen sentrum. Ute kjem det ei og anna styrtbyge som får folk til å grøsse og hutre seg på si ferd gjennom gata. Vakre byjenter i mørkegrøne regnponchoar kvepp herleg der regnet brått byrjar å falle, og vindkasta får hår, klede og paraplyar til å virvle. To av desse byjentene (og deira mørkegrøne, glinsande regnponchoar) tek turen innom utestaden, der gammal David Bowie som vanleg dunkar ømt og kjærleg i veggane.
Midt i lokalet sit ei blondine i 30-åra og snorksøv med gapande kjeft. Det er knapt eit menneske her, noko som er særs utypisk for Folk & Røvere. Dei to går bort til blondina med morske, søte jenteansikt. Den sovande dama er kledd i ein svart kjole som openberrar skuldrene, halve ryggen og den djupe kløfta. Fleire sølvsmykke med ymse okkulte og sataniske symbol glitrar mot den likbleike huda.
«Hei, frøken,» seier den eine jenta og pikkar lett i den nakne skuldra. «Frøken!»
Blondina vaknar med eit rykk og ser på dei to unge jenteansikta.
«Vi kjem frå Kontor for skjenkjesaker,» seier den andre jenta. «Det er svært kritikkverdig at du sit her og søv på ein utestad.»
«Ja, og spesielt skjerpande er det at du faktisk jobbar her,» seier den andre.
«Oi, sorry, eg måtte berre kvile auga litt,» svarer blondina og reiser seg frå stolen. «Ikkje akkurat so mange kundar her at det gjer noko.»
Dei to kommunejentene ser seg rundt. Det er to kundar i heile lokalet, og dei er godt vaksne menn som sit med sorgtunge auge og drikk sine altfor dyre halvliterar. Ein skulle tru dei deltok i ei gravferd – si eiga.
«Er dagleg leiar til stade?» spør den fyrste jenta.
«Nei, han er på legevakta,» svarer blondina med eit skuldertrekk.
«Seriøst?» spør den andre jenta. «Er han sjuk?»
«Han ramla over eit bord og kutta seg i tinningen,» svarer blondina. Dei to jentene krympar seg. «Det gjekk litt hardt føre seg i går.»
«Hardt føre seg?» spør den fyrste jenta.
«Han og alle vi tilsette gjekk på brakfylla.» Blondina flirer dovent. «Han var litt… redusert i dag, kan vi seie. Balansen var ikkje heilt på plass.»
«Gjekk de på brakfylla i går?» spør den andre jenta. «Det er jo tysdag i dag. Kvifor drakk de so veldig på ein heilt vanleg måndag?»
«Ein treng vel ingen formell grunn til å drikke seg dritings. Vi er litt drikkfeldige av oss. Det er difor vi jobbar på ein utestad og ikkje, til dømes, i eit gravferdsbyrå.» Blondina ser at den eine jenta tek opp ein perm. «Okei…? Kva skjer no? Vi får vel ikkje ein kommuneprikk?»
«Vi tek berre og noterer at dagleg leiar ikkje er til stade,» seier den fyrste jenta. «Fordi han ramla over eit bord i bakfylla og er på legevakta as we speak.»
«Det er vel ikkje brot på skjenkjereglementet å vere på legevakta?» spør blondina.
«Kanskje, kanskje ikkje,» svarer den andre jenta. «Faktisk er skjenkjereglementet so innvikla at til og med ikkje vi skjøner det. Til dømes…» Ho vender blikket mot eit måleri av ei dame som held ei flaske cola. «…hadde ho halde ei flaske øl, hadde det vore brot på alkoholreklameforbodet, og vi måtte ha gjeve dykk ein prikk, og pålagt dykk å fjerne måleriet. Men sidan det er cola, lèt vi biletet hengje. Inntil vidare. Vi finn alltids noko å ta dykk på til slutt.»
«Ja, vi gjev oss aldri,» seier den fyrste jenta. «Og de blir aldri kvitt oss.»
Blondina mønstrar dei to frå topp til tå.
«Hender det at de føler ein viss fryd når de leikar naziar på denne måten overfor hardtarbeidande utelivsaktørar?» spør ho med eit småfrekt smil.
Dei to jentene ser på ho lenge medan auga blir glasaktige. Brystvortene blir synlege på dei glinsande regnponchoane på begge to. So nikkar den eine med eit søtt, lite smil.
«Det er difor vi har denne jobben…!» svarer ho stille med glødande auge. «Vi elskar å plage folk…!»
«Ja, eg ville eigentleg bli parkeringsvakt, men strauk på psykopattesten…!» svarer den andre jenta.
Brått får eit kraftig vindkast eit av borda utanfor utestaden til å velte og ramle ut i gata med eit høgt smell som får vakre regnponcho-byjenter til å kveppe herleg. Ein ung mann som fer i ein fæla fart på det bergensarane kallar løperhjul ramlar over bordet og dett særs stygt i asfalten. Blondina og dei to kontrollørjentene spring ut i gata. Han ligg der forfjamsa og held seg til den blodige nasen og munnen.
«Gjekk det bra med deg?» spør blondina. «Må vi ringje ambulanse – igjen?»
«Faen, kva gjer eit bord midt i gata?» spør mannen medan han sprett opp på beina. Han kjenner på tennene sine. «Mogleg eg må ordne meg hastetime hjå tannlegen min. Dumt eg ikkje er neger, då kunne eg ha dikta opp eit rasistisk overfall og fått både Spleis og fakkeltog.»
«Vinden velta bordet og forårsaka personskade…!» svarer den eine kontrollørjenta medan ho noterer på skjemaet sitt.
«Får vi prikk for eit bord?» spør blondina.
«Bord og liknande lausøyre skal vere sikra når det er ekstremvêr…!» seier jenta med eit søtt, lite smil. «I tillegg har ein mann blitt alvorleg skadd…!»
«Alvorleg og alvorleg, eg fekk meg ein nasestyvar,» svarer mannen. Han vender seg mot blondina. «Eg blør som ein halal-slakta sau. Kan eg låne litt papir, frøken?»
«Hm, berre viss du kjøper noko,» svarer blondina og vrir lett på seg. «Dagleg leiar (han som er på legevakta no) er svært streng på slikt. Vi kan ikkje dele ut gratis papir til gud og kvarmann. Vi har jo eit føretak å drive.»
Mannen berre ristar på hovudet, før han klyv opp på «løparhjulet» og fer vidare oppover gata.
«Vi noterer oss at ein tilsett nektar å hjelpe ein skadd mann i gata…!» svarer den eine jenta og noterer ivrig på skjemaet.
«Ja, dette ser ikkje bra ut for Folk & Røvere…!» svarer den andre.
«Eg trur de faktisk nyt å plage folk på denne måten!» seier blondina.
«Der har du heilt rett, blondie…!» svarer den fyrste jenta. «Vi elskar det…!»
Blondina trakterer det svære bordet bort til vindauget. Diverre snublar ho i den skeive gatekanten og ramlar over bordet med eit hyl. Ho dett i bakken og trillar som ein ball ut i gata. Dei to kommunejentene noterer vidare på skjemaet medan ansikta får ein stadig meir raudleg farge.
«Dette er brot på elementær HMS…!» seier den eine jenta med ei lett dirring i stemma. «Kanskje vi til og med lyt skrive avvik og sende til Arbeidstilsynet…!»
«Hihi, kan vi faktisk gjere det?» spør den andre jenta opprømt. Den fyrste jenta trekkjer på skuldrene.
«Kanskje, kanskje ikkje…! Reglane er jo so innvikla at ingen skjøner dei, sjølv ikkje dei som har laga dei…!»
Blondina kjempar seg opp på beina og held seg til hovudet. Ho blør frå eit lite kutt i panna og ser skrekkslegen på alt blodet.
«Hjelp, eg må på legevakta!» utbryt ho.
«Då lyt vi stengje utestaden…!» svarer den fyrste jenta. «Det er jo berre du som jobbar her i dag…! Kan ikkje ha utestad utan tilsette, veit du…!»
«Nei, det gåkke det…!» svarer den andre jenta.
«Då får eg halde fortet til dagleg leiar kjem tilbake,» svarer blondina resolutt. «Og de… Kor mange prikkar kom vi fram til? Snakkar vi tap av skjenkjeløyva i to veker, no midt i julebordsesongen?»
«Prikkar? Ingen…!» svarer den fyrste jenta. «Vi berre køddar litt med deg – fordi vi kan…!»
«Jaaa, vi kjem jo frå det mektige Kontor for skjenkjesaker…!» svarer den andre jenta, temmeleg tung i pusten. Ho strekkjer sakte på seg. «Lat oss vandre vidare…!»
«Ja, eg byrjar å bli ganske klam…!» flirer den fyrste jenta. «Klam og våt…!»
«Vi stikk bort til han litt nervøse fyren på nabopuben og plagar han litt…!» Ho dultar ertent borti kollegaen. «Du ser jo ut som det skal gå for deg kvar augneblink…! Lat oss sjå om eg greier å pirre deg over kanten…!»
«Faaaen, er eg ikkje kåt nok allereie?» stønnar jenta flirande.
Dei to kommunale gratispene trippar oppover gata. Blondina kavar seg inn i lokalet. Ho har akkurat installert seg bak disken, då eit vindkast får nok eit bord til å blåse ut i gata, der det rullar mot næraste torg.
«Akk, for eit ekstremvêr!» utbryt ho til dei to dystre herrane, som no har drukke opp halvliterane sine. «Vil de ha ein ekstremøl til?»
Begge mennene ristar på hovudet, før dei med halane mellom beina luntar ut av lokalet. Blondina lener seg mot veggen – ho må berre lukke auga litt til. Det vart so grådig seint i går. Snart står ho og søv medan gammal David Bowie dunkar ømt og kjærleg i veggane.
